Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Øst for Bjordalsnosi

Dato:
18.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
20,6km

Fantastisk skitur i høgfjellet i Borgundsfjell i Lærdal kommune. Toppa med besøk til ein Lærdalstopp. Parkerte ved Breistølen fjellstove. Gikk inn det vakre Stardalsgjelet. Varm god sol, skyfritt og nesten vindstille dag. Mykje snø og svære skavlar i gjelet i år. Vel oppe av gjelet 1:20, bar det vidare etter kvista DNT-løypa til Bjørdalsbu. Ved Store stein ved Starsjøen undra eg litt på kva som var Øst for Bjordalsnosi, og kva som var Bidlesteinsnosi. Appen greidde ikkje å få opp verken kart eller nåla på toppen vi skulle til. Fortsette difor lenger inn langs kvistaløypa. Snart var vi godt oppi Rankebotn. Då hadde vi faktisk snart runda toppen på austsida. Bestemte då å bestige frå søraust heller enn nordvest som planlagt. Hadde også sett ut ei slik rute på førehand. >>>

Kart    

Klantenovi

Dato:
12.04.2020
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Påsketrim Rimskiold - Sverrestien -Klantenovi - Vindhellavegen. Fin enkel tur med Sander og Joakim.

Kart    

Øvre Salen nordaust

Dato:
10.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,1km

Randone forsiktig påsketur i eigen kommune saman med Joakim.

Kart    

Øvre Salen randone

Dato:
21.03.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
8,9km

Ein enkel finvèrstur på ski blir fort ekstatisk med den situasjon eg er i no. Fyrste tur etter at eg eg fekk kraftig akutt Isjas 6. jan.-20. Så etter 11 dagar sjukehus, store dosar medisin, er kroppen framleis smertefull, men i god bedring. I fjor hadde dette vore ein svipptur, men i no-situasjonen er det ein milepæl. Ut frå situasjonen vart det ikkje å plukka små grøne toppar i dag. Dei fleste som går på Salen går til Øvre Salen Nordøst, og er nøgd med det. Tilrår å besøke høgaste toppen Store Salen, 11 meter høgare, og som har ei mektig utsikt mot heimefjella. Nedre Salen får eg ta når forma har stege nokon hakk.

Kart    

Børrenøse

Dato:
23.12.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
3,6km

Fyrste Randoneetur denne sesongen. Rett opp frå skianlegget. Kjapp og grei tur, men dårleg sikt.

Kart    

Vetanosi og Aspevikstølen

Dato:
10.11.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,0km

Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt >>>

Kart    

Vindhellavegen og Klantenovi

Dato:
08.11.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
7,3km

Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)

Kart    

Løvstakken

Dato:
21.10.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,4km

Dagstur til Bergen. Ei lita tidslomme, gav meg ein kjapp topptur. Bratt innimellom også i Bergen.

Kart    

Eggenibba over og rundt

Dato:
05.10.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,5km

Fantastisk opplevelse å gå på Eggenibba som hausttur. Ja det var no både sommar, haust og vinterfølelse av denne turen. Vi var litt spente på korleis dette skulle gå sidan vi viste at det var kommen snø på toppen. Tur fullført, so kan vi berre legge til at snø vart ei del av krydderet i denne totalopplevelsen. I bratta etter 15 min, vart vi litt i tvil då det var ein del is i stien og på svaparti, og opptak. Men det gikk greitt. Oppå ryggen møtte vi på meir snø enn rekna med. Rett og slett djupsnø innimellom. Eit par med eit lite barn i meis gikk rett før oss. Vi var difor privilegerte med trakka spor. Dette kom godt med etter passering toppen, og vidare på rundturen. Men fyrst, vel oppå ryggen var det ikkje lenge før utfordringane kom tett. Is, djupsnø, og heftige opptak, >>>

Kart    

Øvre Kaldekletten

Dato:
22.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,7km

Fin ettermiddstur frå Flotevatnet over Skaolane på Aurlandsfjellet :) Gikk opp frå parkeringsplassen med det spesielt utforma toalettet. Fyrst langs anleggsveg, og så høgdene oppover i terrenget i nordleg retning. Lett og kjapp tur. Veldig flott varde, og nydeleg utsikt frå denne toppen. Var der sist for 25 år sidan. Då med godt vaksne foreldre og born på 5 or 7 år.

Kart