Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa

Dato:
19.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Bli kjent i eige nærområde!!!

Dato:
18.03.2016
Turlengde:
5:16t
Distanse:
13,0km

Brit Siv på tråden...har du planer om liten tur i dag ? Jauda... turplaner har vi alltid og ein liten tur er eg med på idag, sidan Miriam nett er komt heim på Påskeferie. Lurte litt på Gravsfjellet ifrå Flugedalen og kanskje den slakke slukta opp ifrå Vårstøylen. Er med på alt eg og kjekt med nye ruter og utforske nærområda, på kartet ser det jo elegant ut! Vi luffa flatt innover med tungt utstyr og ser at den elegante ruta ikkje er så elegant! Vi finn ut at været er så bra og det er kjekt å gå i nye areal, den lille turen blir ein mange timars og tilslutt ein litt sein kveldstur. Men det er jo så hærleg å være på tur, nyte lyset, kveldsstemninga som går over til mørke og den stilla. Å orientere seg i mørke med kart på nytt område, sjølv om ein kjenner området >>>

Eikåsnipa slush

Dato:
17.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
15.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Kjekt å treffe på gode naboer...Terje Eikås var på testrunde med nye Atlas truger, han var særdeles fornøgd med det på dagens føre!!

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
13.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Morgentur i regn og tjukk skodde...men fint å nyte den totale stilla rundt seg som skodda gir!! Kun ei rype som flaug ut ifrå varden og som sikkert nok hadde søkt ly ifrå regnet.

Kart    

Blåfjellet i Jølster eit perfekt skifjell...

Dato:
08.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
10,5km

Eit nydeleg skifjell med fantastisk nedkøyring ifrå 1086 moh ned til E-39 203 moh Superfin tur ilag med Brit Siv

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
07.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Nærfjella er dei beste!

Dato:
28.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Endeleg hadde skodda som har omslutta toppen nokre dagar letta! Nydeleg fin dag med solglytt og total vindstille. Mange hadde valgt å ta familieturen sin på Eikåsnipa denne søndagen, fine spor er det oppover no og ein grei topp også for dei minste. Eit artig topptreff denne dagen! For ein god del av dei som held til rundt alle kantar av fjellet, var tilstades eller hadde vore oppom ein tur. Hærleg å nyte godværet og ha tid til den gode fjellpraten med folk du sjelden ser i ein travel kvardag, både liten og stor!

Kart    

Tur nr to og ettermiddagstur på Eikåsnipa

Dato:
27.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Rastlaus og fantastiske telemarksforhold i pudder, til tross for utfordrande flatt lys på toppen. Ein må benytte anledningen, når ein kan med dei flotte skiforholda som vi har no.

Kart    

Morgentur på Eikåsnipa

Dato:
27.02.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Mange på tur idag...Ingvald var tidleg ute på morgenkvisten og slapp akkurat unna skodda som hadde lagt seg på toppen! Triveleg med selskap av Erlend og sonen opp til støylen!

Kart