Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (360)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Galdhøpiggen med borna
- Dato:
- 16.07.2014
Tur med Marita, Runa-Mari og Sander. Kjekt å få med ungdomane på topptur :)
StorehestenOpp
- Dato:
- 28.06.2014
Deltok på motbakkeløpet Storehesten Opp i Bygstad. Lang løype på 11 km frå fjordnivå. Dette er tøffe tak. Hadde god tid og følelse til vel passert lavoen ved Grunnevatnet. Rett etter slo leggkrampa til i år som i fjor. Mista opp mot 8 min. Kom i mål på 1:53:09, 36 sekund betre enn i fjor. Nr. 8 av 12 i klassa 50 -54. Muskulaturen i leggane taklar ikkje løp over 1 time og 30 min. Har slege til 4 av 4 gonger. Så dette vart siste av denne typen.
Lifjellet
- Dato:
- 01.03.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,0km
Gikk opp Nipestigen. Det var bratt og ein smule spennande. Fin utsikt, tur over fjellet og nedatt "vanlege" ruta.
Storebjørn på ski frå Krossbu
- Dato:
- 25.05.2013
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 7:00t
- Distanse:
- 18,0km
Sju forventningsfulle skiløparar møtte opp ved rådhuset i Lærdal kl. 09.00 denne morgonen for å starte reisa til Sognefjellet og ein av dei flotte vårskiturane: Storebjørn 2222 m.o.h.
Me fekk på oss ski, og drog frå Krossbu kl. 11:15. Opp frå austsida av brua. Det var lite snø. Det hadde gått eit enormt sørpeskredet i terrenget, som gjorde stort inntrykk. Snøen var sopa bort i breidd på opp mot 100 meter enkelte stader nedover elva. Eit stort "sår" i fjellsida. Lenger inn i dalen hadde me litt vanskar med passasjen. Der kvistløypa gikk, var det opi elv. Vi kom over ved å hjelpe kvarandre med ei hand og lange utstyr. Under Smørstabbtinden vart det matpause. Så var det å ta til på den lange kvite motbakken, oppover Leirbreen. Strålande sol og svarte tindar som >>>
