Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (360)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Skredvarden
- Dato:
- 15.04.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 22,3km
Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>
Svarteknippa
- Dato:
- 09.04.2023
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 31,6km
For ein dag, for ein skiføre, og for ein vakker fjellheim. Når ein går så langt inn i fjellet, får ein verkeleg ein god opplevelse. Ein sterk følelse av kor mektig fjella og naturen er. Kontrast til dei små areala nedi dalen der folket bur. Søskenbarn Anders var med på ski-turen i dag. Kjekt å vere to når ein går så langt. Svarteknippa står på Vangs-lista, toppar med primerfaktor på over 100 meter. Som betyr at du må meir enn 100 meter ned i skarsdjupn, for å finne ein topp som er høgare. Slike fjell står oftast fram som sjølvstendige fjell med noko volum. Ruta i dag gikk opp Såteskard frå parkeringa oppe ved Tyin-blokkene. Fint å gli frå skardet og ned mot Øyangen. Så vidare bortover mot Steinbusjøen. Vi følgde skuterspor frå omlag Såteskard, og heile vegen til >>>
Stora Grånosi
- Dato:
- 04.04.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 7,8km
Randotur med Yngve frå 600 meter nedanfor Vardahaug parkering. Nydeleg dag for topptur. Etter vurderingar om tur til Bleia, blei denne valgt som passe i dag. Mykje som skal gå i hop i påska. Gledar meg til besøk frå son og barnebarn i ettermiddag. Snart kjem også dotter heim på besøk. Det var litt tunge bein i dag, så kanskje litt på minus med restitusjon for tida. Men denne turen er ikkje så bratt, men likevel har den fin køyring heile vegen. Skogskøyring som avslutning. Flanken ned frå toppen gir bra fart. Fiiin-fin tur :)
Hundesteinsegge
- Dato:
- 01.04.2023
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 28,2km
Ein aldeles fantastisk fjellskitur !! Djup glinsande nysnø i urørt natur gir glede og eufori. Men deler av turen, eller kanskje summen, gjorde den også strevsam. For det var myyykje djupsnø, og vi seig langt nedi. Men på deler var det både snøskuter-spor og skiløpara med pulk framfor oss, som hadde gjort brøytejobb. Vi valde å ta bua rute over Steinbusjøen for å vere maks trygg. På retur la vi ruta over Øyangen til «Dei tre med pulkane». Lettare, og trygt viste det seg. Etter ein matpause ved ver-stasjon følgde vi så spora innover. Ved Kimbiltjernet gjorde vi dagens feile valg. Straffa blei dobbel. Vi forlet spora fordi vi rekna med at «Dei tre med pulkane» skulle ned i eitt anna dalføre. Det viste seg etterpå at dei m.a. skulle til Hundesteinegge. Vi heldt fram i djupsnøen >>>
Storebottskarvet
- Dato:
- 26.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,6km
I dag var det vanskeleg å bestemme seg turmålet. Langrenn, fjellski, men helst topp da. Turmålet blei bestemt 200 meter før rundkøyringa i Borlaugskrysset. Vegringa gikk på to element. Det var meldt aukande vind i høgda ut over dagen, og dette med solo-tur høgt til fjells. Turen hadde eg heller ikkje gått tidlegare. Turen vart opptur. Det einaste minus var vinden. Den førte til at eg returnerte frå flanken, og gikk opp sør-aust. Egentleg eit betre val uansett, vil eg meine. Men der og då, når eg snudde og slapp med nedatt 40 høgdemeter, var det ugreitt. Vinden, samt at skia skyfla laussnøen i bratta. Hard skare under. Det hadde ikkje vore problem å komme opp da. Men det viste seg at ruta rundt gav meg god ly for vinden heilt til eg var på topp-platået. Gikk på begge toppunkta, >>>
Kyrkjenøse.
- Dato:
- 24.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 3,7km
To timar avspassering på ein fredag var nok til å få seg ein fin topptur i sola. Det hadde komme ca. 20 cm nysnø. Difor var det tungt, men likevel fint oppover. Mild også, med eit par varmegrader og kram snø, til det flata ut på ca. 1100 høgdemeter. Noko drønn i bratta mot toppen. Men ikkje over 25 grader bratt her, og eg følte meg trygg på tur. Idyllisk i nysnøen. Fin køyring nedatt. Appen ville ikkje lage spor nedatt.
Storehaugen
- Dato:
- 19.03.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,2km
Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)
Klantenovi
- Dato:
- 11.03.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,2km
Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.
Filefjell
- Dato:
- 05.03.2023
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 14,1km
Av turane mine registrert på Peakbook er minst 90 % topp-tur. I utgangspunktet er det berre topptur som blir lagt inn her. Så er den nokre få unntak. Avbrutt topp sjølvsagt. Slik sett er aktivitetsnivået ca. dobbelt av det som ligg inne her, når det gjeld høgd- og lengdemeter. Turen her blei logga for å samanlikne appane si registrering i avstand og høgde. Denne gongen var avstand nesten identisk. På høgdemeter la Peakbook seg nesten 40 % høgare enn Polar. Peakbook er nok litt for høg, og Polar litt for låg denne gongen. Må gjere ein logg med Garmin håndholdt. Den er mest presis.
Helleberget og Dyrhovden
- Dato:
- 01.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,0km
Litt avspassering vart til ein skitur frå Hollekve i Sogndal. Målet var Helleberget, med opsjon på Dyrhovden. Resultat på begge, men noko undring undervegs. Følgde ruta over brua skilta til Helleberget. Sannsynlegvis ei sommar-rute. Men her var fint å gå oppover. Ruta til topps var heilt fin. Idyllisk ved vatnet og hyttene under toppen på austsida. Toppen var rund-flat, måtte litt forbi postkassa. Svært fin køyring nedatt frå toppen. Skikkeleg mjuk og turr snø på 10 - 15 cm. Nesten nede tok eg ein lang sving i retning mot fjellet eg rekna med var Dyrhovden. Det viste seg å vere rett, men undringa skuldast at appen svikta meg totalt i dag. Heilt fint til topps, og så eit par hundre meter i nedkøyringa, stoppa den. Ikkje hadde eg teke med GPS heller. Men eg hadde studert kart >>>
