Bleia (01.04.2024)
Bestigninger | Bleia (1821moh) | 01.04.2024 14:23 |
---|
Fjellskitur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 gode folk på tur i lag. Avgang vel kl. 10. Godt skiføre heile dagen, krydra med nydeleg vèr. Matpause før bratte kneika etter 1:15. Tok oss god tid i finveret. Så byrja vi på fjellet. Fyrst bratt opp, så over eit tjern, og litt nedatt. Anders laga fint spor i skråninga, jamn og fin stigning. Ruta vidare la vi litt lenger inn og rett fram, enn på tidlegare turar. Godt val, og fin snø. Ny matpause ca. 15 min før toppen. På toppen møtte vi fire i følgje med to hundar. Dei starta samstundes, og vi såg dei i trasèen fleire gonger. Dei hadde valt å gå lenger inn dalen, lenger sør enn oss. Det er ei rute vi også må prøve ei gong. På toppen tok vi oss god tid til å betrakta fjellheimen, og ta nokre bilder. God stemning. Køyringa nedatt var moro. Alltid litt skeptisk når ein no er meir vand med randonèe, enn fjellski. Og så blir ein eldre. Om alder, så var to under 50, to over 70, og oss ni andre planta i 50 og 60-åra. Rett nok flest i siste kategori ;) Supert føre og godt rute-val, gjorde returen finfin. Ein time nedatt, medrekna tre stopp-samlingar. Turfølget var godt nøgde med opplevinga, føre og vèr, etter litt blanda forhold denne påska.
Klikk på kartet for detaljar og mogelegheit for zoom:
Kommentarer