Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ein hærleg syretur på Eikåsnipa

Dato:
19.10.2018
Turtype:
Løpetur
Distanse:
8,0km

Idag vart det endelig ein real og god syretur! Kald trekk og vind, men opplett!

Haustfargane i eventyrriket "mitt" der oppe ved breen!

Dato:
16.10.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:11t
Distanse:
11,9km

https://www.youtube.com/watch?v=R3ZMfPXgd_M EG KOM OVER BREEN. -Eg kom over breen ei juninatt med tette skodda for synet stengde. Brått vakna morgon då sola spratt og lyset ned gjennom tåka sprengde. Då såg eg eit syn som gjorde meg fjåg. Jølster, Jølster nedfor meg låg. Doggvåt i disig morgonluft. -Oddar og nes ut i vatnet tøygde. Dalane tett innmed fjella smøygde. Eldgamle tun med store tre, låg der og sov i jonsok-fred -Eg slengde meg ned på ein mosut stein og stirde ut over bratte tinden. Rundtom låg fjellheimen kvit og skein. Solskyer leika i morgonvinden. -Då ropa eg ut over dal og høgd. Jølster,Jølster, mi gamle bygd. Ung som på skapningens første dag. -Duld mellom høgfjella vart du funnen. Fordom av fedrar som rudde grunnen. Norrøne ætter frå Auduns tid, hitta seg heim under grøne lid. -Knut K. Øygard https://www.youtube.com/watch?v=QFNtJVg6qQ8

Kart    

Tindefjellet 1083 - Jølster

Dato:
12.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,5km

Ein rask tur ifrå jobb! Sommervarmt og sterk kuling. Eg rakk turen nesten tørrskodd, før dei store nedbørsmengder opna sine sluser! Traff på ein ung kar med stor oppakning og engelsk talande. Han skulle gå over fjellet, han hadde ikkje vore på toppen før. Kjekt å treffe på sånne personer :)

Kart    

Morgenstund har gull i munn! Eikåsnipa & Halvgjerda

Dato:
11.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,4km

Ein super treningstur vart det idag ilag med Ottar Berg, ein av dei gode kamerater ifrå Jølster. Han ligg i opptrening til VM i handbak i Tyrkia for tida! Reiser no på lørdag, men hadde behov for ei treningsøkt til å knote seg ned eit par kg til 90 kg klassa. Han har starta Jølster-handbak klubb. Dei har gjort det særdeles godt på heimebane, Europamesterskap og ikkje minst på tidlegare VM. Blir spennande å sjå resultata ifrå VM i Tyrkia denne gangen. Masse Lykke til Jølster- handbak Klubb :)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
05.10.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Triveleg treff i forbifarten på rasteplassen med Lise.

Kart    

Tindefjellet/Jølster

Dato:
03.10.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,4km

Kart    

Fuktig tur på Eikåsnipa!

Dato:
30.09.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Orkja/Jølster på veg til Sæbø

Dato:
22.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,5km

Laang frukost i rufseveret! Sidan ein beinstrekk oppom Orkja før tur vidare til Sæbø og peakbooktreff ilag med trivelige turfolk!

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
18.09.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Eikåsnipa ein våt fornøyelse! Med håp om kvitt gull på breen

Dato:
14.09.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Ganske så vått og skodda heng langt ned i fjellsida! Trolsk og vakkert og faktisk ganske så deilig å ta seg løpsturar i regnet sånne dagar! Ein blir iallefall ikkje dehydrert! Nokre dager med dette går superfint! Så slår heldigvis den fine optimismen inn, når det då fortsetter endå nokre dager til med bøttevis av kraftpenger. Det er då ein satser spesielt på at det kjem som kvitt gull, der oppe i den gode høgda! Ikkje minst oppe ved Kvannebakknova ved breen etterkvart. For ein mnd. sidan kjøpte Miriam seg nytt brett og var begynt å mase om snø. Eg hadde nok med å fordøye følelsen av kor det vart av sommeren. Kvart einaste år slår depresjonen inn over at, alt går så sabla fort. Ein får knapt tid til å nyte fullt ut kvar av dei unike varierte årstidene våre, før >>>

Kart