Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (344)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Fivlenosi
- Dato:
- 11.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 13,5km
Siste ferieveka regna bort. Men i dag endeleg, opna det att for topptur. Var spent på kor blautt det var, og svaret for denne ruta var ja. Så kvifor gå opp frå Kilen og ikkje parkeringa under Vigdalsstøl ? Av den årsak at min oldefar heitte Kilen, arbeida i steinbrot, og kom frå denne garden med bratte fjellsider, heilt inst i smale Dalsdalen. Han var født i 1884 og budde i Tubbene då eg helste på han som 7-åring. Elles veit eg alt for lite om historia. Der vegen endar, står ei stor flott tavle om ulike ruter, og noko kulturhistorie. Stien er ein del av rutenettet til DNT og går m.a. til hytta Fast. Eg skulle via Fivla, Luster tutlag si DNT-hytte, og til toppen over den hytta. Fin sti opp mot Kilali. Enkelte parti steinsett som trepper. Mykje vegetasjon langs stien. Frå Kilali >>>
Blåtind
- Dato:
- 05.08.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,7km
Fin tur over fjellet frå Eiksund til Haddal. Overnatta i bubil på rasteplass like forbi Eiksundbrua. Eg var klar for tur dagen etter. Fant ut om kvelden, at det var sti til Blåtind herifrå. Frå eit vassverk øvst i byggefelt. Blåtind er høgste fjelltoppen på øya Hareid, og difor god primerfaktor. Stien var blaut, og eit felt med 2 meter høgt ormegras gjorde meg gjennomvåt på bukse og sko etter 10 minuttar. Noko betre i barskogen etter kvart. Men blaut var det til over tregrensa. Betre å gå no. Måtte oppom fyrste toppen også. Så opp på fortoppen til Blåtind, og få minuttar vidare til høgste toppen, Blåtind. Varden her var av største slaget. Flott utsikt til alle kantar. Kjende på lysta til å gå over fjellet, og ned att til Haddal. Både grunna blaut sti, og ynskje >>>
Klantenovi 0823
- Dato:
- 04.08.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,0km
Haglebunatten
- Dato:
- 01.08.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,2km
Køyrde frå Blefjell om føremiddag. Små etappar i bubilen i dag. Stoppa i Lampeland. Langs innsjøen Soneren i Sigdal tok vi "kle-turkepause" til alt var turt. Fin rasteplass, nydeleg vatn, med fjelltoppen "Andresnatten" innover. Etter eit par timar vidare opp Eggedalen, som vart fyrste gong for meg. Likeeins Haglebu-området. Parkerte ved Haglebu feriesenteret. Her var eit større område for vogn- og spikartelt. Lita "Brustadbu" å handle på her. Gikk aleine til toppen, i greitt tempo. Merka heile vegen. Fyrst forbi ei sæter, så inn i barskog. Bratt opp i sida på fjellet, til det flata ut ved eit vatn. Så opp ein lang fjellrygg, men ein par brattare kneikar. Fortopp fyrst, og så nokre hundre meter bort til varden. Toppa etter 45 min. Svært flott utsikt >>>
Blefjellet
- Dato:
- 31.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,7km
Låg over på parkeringa i bubilien. Var spent på om det blei tur i dag, grunna dårlege vèrmeldingar. Regn om føremiddag, men frå kl. 13 betre, og vi la av gårde mot turmålet Store Ble. Vi var ikkje komme lenger enn til vatnet då det byrja fossa ned, men kun 5 min. Fint på breid sti, men noko steinet innover. Etter ein god km tok stigingar til. Jamn og fint. Opp langs ein fin foss, over stigrensa, og det flata ut. Straks ved eit sti-dele. Rikeleg med tur-løyper i terrenget her. Også til turmålet vårt, var det fleire ruter. Vi valde Langedalen, den kortaste rett på. Fint inn her, med elv, og nokon små brattare parti innover. Litt yr innimellom. Då vi kom opp, og såg fjellet, var vi overraska over kor nær vi var toppen. Inn mot fjellfoten blei det sol, vakkert, og tid for fotografering. >>>
Storeberg
- Dato:
- 30.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,8km
