Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Naustdalskammen

Dato:
22.05.2021
Distanse:
7,3km

Topptur i Nordfjord som bonus på helgetur. Primærmålet i pinsa var å plukke nokre dagsturhytter, på crusing ut over vakre Sogn og Fjordane i retning Havet. Så vakre stader, og så fint helgever. Fyrste natt ved Kjøsnesfjorden, og vakre Jølster. Skal seie dei har lagt Dagsturhytta fint til der. Så Sandane, med den fortryllande Trivselskogen. Utover Nordfjord fann vi denne fantastiske utsiktstoppen. Så bar det mot kysten og Måløy, før alt blei toppa med solnedgang på Refvikstranda.

Kart    

Viafjellet

Dato:
17.05.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:26t
Distanse:
6,6km

Spontan topptur i samband med ein fin road-tripp frå Lærdal via Gaularfjellet til Førde. Plan var Dagsturhytta, som roleg luftetur på 17. mai. Men fekk teften av ei raud nål. Sporet frå Viafjellvarden til topps og nedatt. Lengd på turen er korrigert opp. Fin utsikt til Storehesten, til Førde by, og til jordbrukslanda rundt om i dalane. Heiar på den norske bonden.

Kart    

Veslfjelltinden pluss 2

Dato:
15.05.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
15,9km

Fin tur med Lærdal turlag på Sognefjellet. Denne turen har vorte avlyst tidlegare år, og det var mitt ansvar å vere turleiar. Vêret var meldt vanskeleg, med sterk vind 10 -12 under 48 timar før start. Det vart nokre rundar med yr og storm, og kl 18 kvelden før, beslutta eg ja til tur. Vind meldt løya, og om morgon enno betre. Frå Krossbu litt over kl. 11. I det vi kom litt oppover kurskorrigerte vi for å unngå gjennomslag-snø på tur opp. Vi følgde ruta mot Veslbreatinden. På spørsmål til gruppa etter ei tid, vart det avgjort å gå på toppen av Veselbreatinden før Veselfjelltinden, som var dagens hovudmål. Ein matpause gjorde godt etter vel halvanna time. Etter fyrste topping gikk dei fleste oppom Hurrbreatinden, før vi rasta i skaret mellom denne og Veselfjelltinden. Siste >>>

Kart    

Suletinden

Dato:
07.05.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
18,2km

So kjekt at ein kan gå på ski til Suletinden godt ut i mai. Og det i eit år med lite snømengd. Nordaver over tid har gjort susen. Og litt påfyll av snø innimellom, særleg over 1000 moh. Fredag, og siste dag i ei fantastisk ferieveke i mai. Godt alternativ til Mallorca. Tredje skitur, og fleire andre fine fotturer har mai du skjønne, bydt på. Ikkje alltid like mildt i år, men med mykje sol. Vi valde ruta frå Grønna ved Kyrkjestølane i dag. Ein kan gå Suletinden på ski frå Skitrekket via Sulebu og Suleskardet. Det er lengre. Nokon går frå Nystova. Fillestølen, Buhaugane og frå Nedre Smeddalsvatn er også fint. Kortast er det frå øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Denne gongen valde vi Randonee-utstyr, og angra ikkje på det. Fin køyring frå under toppkruna på fjellet >>>

Kart    

Langhamrane

Dato:
05.05.2021
Distanse:
9,1km

Besøk i Høyanger-fjella. Marita har budd i her i 25 år, og har fleire bekjende. Det var ei som ville vere med å gå på Rando med oss til Langhamrane. Den smale vegen svingar seg bratt opp fjellsida ovanfor byggefeltet. Etter om lag 400 meter flata det ut, og vi kjem til parkeringa for frilufts-område på vinteren, med skitrekk og løyper på Sipplo. Snøen låg enno heilt nede ved parkeringa takka iherdig køyring av trakkemaskin som har pakka snøen godt. Slik kan ein då komme seg vidare opp i fjella på anleggesveg som er løypekøyrt. Kun ein stad i lengd 10 meter var det bart, men ei snøstripe på kanten fekk oss forbi. Etter ei tid på desse vegane kom vi over i kuppert terreng. Idyllisk med knausar, og små eldre berekraftige hytter innimellom. Så bar det oppover og innover. >>>

