Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hærleg nedrenn & flott skue ifrå Litlebottsegga -Jølster/Nau

Dato:
06.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:11t
Distanse:
12,9km

Planen idag var Skåhammarsegga. Men, mykje folk oppover i det området gjorde til at vi valgte Litlebottsegga. Ganske så stille natur og fjellet for seg sjølv denne dagen. Sola varma himmelsk :) For ein hærleg fin dag i ca 15 blå med sol som varmar.

Kart    

Gullfjellet og hjertetur

Dato:
10.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:52t
Distanse:
11,3km

Dei to "ungdommane" mine er gjennomsnittleg og passeleg interessert i friluftsliv. Ho likar rolege fine fjellturar og han er over snittet interessert i fiske. Mine rastlause "gener" er eg åleine om...men heldigvis er det velsigna greit ifrå dei begge :) Miriam sto litt på brett i skisenteret då ho var liten. Sidan vart det ei ungdomstid...!! No er ho snart 22 år og interessa er tilbake og det er til stor glede for eit mammahjerte :) Eg har ikkje pressa på dei med mitt turliv meir enn høgst nødvendig!! Men ofte har eg følt at det kjennast egoistisk å suse rundt i fjella, løp, trening og andre fine turar ilag med venner og kjente åleine. Så ekstra stas var det når ho fanga opp Sandfjellet som lørdagens turmål, i strålande sol. Eit fjell eg har fortalt mykje >>>

Sandfjellet eit eventyr av ein ski majestet - Førde/Naustdal

Dato:
06.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:51t
Distanse:
11,0km

Wilderness created by the gods. It was made for all of us ... I think it's part of our soul who needs it. Someone needs it more than others ... Jeremy Jones Ferdig på jobb og det er eit nytt øyeblikk for å nyte vinterkulda, ein klar himmel, lyset, naturen og vennskapet. Med all verdens tid til å kunne fange øyeblikka på kameralinsa, hjertet og i sinn. Takk for ein strålande tur ilag Brit Siv Fimland

Kart    

Kveldstur på Sandfjellet 1249 Naustdal/Førde

Dato:
29.11.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,0km
Kart    

Naregga/Naustdal

Dato:
11.11.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
6,2km

Etter fint snøføre på Hafstadfjellet, var det noko meir blautt oppover stien til Bakkestølen. Den var nok meir lik ei gjørmete smågrov! Med joggesko som vanleg, var eg våt på beina før eg var komt ut av tunet og opp til sti start. Det vart likevel ein flott tur med fin vinterstemning ifrå Bakkestølen. Rakk akkurat ned til bilen før mørket og uten lykt. Det vart også den siste Naustdals toppen min.

Blåfjellet i Flora og Naustdal

Dato:
04.11.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,3km

Dette var rett og slett ein ganske så våt myrtur! Det er nok eit ypperlig skifjell også... :)

Kart    

Ørneklumpen/Naustdal

Dato:
20.10.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
4,1km
Kart    

Høgefjellet i Naustdal som ein fin fjell/treningsrunde!

Dato:
10.09.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
15,0km

Fint å lage sine eigne rundturer i fjella! Ikkje det aller beste veret, men likevel var dette ein topp treningstur og rundtur i nytt terreng :) Fin søndag og fjella for meg sjølv !

Kart    

Ein kjekke jobb!

Dato:
05.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
13,0km

På mange vis... Det er alltid kjekt når ein kan få til ein overnattingstur ilag, ein kjem litt tettare på kvarandre, ein får betre tid til å pratast og meir ro over aktivitetane. Det er kjekt å kunne nytte nærmiljøet vårt på ein sånn måte! Og for vår del med start ifrå Årdalsdalen i Jølster. Fantastisk natur og mange muligheiter av friluftslivsaktiviteter for liten og stor. Vi var litt spente på å sjå det nye tilbygget på DNT hytta og fint var det blitt :) Medan vinden ruska ute, hadde vi det rett så trivelig med god varme og fyr i ovnen. Ekstra kjekt var det å bli betre kjent med det trivelige paret som var komt før oss. Ho tidlegare Bioingenør og han psykiater og forfatter av mange fine barne/ungdomsbøker og teaterstykker. Fine variasjoner i samtale emna vart det den >>>

Kart    

Min dag på jobb :)

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:57t
Distanse:
4,2km

Kart