Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (360)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Hatlesetnipa
- Dato:
- 04.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,6km
Målet var Fløgjen, og dagsturhytte nr. 2 i dag. Og elles nr. 23/26 i Sogn og Fjordane. Besøk til dagstur-hytter, er ei fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane. Samstundes får ein rekognosert og plukka nokre toppar. Denne gongen på sti til Fløgjen, og vidare til nærast raude topp, Hatlesetnipa. Her kan ein også gå over fjellet frå austsida. Vi var heldig ved at det var sikt frå toppen. Det var tåke der då vi kom opp til dagsturhytta. Vi var heldige som ikkje fekk regn. Fin utsikt, men for lite klårt til å få sikt i fullt panorama. Fint med grøne marker inntil Norddalsfjorden.
Steinkrossen
- Dato:
- 04.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:17t
- Distanse:
- 5,9km
Finfin tur i Naustdal frå garden Kringla. Bratt opp frå fint gardstun. Sti lagt i utkant, med eit kort steinsett parti. Etter en halvtime kom vi til Kringlestølen. Fint her, og terrenget flata ut. Videre på god sti i fint landskap, kort opp til Mallasvikstølen. Veldig fint haldne bygningar på stølane. Etter eit stidele, passerte vi eit idyllisk vatn, Kringlevatnet. Vidare oppover, og etter vel ein time var vi ved Dagsturhytta. Vi tykte begge at det var så fint terreng å gå tur i. Nokre lettere parti innimellom. Veldig fin og variert natur. Storslått mot Blæggja på returen, då skylaget hadde slept fjellet. Storehesten derimot, såg vi ikke i dag. Eg svippa oppom varden Steinkrossen, ein topp med grøn nål. Sol innimellom på fyrste turen i dag. NB, spor kun ned, men korrigert >>>
Krakhellenipa
- Dato:
- 28.05.2022
- Turtype:
- Alpintur
- Distanse:
- 11,8km
Fin tur i Solund. Plan var Dagsturhytta, men den laut vente til neste dag. Krakhellenipa med god primer-faktor freista fyrst. Turen vart lenger enn planlagt, grunna litt svak førebuing. Angreip fjellet visuelt ut frå kart-kvotar etter minnet, og etter dei visuelt nærast loddrette flellveggane oppover i mot. Då blei det inn dalen, og opp på fjellet, der det såg farbart ut. Det fungerte greitt det. Like under Mednipa, nådde vi vardar. Der såg vi ruta nedatt, som vart nytta. Men fyrst over fjellet etter solide vardar. Og det var naudsynt i dag, for skodda var tett bortetter oppå fjellet. Kom oss greitt til toppen. Sterk vind, og null utsikt. Retur tilbake over fjellet, og ned stien i bratta, som også var godt varda. Her bør ein ikkje gå feil. Fasinerande, sett nedanfrå, at det er >>>
Klantenovi 5
- Dato:
- 26.05.2022
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 4,0km
Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen i mai. Ruske ver i dag, men god trening. Runden gikk på 44:05 i behagelig tempo.