Kart    

Hesteggi

Dato:
03.05.2021
Turlengde:
2:41t
Distanse:
12,8km

Fin treningstur frå Kjørnes Camping. Klart ein kan feriere i nabobygda. Gikk frå den nydelege og stille Kjørnes Camping, ein måndag i mai. Sydenferie blir Norgesferie. Store kontrastar frå Storebjørn laurdag, og Fuglesteg i går. Denne treningsturen hadde overskya, sol, regn, hagl, og tett snøver på toppen. Ein Sogndalstopp i boks, fin opplevelse og god trening. Lyt ta ein ny tur for utsikt på toppen ei anna gong.

Kart    

Storebjørn + 4 småbjørnar

Dato:
01.05.2021
Distanse:
18,1km

Fantastisk tur i nydeleg ver på fyrste mai. God Bjørnefangst, då vi var innom 5 toppar over 2000 meter knytt til Storebjørn. Det var ein vanvittig utfartsdag. Alle skulle vist på Sognefjellet i dag. Opp Leirbrean var det 5 felts rando-spor. Fleire hundre personar gikk nok på Leirbrean i dag. Alle like blide. For utsikta heile dagen, 8 timar på tur, var fantastisk. Leirbrean med utsikta undervegs er noko av det vakraste ein kan oppleve med skia på i vårt vakre land. For meg var det andre gong på Storebjørn, medan Leirbrean og toppane rundt her var Maritas fyrste. Vi har vore på store Smørstabbtind på fottur i lag. Sett bort frå at det var i overkant folksamt, gikk bestigningane greitt. Vi var såpass seint på Storebjørn, at den fekk vi ha for oss sjølve. Føret var prima, særleg >>>

Kart    

Stora Grånosi og Bleia i Lærdal

Dato:
24.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
21,2km

Flotte vermelding med skyfri himmel var det meldt. Slik såg det også ut frå morgon av. Slik blei det ikkje, men ein fin tur fekk vi likevel. Marita ville vere med til Bleia. Hennar fyrste tur dit, og den freista m.a. grunna SjekkUt og topptur-trimmen til Lærdal turlag. Vi valde å gå frå litt nedanfor Vardahaug, for å få fin køyring på returen. Og det fekk vi. Ruta opp la vi litt under Store Grånosi. Den vart såpass høgt at jammen blei det topptur dit også. Så vart det fint unnarenn heilt ned til Bleiaskardvatnet, 1252. Der vart det mat, og nett då var vêret på det finaste for dagen, med strålande sol og varme. Her kosa vi oss godt før toppstøtet. Oppover vart det etter kvart tettare ver, og snøbyger. Men idyllisk det, sjølv om sikta var så som så. Siste halve km mot >>>

Kart    

Nisedalsfjellet og Jernhetta rundt

Dato:
17.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
21,7km

Deler av turen var med Lærdal turlag. Heile 28 folk på fjellski-tur rundt Jernhetta i Aurland kommune. Turen starta ved Vardahaug bru opp Erdal i Lærdal kommune. Dagen var skyfri, og føret viste seks på terningen. Nokre få minus ved start. Betre får ein det ikkje. Turfolka var frå Lærdal og Aurland, samt nokre frå Sogndal kommune. Særs kjekt når vi er folk frå fleire kommunar. Alle storkosa seg innover Modlaugsbotn, og opp Soleibakkane på silkeføre. Berre smil å sjå. Etter vel halvanna time gonge og nokre småpausar vart det matrast med utsikt til Flåm og baksida av Blåskavlen, med dens dramatiske botnar og ryggar. Fantastisk !!! Nokre valde å gå opp på toppunktets Jernhetta. Då ser ein omlag heile rundturen. Eg hadde fått løyve hjå turleiar å gå solo til Nisedalsfjellet. >>>

Slettind

Dato:
15.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,3km

Fin ettermiddagstur med Joakim. Kun oss, og eit par på veg opp då vi køyrde nedatt. I helgane er her ofte fullt på parkeringsplassen. Typisk Rando-topp.

Kart