Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Krakksnova i Solund - Den unike "urskogturen"

Dato:
23.03.2016
Turlengde:
6:49t
Distanse:
14,8km

Dette området er eit av dei heilt spesielle områda på den nordaustre del av Solundøya og urskogen her er unik og har vore tenkt freda. Solund var skogkledd og vart visst nedbrent ein gong i mellomalderen, etter ordre ifrå styresmaktene i København. På den måten skulle det være vanskeleg for "sjørøverane" å gøyme seg. Myrane idag, viser til mange og store røter på at det ein gong har vore eit skogkledd landskap. Sidan området er så spesiellt hadde eg veldig lyst å sjå meir til det. Eg bestemte meg for å undersøke området nærmare, istadenfor å ta den lettaste vegen via sjøvegen. Det skulle vise seg å bli ein skikkeleg urvandringstur i eit særdeles opp, ned og rundt terreng som eg aldri før har gått. Begynte å tenke litt på navnet Krakksnova, og laga min >>>

Kart    

Øykefjellet i Solund

Dato:
22.03.2016
Turlengde:
0:54t
Distanse:
2,2km

Fin kveldstur etter å ha køyrt Miriam til Hersvikbygda, der bestefaren henta med båt. Eg hadde turplaner til Krakksnova 277 moh onsdag og då ei bilovernatting mot Sandvika i nordaustre del av Solund.

Storeknolten i Solund

Dato:
27.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,3km

Medan far sjølv henta familiebesøk på Hersvik og sett meg av i Mattevika på Huvøyna først, så hadde eg ein 1/2 t til å stikke oppom Storeknolten før dei henta meg att på heimturen. Nydelege sommerdager her ute i havgapet....

Kart    

Topphelg i Solund Dag 2

Dato:
01.02.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
5,1km

Starta frå Pollen og Solund verft, det er eit fint utgangspunkt for turstart. Ein godt varda og T-merka sti er det opp til Pollatinden, og svært lettgått tur på mykje konglomorat/svaberg. Solund er eit fantastisk naturområde for klatring og kajakk liv :) http://www.firda.no/Vi_som_elskar_Solund-5-15-26220.html?ns_campaign=article&ns_mchannel=recommend_button&ns_source=facebook&ns_linkname=facebook&ns_fee=0 Litle Færøyna i Solund er også verdt eit besøk :) http://www.seilas.no/wip4/detail.epl?id=446054

Topphelg i Solund Dag 1

Dato:
31.01.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,8km

Husefjellet 168 moh - start ved Steinsund 55 moh - 1,9 km - Høgdemeter 170 m - t/r 55 min. Rånekletten 153 moh - Starth. 45 moh - 1,9 km - Totalhøgde 140 m - t/r 50 min. Liafjellet 244 moh - Start ved Råkevika 15 moh - Totalhøgde 248 m - 2 km - t/r 1,5 t

Kart    

Solund på sitt aller beste :)

Dato:
18.04.2014
Turtype:
Kajakkpadling
Turlengde:
9:11t
Distanse:
21,8km

Gode meldingar til Påske, og lysten på litt anna enn ski toppar (for min del) og lenge prat om Råkehytta i kombinasjon padling og fjellturar! http://ut.no/hytte/r%C3%A5keneset Vi tok ei kjapp beslutning på å ta turen utover...:) Brit Siv hadde nokre oppdrag på skredvarsling til NVE frå Jølster, som ho først var nødt til å få rapportert inn pga langhelg til påske. Sidan eg kjem frå Solund og har foreldra mine der ute, bestemte eg meg for å reise ut litt på førehand og så møte Brit Siv på Råkehytta to dagar seinare. Det var ekstra kjekt at Ola og Ingrid ville vere med, dei kom heilt ifrå Trondheim. Vi møttast på Råkeneshytta og fekk ein kjempe triveleg kveld og nesten morgon, før vi fant ut at kanskje det var på tide å blunde litt!! Det gode turliv .... :) Fredagen vart som bestillt :) ikkje eit >>>

Solund på sitt beste :)

Dato:
17.04.2014
Turtype:
Fottur
Distanse:
21,4km

Starta på Hersvik ca kl 14.30 etter ein heimtur på Færøy. Brit Siv, Ola og Ingrid skulle komme med halv seks ferja til Krakhella og reise direkte til Råkehytta ved Hardbakke. Då hadde eg tid til ein liten rundtur på diverse Solund topper medan eg venta! :) Det ser ut til at det finnast 3 Husefjell i Sula.. Husefjellet 160 moh - Starth. 3 moh km 2,2 Totalstigning 184 m Urdanipa 133 moh - Starth. 62 moh 1,5 km Totalstigning 98 m Husefjellet 166 moh - Starth.11 moh 3,4 km Totalstigning 240 m Ulvegreina 448 moh Dumbetinden 459 moh og Salane 407 moh (I eit Gps logg) Starthøgde 94 moh 11 km Totalstigning 720 m Tid 1,50 t Ravnenipa 232 moh - Starth. 17 moh 3,3 km Totalstigning 262 m

Kart    

Heimtur og fjellturar i Solund :)

Dato:
15.04.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
9,0km

Nydelege meldingar til påske :) Savna havlufta heime, då er det berre å hive seg rundt når dei melder så strålande ver :) ingenting å vente med.... her ute er det veret som bestemmer!! Logistikken til Solund er ikkje som på fastlandet, ting tar tid og i høgtidsdagar er det oftast innstillt eller søndagsruter! Viktig å planlegge litt, men det går heilt fint når ein veit :) Så mellom rutene på utover reise frå Jølster, skal det gå med ein fjell topp mellom rutene .....Kan røpe at det gjekk med 10 min ;) Fordi eg måtte nyte utsikta i godveret og ta med Mednipa like ved :) Rota og nede i starten fordi eg fekk ein tlf samtale akkurat der ein bør vere litt ekstra oppmerksom på merkingar.. som mose grodde varder, røde prikker og skilt. Viktig for å komme rett til oppgangen >>>

Kart    

Ospefjellet ein av gonger

Dato:
21.06.2009
Kart