Klantenovi 4
- Dato:
- 29.04.2022
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 4,1km
Tjaaa. Skal ein satse på ein gong kvar månad til Lærdal sin lettaste topp ? Fjerde gong i år, og fyrste tur med bart føre. Eller 99,9 % bart, sidan eg passerte to små snøflekkar, og runda eit par is-parti. Men knappar brest, og det er vår oppi Borgundsbygdi :)
Toppar ved Tyin
- Dato:
- 30.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,0km
Det opna seg eit ver-vindauge mellom regnkavane, som har dominert siste par vekene. Då vart det på nytt Valdres-jakt på toppar over 100 pmf. i Vang kommune. Terrenget over Tyin passa fint så seint på hausten. Heller vanleg at det ligg snø i høgda rundt 12 - 1500 moh. denne tida på året. På Norgekart-appen såg eg at det var sti opp frå eit mindre hyttefelt nær elva Målnesbekken. Og rett frå ein hyttevegg var det som venta sti, opp til det flata ut ved ca. 1250 moh. Fint å gå, og ikkje vier og lyng her. Det kunne ha gitt ein blaut opplevelse etter all nedbøren. Det var halvskya og ein stor del sol fyrste timen. Fint å gå her oppe. Nydeleg utsikt i alle retningar frå dette området, som har Jotunheimen mot nord. På høgaste toppane, over 2000 meter, har det komme godt med >>>
Gilafjellet
- Dato:
- 09.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,7km
Det var meldt skya ver, men ein god varm haustdag i stølsområdet ved Syndin i Valdres. Då freista det på nytt å trille over Filefjell etter det vellukka besøket til Grindane med fleire sist helg. Denne gongen greidde eg å riste Marita laus frå systova, slik at eg hadde turfylgje. Samt ein freistnad på å syne henne noko av Valdresnaturen. Vi køyrde opp ved Ryfoss, og fann greitt fram til parkeringa mellom Nørdre og Midtre Syndin. Fin og tydeleg sti opp flanken mot fjellet. Fleire på tur oppover. For ein sogning er stigninga her veldig moderat. Lett å gå. Ein liten kneik frå sti-delet og opp, der eit skilt viste Kruk til venstre. Siste 700 meter mot toppen i grei ur. Etter skifte av kle, fann vi ut at vi skulle ta med ein liten topp til, Tangefjellet, før vi returnerte til Kruk. >>>
Smådalsfjellet
- Dato:
- 02.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,7km
Det blei rett på ny tur, etter at eg var tilbake frå Grindane. Greitt når ein kan ta ein ny tur frå same utganspunkt som bilen er parkert. Berre å snu seg 180 grader frå førre tur, og gå i motsett retning. Og denne ruta, denne topografien, var rake motsetnad av førre. Fleire runde koller, metta med lyng, runde fine former, og ikkje berg og fjell. Men berg og fjell elles er det rundt ein på alle kantar. Min fyrste tur oppe i dette område. Har sjølvsagt sikla på desse fjella lenge. Når ein kjem køyrande austafrå og ser fjella over Vang, særleg Bergsfjellet og Grindane, ja då kan ein nesten bli relegiøs. Men dei store mektige fjella oppi terrengen over Vang, har også snille flotte runde dalføre, og det er mektig natur på alle måtar. Og så lett tilgjengeleg med bomvegane >>>
Grindane
- Dato:
- 02.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,5km
Endeleg var det klart for tur til Grindane. Har vore på lista lenge. Men det er så mange fjell som skal opplevast. Men berre køyreturen opp frå Vang og innover her var mektig. Store vidder mellom dei svære blokkene av nokon fjell-kolossar, som er strødd rundt om. Det er alltid kjekt å komme til nye fjell, og utforske nye område. Sidan eg har fått litt gratis på Vang-lista, då eg er frå Lærdal, og vi har ein del grensefjell, så må det plukkast fleire. Turen var nydeleg. Fin oppvarming å gå kjapt innover flatene til fjellfoten. Fin sti opp til skaret, og mindre bratt en eg er vand med. Fint høgt gjerdeklyv, før ein dreia til høgre og tok tak på sjølve Grindane hovud-fjellet. Fint, og passe bratt, med gode vardar og sti. Toppen kom raskare på enn venta, 1:12 etter eg forlet >>>
Sjønosi og Grånosi
- Dato:
- 28.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,3km
Ettermiddagstur etter jobb. Fin sti bratt opp til stølen Glep. Det er merka sti også vidare innover fjellet, til utsiktspunktet "Sjønosi". Denne ruta innover er nydeleg å gå begge vegar. Utsikta frå varden er svært fin. Ein får utsikt til Sognefjorden, og ser innløpet til Lusterfjorden, Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden samstundes. Det var litt kald vind i dag, så ingen omfattande fotografering. Litt mørkt også. Etter besøket på dette turmålet, sikta eg meg inn på toppen Grånosi. Ikkje meir enn 70 i pmf. men topp er topp, når ein fyrst er i nærleiken. Fin utsikt herifrå. Det var låg sol mot Bleia i dag, så den utsikta var vanskeleg å dokumentere. Fann ei fin fri-rute ned frå toppen i retning mot sporet opp. Skikkeleg god ettermiddags-trim :)
