Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Randsetfjellet

Dato:
05.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
4,6km

Etter å vurdert om Tarløysa skulle bli dagens turmål og som eg hadde meir enn lyst på. Tok heldigvis fornufta overhand og eg bestemte meg for å ta ein roleg dag. Køyrde til Rødven istadenfor og tok av ved Vollan og Parkerte ved sida av bommen til Landresetervegen. Luffa på ski opp ein skogsveg som går til "Utsiktstoppen" og derifrå er det merka tursti vidare til Randsetfjellet. Ein kjempefin tur og topp med utsikt over fjordane, Molde og til fjella Romsdalshorn, Grisetskolten osb....:)

Kart    

Smørbottfjellet 1188

Dato:
04.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
8,1km

Eit utruleg fint skifjell og eit hærleg nedrenn i Smørbotnen. Ein glipp at eg ikkje stakk bortom Kvasstinden...men samtidig har eg lyst å gå fjella til fots også. Eit spennande og flott område som skal ha fleire besøk!

Nyfjellrørin

Dato:
03.03.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
14,4km

Kombinert løpstur til Rauma Skisenter og truger opp Nyfjellrørin

Kart    

Lundsfjellet i Rauma

Dato:
01.03.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,5km

Etter turen på Gausnestoppen, var planen å rekke både Lundsfjellet og Nøta. Tida går så alt for fort når ein rotar på og kosar seg med nye toppar og stader. Det avtalte klokkeslettet for familiebesøk på Vågstranda var gått over tida for lengst :) Så Nøta fekk heller vente til heimatt turen. Fint å parkere nede i bukta ved garden under Brudeskaret, skilta og merka tursti til begge toppane.

Kart    

Gausnestoppen med noko ubehag!!

Dato:
01.03.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
2,7km

Skogsveg og anleggsveg til Gausnestoppen, ein grei veg å luffe oppover og vidare forbi Gausnesgarden. Topp punktet var ikkje vanskeleg å legge merke til...Likar meg dårleg under sånne linjer og denne gangen var heller ingen unntak! Ekstrem spenning og knitring mellom linjene som var til å føle og kjenne på...merka eit fysisk ubehag og pulsen rasa!! Ellers er det jo alltid kjekt og spennande å finne nye topper og områder!

Kart    

Frisvollfjellet i Rauma

Dato:
05.12.2015
Turlengde:
1:04t
Distanse:
3,6km

Passeleg fin luftetur på ein skogstopp i ruskeveret... Turfølge Stein

Kart    

Skarven i Rauma

Dato:
04.12.2015
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
2:50t
Distanse:
6,9km

Eit aldri så lite vervindu nokre timar, mellom lavtrykk og stormsenter. Ein superfin dag både for to og firbeinte :) Akkurat litt for lite snø til at eg ville ha dratt på meg skiutstyret!! men fint å baske på med truger også..... Følgde galant spora til ein som absolutt må ha meint at ski sesongen var på gong :) Fin tur ilag med Stein og Co...

Kart    

Veten i Rauma

Dato:
29.11.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:19t
Distanse:
4,9km
Kart    

Hovdekollen

Dato:
28.11.2015
Turlengde:
0:55t
Distanse:
3,1km

Kart    

Mot Råna frå Urke

Dato:
08.11.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:26t
Distanse:
10,2km

Det var komt nysnø på toppane frå natt til søndag og den ville komplisere turen mot Råna. Visste at det var eit utsatt punkt på Sørvesteggen på Midtre Regndalstind men vi bestemte oss for å prøve ut toppane allikavel. Mildt og fint etter årstid nede i dalen men det var råsete vind som hvirvla nysnøen der oppe på dei majestetiske tindane. Svaene oppe i Nordkopskaret var glatte, nysnøen hadde lagt seg ned til ryggen ved skaret på ca 1080 moh. Gjekk fint å gå opp til hammaren på sørvesteggen, men det var sleipt, glatt og isete. Det hadde gått med stor forsiktigheit å passere, men på returen ville det være mørkt og då med hodelykt og det var utsatt. Vi bestemte oss for ikkje å ta den risikoen og var skjønt einige om at det kunne bli ein superfin sommertur og då få >>>