Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Kvanngrødfjellet

Dato:
21.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,6km

Kom køyrande opp Guddalen til Byrkjosen til dagens andre tur. Fine vatn nedanfor her. Greidde å parkere bilen ut på nokre grastustar før nedkøyrsla til garden. Gikk så knapt 100 meter, og kika i grøftekanten, til eg plutseleg såg ei opning mellom to bjørketre. Eit falma blått band på eine treet. Stien gjorde seg greitt gjeldande ca. 5 meter inn i terrenget. Opp ryggen var det bratt og god sti. Den bar preg av lite bruk. Då det flata ut, dreia eg litt til høgre, og så i retning opp på fjellryggen. Kunne gjerne følgt stien rundt haugen også. Veldig fint å gå slik på lite bratte sva-parti frå haug til haug. Nokre snøfelt innimellom, som heldigvis bar tyngda. Litt stigning att til sist. Brukte ein god time ut til den staselege varden. Den var sikkert 1,5 meter i diameter. >>>

Kart    

Toreheia

Dato:
21.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,5km

Oppsummert enda dagen med tidene 4:42 på tur og 6:36 i bil. Bilen går på billig el-drift, og det freista med tilgjengelege toppar på over 500 pmf. Sist veka var min kraftpris alt medrekna, kr 1,38 pr. kwt. Med forbruk på 63,2 kwt kosta det kr 87 på 430 km. Vasskraft frå Lærdal ! Med nøyaktig bruk av Peakbook-appen fann eg grinda og merka sti opp til heia. Følgde sti til eg hadde passert tre hytter på ulike stader. Så bar det rett opp på Høgeheia etter tre-pinnar med raude merke. Her oppe var det postkasse og sjekk-ut på Ut-appen. Følgde så ryggen vidare til Yndestadhøgeheia. Her var det framifrå utsikt til fjella, og ned til Stongfjorden. Vidare på tendens til sti rett fram til ei høgd, dreia venstre og opp til varden. Flott varde og fin utsikt. Sjekk-ut her også. Nedatt >>>

Kart    

Såta nr.2 i Hemsedal

Dato:
18.05.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
14,5km

Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit >>>

Kart    

Klantenovi

Dato:
17.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.

Kart    

Lindokk

Dato:
17.05.2023
Distanse:
3,7km

Tur til SjekkUT post Lindokk i Lærdal. Ikkje topp dette, men det var greitt å logge denne ruta, sidan det er ei av få ruter i Lærdal, som eg ikkje har gått. Tidlegare har det vore Bakketrim ved Veten lenger nede, og no ved Øvre veten, som det er i år. Det er mogeleg å gå heilt opp til fjells her, men det er ikkje merka. Må få med meg ein person som er kjent ei gong. Skikkeleg bratt oppi her. Ruta gå innom nokre kløyv og over på sva-parti. So om det er blautt, så må ein vere ekstra varsam oppi her. Det er nokre mindre skilt med stadnamn som er sett opp på tre oppetter ruta. Eit par skilt ber namn etter lokale heltar. Det hadde vore moro å høyrt historia bak. Det for vi gjere litt undersøking av, ved eit passande høve. Marita var med, og ho har no alle 81 SjekkUT i Lærdal, >>>

Kart    

Bleia i Lærdal

Dato:
07.05.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
26,7km

Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. >>>

Kart    

Storebottnuten

Dato:
06.05.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,4km

Ein time og 15 min å køyre med vasskraft-lada bil. Parkerte ved Holdeskar-vegen. I dag ville Marita prøve seg på ski for fyrste gong i år. Kjekt at ho blei med. Betennelse i kne har plaga henne lenge. Valde ein enkel rando-tur, med jamn stigning. Denne toppen burde eg ha samla i haust, men den rauk i eit dårleg strategisk val. Men tur er meir enn samling. Det var fint å gå roleg oppover i ikkje for bratt lende. Ruta gikk beint mot sør, og sola steika godt. Talte ei rekkje på 20 personar over oss, på veg mot Systerskardfjellet. Fleire og sjå på fjellski også i kvista løype. Enno rikeleg med snø. Så lenge det ikkje blir for varmt, er det høve for skitur nokre veker til her. Litt vind oppå topp-platået. Toppen baud på flott utsikt i alle retningar. Fasinerande å sjå dei >>>

Kart    

Brossviksåta

Dato:
28.04.2023
Turtype:
Terrengsykling
Distanse:
11,1km

Etter ankomst Rutledal ferjekai, bar det vestover på veg merka Dingja. Jøss, kan det bli smalare veg ? Her ynskje ein ikkje møtende trafikk. Parkerte godt utpå ei møtelomme, 100 meter før grusvegen som går til toppen av kommunikasjons-tårna. P-merka stad på Peakbook-kartet innpå grusvegen er feilplassert, sidan det er innafor låst bom :) Optimistisk på off-road oppover. Ikkje lenge før eg måtte av sykkelen. Her er stigninga mykje 15-20 %. Greit å trille då. Lenger oppå fjellet, kunne eg sykle innimellom. Sette sykkelen under siste hårnålsvingane opp til mastene, då eg møtte djupsnø her. Noko merkeleg med vegen opp her, var plassering av mini forbud-skilt for kvar 25 m heile traseen. Godt muleg at skilta har ein anna funksjon, som å lede leia ? Forbudt for all innkøyring >>>

Kart    

Urdanipa

Dato:
27.04.2023
Distanse:
1,4km

Rusletur for å få utsikt. Gikk frå bubilen langs vegen ca. 500 meter, til skilta rute mot toppen. Lett å gå oppetter svaberga mot toppen. Nydeleg utsikt :D Mot havet, øyane Værandet/Bulandet/Alden. Mot søraust flotte toppar på øya, med Krakhellenipa høgast. Flott å skue også mot høgfjella innover landet. Kosa oss ei stund på toppen for utsikt og foto. Retur på ei anna merka rute, rett tilbake der vi hadde plassert bubilen for natta. Som tur, var denne av det lettare slaget. Noko seinare på kvelden, gikk vi ca. 300 meter lenger vest, utpå ein fjellknaus. Her var flott utsikt vestover havet. Då blei det utetid-kos og litt foto. Kanskje skal eg laste opp eitt bilde frå den sceansen ?

Kart    

Pollatinden

Dato:
27.04.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Tur to i dag. Parkeringa var teken. Eg fekk plass til bubilen ved ei romsleg nedkøyrsle 350 meter nordaust for parkerings-lomma. Som egentleg er ein møteplass. Skilta og merka rute derifrå. Mest på sva oppover, med noko blaut sti innimellom. Møtte to turgåarar like under toppen på deira retur. Morro tur opp her. Desse grove svaberga går ein rett opp. Mindre bratt enn kva eg trudde. Opp på ca. 45 min. Stor flott varde, og himmelsk utsikt. Litt foto. Flott utsikt ut over små øyer og havet. Litt skarp vind på toppen. Det vart difor straks småspringing nedatt. Nesten som å fly :)

Kart