Kom rett frå Omdalsåsen. Køyrde nokre hundee meter vidare, og parkerte midt i anleggsområdet for nye motorvegen. Søndag, og ikkje arbeid i dag. Gikk opp på gravemaskin-trasè, og inn i villskogen. Skulle vere traktorveg, men den var godt attgrodd. Opna seg då eg følgde ei kraftlinje ei kort stund, for så å leite etter sti inni skogen att. Det gikk da framover. I eit belte på 50 meter måtte eg sloss i gjennom 3-4 meter høg tekk bjørkeskog. Kom så inn på nokre flater med ope felt. Litt til høgre, og innatt på noko betre ATV-veg fyrst flatt, og så lett stigning. Sjekka app, og gikk så ganske rett opp mot turmålet. Enda på feil topp, 200 luftmeter for langt sør. Sidan det var hoggbratt i mellom, måtte eg litt i retur, og så ned i skaret. Greit topp til toppen, men tett >>>
Omdalsåsen
- Dato:
- 30.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,1km
Sidan sambuar Marita har familie og to barnebarn på eitt og tre år i Porsgrunn, blir det tid til toppar her i området også innimellom. Samt topp og topp. Knausar med tettvokse skog, kratt og kjerr, dei fleste. Fleire toppar er ikkje merka, stiane er ikkje rydda/vedlikehaldne. Mykje på skogsveg, og bushing, for å komme fram. Omdalsåsen, var av dei lettare i så mote. Fin traktorveg innover i skogen. Så tok eg ei rettare rute på vegen opp av nysgjerrigheit. I staden for ATV-veg. Litt bushing her, men ruta og retninga gav seg sjølv. Straks topp. Måtte leige etter ei glenne for å ta ein bildete. Retur på ATV-vegen som byjra 200 meter nedanfor toppen. Så småjogging ned til bilen. Parkerte under brua, då innkøringa kun er for fastbuande og gardsbarnehagen.
Slottsfjellet
- Dato:
- 28.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:57t
- Distanse:
- 1,6km
Liten tur til Slottsfjellet for kulturopplevelse. Justerte data sidan appen var på kun ved returen. Eit flott forsvarsverk med bygningar, borgmur og tårn. Fint også nedanfor borga, på veg opp. Historisk informasjon på tavler rundt om. Svært fin utsikt over byen frå toppen. Fin også å rusle rundt på topp-platået, med diverse mindre historiske objekt. Denne toppen var rekna som eit forsvarsverk som det var umogeleg å beseire. Verkeleg historisk sus over staden. Tønsberg har hisrtorisk vorte rekna som eldste byen i Norge. Har kamp med Trondheim om den tittelen i nyare tid.
Skorvetoppen
- Dato:
- 25.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,6km
Topptur mellom byger i Seljord. Dagen vart planlagt med lesing og avslapping i bubilen, men plutseleg såg det ut til å lette. Køyrde opp Kivledalsvegen, ein smal veg. Fyrst gjennom byggefeltet, og så innover ein skarp elve-dal. Breidare veg då vi kom lenger opp, med grus etter kvart. Over ei trebru, og til andre sia, der turen tek til. Langs nokre bratte gardar her, og til sist bratt opp på grusvegen til ein liten parkeringsplass, som var skilta. Så tok fotturen til på traktorveg 50 m, så 170 grader, og på ATV-veg. Følgde den, men tok short-cut, der det var skilta "Skorve". Kom opp til ei fin sæter, Karlstaul, med ei godt vedlikehaldt hytte. Vidare i barskog eit godt stykkje, før det flata ut med høgfjell. Straks til sti-dele nemnd "Flyvrak og Gøysen". Flyvraket >>>
Mehamarsåta
- Dato:
- 23.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,7km
Nydeleg tur frå Heia på Stord, og til høgste fjelltoppen på øya. Opp frå parkeringsplassen i tur-rute med sherpatrapper til det flater ut. Etter denne kneika stod ein varde med norsk flagg på. Sikkert eit mykje nytta turmål for mange. Heldt fram på sti rett fram, og så ei lita kneik. Veldig fint kuppert terreng innover med idylliske vatn. Grønt og frodig. Etter kvart litt nedatt ein dal i retning mot demning ved vatn. Litt før denne, byrja oppstigninga mot dagens turmål og topp. Vel komen opp på flatene på fjellet, viste seg eit heilt ny topografi, med fine avrunda svaberg, og lite vegetasjon. Fint å gå bort til toppen. Fin utsikt mot Folgefonna og havet. Forferdeleg å sjå alle vind-turbinane. Prøver å ikkje sjå på dei. Tok nokre bilder frå toppen, og så retur. Var >>>