Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Skoddetur til Eikåsnipa

Dato:
26.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det er berre så digg å være på skia igjen! Eventyrleg føre og pudder å renne ifrå toppen tiltross for lite sikt!! Brit Siv hadde brøyta spor til meg før ho farta vidare avgårde til kysten!

Kart    

Verdens lykklegaste på ski og Eikåsnipa

Dato:
23.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det er det dårlige som gjere det gode godt...det er iallefall min livsfilosofi! Og det er hærleg å kjenne på og vite at ein kan sette pris på det som vi tar for gitt i eigen kvardag. Det laver ned med snø, fantastiske ski og naturbilder å sjå overalt!!! Gjekk og småtrakka litt rastlaust og oppdaga nokre fine morgenfuglspor mot Eikåsnipa. Litt på grensa til å teste skia...men det frista å prøve og eg valgte derfor å stappe trugene i sekken med tanke på nedfarten. Fall er ikkje det heilt beste endå...men å gå jamt på motbakke etterkvart, er berre heilt supert. 40 cm pudder ville ikkje være problem, så det var berre hærleg å sleppe seg ned med telemarksvinger i kontrollerte former :)

Kart     1 kommentar

Eikåsnipa og hærleg ruskevær!

Dato:
19.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Meldt storm på kysten og sterk vind i fjellet! Ferdig på jobb og såg det ruska litt på toppane allerede...men det er berre hærleg med vær og vind så lenge ein er kledd og føler seg trygg! Såg fleire på tur nedover idag, som storkosa seg under fine forhold i puddersnø og med skogskøyring på ski ifrå Eikåsnipa.

Eikåsnipa

Dato:
18.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ferdig med dagens turliv på jobb, fint då å komme seg på eigen tur åleine. Komt litt nysnø men skarete endå opp til 500 moh. Derifrå var det fine skiforhold, litt avblåst enkelte stader etter gårsdagens vind. Traff på to jenter på randonee ski og aldri så lite misunnelig på dei...det kribler litt etterkvart å få gå på ski igjen :)

Kart    

Eikåsnipa og forandring fryder!!

Dato:
16.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,8km

Sidan det var meldt forandring i veret med kraftig vind! Bestemte eg meg for å komme meg opp litt tidleg, skaren heldt meg fint endå. Det har vore strålande ver og blå himmel i lange tider no, så det er litt hærleg å kjenne vinden ruskar igjen. Fint å sjå gråskalaen i naturen og farta på skyene..sånn er det kanskje å være vestlending tenker eg...iallefall for min del :) Dagsentertur Larstunstøylen 4,6 km - 280 hm

Kart    

Eikåsnipa og Larstunstøylen

Dato:
15.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
10,3km
Kart    

Eikåsnipa til fot`s på skaresnø

Dato:
14.02.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Atter ein nydelig og kald dag med 10 minus, har begynt å legge seg litt is på Jølstravatnet. Hadde vore kjekt, men det kan sjå ut til at det skal bli mildare til veka att.

Kart    

Lærerik Observasjonstur på Eikåsnipa

Dato:
13.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
9,8km

Nok ein fin dag med blå himmel, sol og 10 blå også i Førde og 12 i Jølster. Finn Olav Myhren som er rovviltkontakt i Jølster kommune v/Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane ville ta ein tur å sjå på spora utifrå bilda og min observasjon. Finn Olav er over snittet interessert i natur og rovvilt, og derfor vart det ein utruleg positiv og lærerik tur/observasjon ilag. Sidan dette var over tregrensa, kaldt og puddersnø...så hadde ikkje spora utvida seg. Finn Olav seier det kan av og til være vanskeleg å sjå forskjell på ein stor rev og ulv...ein må gjerne følge spora ganske langt for å avsløre. Han såg dette ganske raskt idag utifrå steglengde og det skulle kanskje ha vore eit djupare trykk, men dette er også relativt fordi det kjem ann på kor mykje skaren held kiloen. >>>

Eikåsnipa og kanskje ulvespor!!

Dato:
12.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Fin tur på truger, kaldt og vindstille...ovanfor Uppstunstøylen la eg merke til spor over tregrensa, som også var på grensa til at eg lurer på om det kan være ulv som har traska seg ein svipptur forbi...bilder og info har eg gitt til rov viltforvaltar i kommunen. Som selfølgeleg hadde lyst på ein tur til Eikåsnipa i godværet for å sjekke spor imorgon ;) Utifrå bilda kan det være begge deler som ein stor rev eller ulv....Blir spennande å høyre kva han tenker :)

Eikåsnipa

Dato:
10.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Kart