Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (345)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Skimlehovden
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 26,1km
I dag var det fint ver for ein langtur. Skimlehovden er godt bortgøymd i fjella mellom Årdal, Lærdal og Filefjell. Den kan ein nå på ulikt sett. Lærdal via Oftedale og Hedleskar. Sagi via Kvitingsmorki og innover, og Vikadalen via Smørhola. Sistnemnde truleg kortast. Eg valde via Kvitingsmorki, mest grunna jamn stigning. Ja sett bort frå fyrste 400 høgdemeter frå Sagi. Kjekt å gå innover fjedli i dag. Stille. Vakkert i område før og ved ved Øvre Smørhola og mot Vasselavatnet.
Breisete
- Dato:
- 31.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,5km
Tur utan topp i dag. Var meldt sterk vind i høgda og regnbyger under vegs. Då vart det Stølstrim-post i regi av Lærdal turlag, på UT-appen. Fin tur frå Kvigno til Breisete. Svært mykje gras på stølen. Såg 11 sau nede i lia, og høyrde fleire. Sau på stølen og. Var for kjapp med lagre-knappen, så bilturen heim blei med på GPS-sporet på retur. Data er korrigert.
Øvre Kaldekletten
- Dato:
- 26.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 3,2km
Fin ettermiddagstur på Aurlandsfjellet med Sander. Frå Skaolo til Øvre Kaldekletten. Fin varde og nydeleg utsikt.
Storehaugen
- Dato:
- 17.08.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,3km
Klantenovi 12/25
- Dato:
- 15.08.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,2km
Graveskarnosi
- Dato:
- 14.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,3km
Fyrste for min del til Graveskarnosi. Opp stien frå Tyinosen. Fin tur dette. Bratt opp til fjellet, men lett å gå oppå mellom toppane. Flott utsikt til relativt nærliggende Hurrungane. Hjelledalstind tok seg fint ut frå dette området. Mykje sva, og spennande og variert topografi innimellom oppi her.
Klantenovi 11/25
- Dato:
- 08.08.2025
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 3,9km
Når ein eigentleg ikkje har tid til skikkeleg topptur, så blir det den kjappe vesle lokalt.
Mannen - Haramsøya
- Dato:
- 02.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 13,5km
Tur med bror din Marita og svigerinne. Pål tok El-sykkelen opp til fjellet, medan me gikk. Oppå fjellet var eg spent på desse vind-turbinane. Lite å sjå av dei også, grunna skodda. Frå Mannen såg ein styrtningane, og tidvis ned til bygda. På returen var eg bortom Ulla-hornet også. Fin sti lags styrtningane her, siste stykket ut mot topp-punktet. Fin tur, på trass av begrensa utsikt. Kosa oss ved Ulla fyr resten av kvelden. Litt solnedgang, men noko for tett sky-lag i dag.