Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Stardalen opp og ned...Super dag i mektige Jølstrafjell

Dato:
13.05.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,3km

Planen for dagen var ein fin tur opp Gallen innerst i Stardalen. Derifrå ein fin rundtur innom breen, Grensevarden, Bings Gryte og ved litt ekstra god tid, eit besøk til Sørvest for Ramnane 1874 m Deretter for så å renne ned ved Hovdeskrednibba til Tverrdalen igjen. Etter meldingane var det det meldt litt vind. Men den var betydelig kraftigare i dette området, det er ikkje ofte vi har måtta snu! Det var rett og slett vanskelig å halde seg på beina oppover, så vi vart einige om å retunere for heller å ta ein tur oppom Tortnegrøegga 1414 moh på heimveg. Kanskje litt rolegare vindforhold der. Sidan eg ikkje får sletta desse toppane i denne rapporten, er dei nådd likevel litt seinare på dag....

Kart    

På tide med ein skitur opp Skåla

Dato:
29.04.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
16,4km

Strålande ver dag etter dag! Ein lyt ha solbriller for å lese yr om dagane... Det er nesten som ein går i stå for kva ende ein skal begynne, for å fylle dei fantastiske godverdagane på best mulig måte :) Då er det det ganske fint att det tikker inn nokre gode turplanar og denne gangen ifrå Morten H. med fleire i turfølget. Raudeggi 1939 m og Kvitlenova 1898 moh i Breheimen med utgangspunkt ifrå Grotli og ikkje Grodås. Noko som eg jamt og trutt forvekslar!! Det hadde jo selfølgelig vorte tidenes fjellskitur med start ifrå Grodås :) Hadde planer om å høyre med Anna T om Høgeloft 1921 moh i Lærdal lørdag. Men det hadde blitt ein del ekstra langkøyring i godveret. Så kom eg på at det kunne være ein betre ide å ta ein svipptur oppom Skåla og teste den på ski, noko som >>>

Kart    

Overnatting Kvannebakkbu ved Jostedalsbreen mellom jobbvakt

Dato:
05.10.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
17,3km

Kart    

Kvannefjellet 1712 - Siste 100 Pf Jølster

Dato:
22.08.2016
Turlengde:
6:16t
Distanse:
16,9km

Sidan eg hadde tenkt å gå oppatt tur mandag etter jobb, hadde Brit Siv lyst å være med. Når eg har bestemt meg for ein ting får eg ikkje fred før det er gjennomført. Det skulle helst ha vore gjennomført før tanken er tenkt, og det er gjerne ikkje alltid den beste egenskapen! Meldingane var fine og Brit Siv plukka meg opp etter jobb. Søndag var eg på Eikåsnipa og traff på ei sprek og trivelig dame. Vi snakka litt om den fine turopplevelsen eg hadde på Kvannebakkbu. Ho hadde lyst å ta turen også, men var litt usikker om ho våga turen åleine. Då vi skilde lag trur eg ho hadde bestemt seg :) Medan vi russla oppatt ryggen til Kvannefjellet, kunne eg sjå bort på Kvannebakkbu. Eg funderte på om den trivelige dama hadde komt seg opp, og kunne få nyte den gode freden og det fine >>>

Kart    

Jølster: Sørøst for Jostebotnen 1731

Dato:
20.08.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:20t
Distanse:
14,2km

Våkna opp til ny dag i Haugadalen med laaang kaffefrukost for min del. Brit Siv likar jo ikkje kaffe!! Men til gjengjeld hadde ho med seg ein heil boks nugatti. Korleis den hadde fått plass i sekken, er eit under!! Fekk pakka ned telt og komt ned til bilen i 11 tida. Køyrde inn til Fonn og starta turen derifrå. Etter litt styr med elvekryssing/bading gjekk turen av seg sjølv oppover i eit fantastisk vilt og flott område. Gjekk først oppom 1731 og såg litt i breen der, men det var greit å gå. På nedturen svippa vi innom Hovdeskrednibba og tok matpausen der. Rett og slett berre eit vakkert område som eg må oppatt til. ]]

Kart    

Kvannefjellet/Jølster

Dato:
19.08.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:49t
Distanse:
9,8km

Etter overnattinga på Kvannebakkbu tidlegare i veka, hadde eg panorama utsikt bort til Snønipa og Kvannefjellet. Det såg ut til å være nesten snøfritt. 2 toppar hadde eg igjen på 100 pf lista Jølster, og denne helga hadde eg bestemt meg for å gå dei. Kvannefjellet er nok fin også som skitur i kombinasjon med Snønipa og Hanekammen. Planen etter jobb denne fredagen, var å rekke over alle toppane ved Kvannefjellet. Overnatte i telt og så gå Sørøst for Jostebotnen 1731 neste dag. Undervegs i planen vart vi mange på tur og det var berre kjempestas. Men tidsplanen fekk ei ny vending og med litt sein start rakk vi ikkje siste toppen Kvannefjellet nord 1712 Det var då litt ergeleg skulle eg innrømme! Men eg hadde allerede bestemt meg raskt for å springe opp igjen på mandag etter >>>

Kart    

Tidenes tur til Kvannebakkbu ved Jostedalsbreen

Dato:
16.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
17,3km

Ein heller aktiv dag...men når godværet slår til og kontrastane er så vanvittige! Må ein berre gripe stundene og tida, der og då! Pakka sekken raskt med frokostniste, sovepose, kirsebær, vin og kaffe. Oppe ved Jostedalsbreen i total stille og åleine, til solnedgang i vest, nesten ein fullmåne over breen, blikkstille, sommervarmt og mange stjerneskudd...Det var berre ein hinsides naturopplevelse! Opp kl 06.00 til ein ny dag ilag med morgenstrålane i aust!

Kart    

Stryneskåla 1848

Dato:
14.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
17,4km

Etter gårsdagens løp og fest, var det flott å vakne opp til solstrålar og frukost på Loenfjord Hotell. Det var ikkje mykje å lure på då, restitusjonstur gjekk til Stryneskåla før biltur heim. Eg hadde ein anelse om att det ville bli kjekt å fotografere med skodda og sola eg såg der oppe.

Kart    

Skåla opp med ny vri!!

Dato:
13.08.2016
Distanse:
16,4km

Litt spesielle forhold vart det på det 15 Skåla opp løpet, med målgang ved Skålavatnet 1142 moh. 5,7 km og 1125 hm. Eg for min del følte at løpet var noko amputert, sjølv om dei fleste nok tenkte det samme :) Det vart meir eller mindre ein rein spurtetappe opp til vatnet og ferdig løp, den kjekkaste delen av løpet til toppen var utelukka denne gangen. Men sjølv om værgudane hadde laga litt ekstra utfordringar, var folk fornøgde. Stor dugnadsinnsats var gjort for å få dette så bra som mulig etter forholda. Tiltross for amputert løp og håpet om ny personleg pers. er eg strålande nøgd med tid, 2 beste dame i klasse og 12 beste dame totalt. Fin avslutning om kvelden på Alexandra med høgtidleg premieutdeling og ein legendarisk grillfest. Mykje god mat og prat blant likesinna....temaet >>>

Kart    

Treningstur til Kvannebakkbu

Dato:
20.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
17,3km

Har vore litt dårleg vær i det siste og ein soldag er reine skjære vitaminsprøyta! Ei stund sia eg har vore oppom Kvannebakkbu, og lysta var no tilbake for å prøve å springe opp. Kroppen kjennast endelig restituert etter operasjonen tidlegare i år. Ferdig på jobb kl 14.00 så eg hadde framleis ein lang turdag føre meg i godværet. Starta ifrå Befring Kraftstasjon og ved parkeringa lengre oppe, sto det mange bilar. Ferietider, strålande vær og så er det jo ein indrefilet av eit naturområde i Jølster. Eg mumla noko om at det var litt varmt oppe i bakkane, då eg passerte ein turgåar! I forbifarta var han rask å svare at vi kan ikkje klage!! Nei, nei og atter nei og selfølgelig ikkje.... høyrde eg meg sjølv preike på vidare oppover! Skulle berre ønske eg hadde ein liter >>>

Kart