Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hærleg nedrenn & flott skue ifrå Litlebottsegga -Jølster/Nau

Dato:
06.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:11t
Distanse:
12,9km

Planen idag var Skåhammarsegga. Men, mykje folk oppover i det området gjorde til at vi valgte Litlebottsegga. Ganske så stille natur og fjellet for seg sjølv denne dagen. Sola varma himmelsk :) For ein hærleg fin dag i ca 15 blå med sol som varmar.

Kart    

Sanddalsfjellet/Steinegga også kalla Nonsnipa på d moderne..

Dato:
05.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,5km

Nonsnipa eller Nonsen er eit kallenavnet på det moderne folkemunnet, det er å høyre mest på denne fjelltoppen! Det nærmaste eg kjem på kartet med noko som liknar Nonsnipa er; Nonsnipestøylen. Så med respekt for kartverket velger eg fortsatt å kalle det Sanddalsfjellet 1193 med tilleggsnavnet Steinegga som står på kartet. Eit navn som eg godt kan forstå! :) Litt mangel på snø har me fortsatt i Jølster. Der er nok mange riper i skia denne sesongen fram til no. Sjølv om der er nydelige vinterlige forhold rundt omkring. Litt vind på toppen gjorde dei 16 minus til ein bitande kald opplevelse. Himmelsk å ha fyr i ovnen og eit badekar like ved etter turen :) Ekstra kjekt at Ingvald og Svein tok seg tid etter sin kveldstur i bakgården her til kaffe på tunet. Fin tur ilag med Inge

Kart    

Blåfjellet & Isdronninga til Astrup i Jølster med fullmåne!

Dato:
28.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:46t
Distanse:
8,6km

https://tv.nrk.no/program/KOID75003617 Må legge ved filmen om ein av dei største målerne Nikolai Astrup ifrå den naturvakre bygda Jølster. Med breen, fjella, vatnet og menneska. Det er staselig å bu som den nesten nærmaste nabo til Astruptunet. Utruleg fint å kunne skue i lyset alle naturstemningane og årstidene. For så å kjenne det igjen i bilda til N. Astrup. https://snl.no/Nikolai_Astrup_-_maler

Måneskintur til Blåfjellet i Jølster/ Svidalen

Dato:
27.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:07t
Distanse:
5,6km

Ein lang dag med plikter! Ferdig på jobb og vidare ned til Førde på datakurs med innsida Sunnfjord Kommune. Ferdig litt over kl 19.00 vidare innom jobb Vassenden for å avslutte arbeidsdag. Då var det endelig himmelsk fint å kunne få spenne på seg skia i Svidalen. Berre lekkert å få nyte den klare vinterkvelden med ein nesten fullmåne og klar stjernehimmel.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
22.01.2021
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Tur på føremiddag! Hærleg å kjenne sola varme!

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
18.01.2021
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
07.01.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Tur til fots, mjølen snø å trakke i..kl 15.49 på toppen. Grått ver og opplett!

Kart    

Litt av indrefileen i Jølster!

Dato:
04.01.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:49t
Distanse:
13,6km

Sidan turen til Bolsetnipa vart heilsnu dagen i forkant! Var planen å ta turen igjen neste dag! Sakna å få til tur med fjellski etter gammalt! Mange planlagte turer på fjellski framover! Då må ein på tur med skia :) Det kunne like godt ha vore fottur! Mangler fortsatt snø i fjella her! Låta som låg i bakgrunn av rapporten! :) https://www.youtube.com/watch?v=wfKRb4fiVPk

Kart    

Eikåsnipa 2 Nyttårsdag!

Dato:
02.01.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Nydelig åleinetur til toppen idag! Stille & fint!

Klauva 847/Jølster- Nyttårsaften & Nytt år 21

Dato:
01.01.2021
Turtype:
Fottur

Mange ganger har det vore tradisjon for meg å tenne eit bål på toppen av eit fjell på Nyttårsafta. Tidlegare har det vore Eikåsnipa 826 som mitt nærfjell. Sidan eg no bur i Sanddalen var Klauva eit fint nytt mål i området. Eit av dei få fjella ein kan sjå både ifrå Vassenden & Skei på kvar ende av Jølstravatnet. Men dette er også eit fjell som krevde eit liv for ikkje så lenge sidan i rasulykkene i Jølster. Etter samtale med pårørande til den som omkom ved dette fjellet, var det positive tanker om å tenne vardebål på toppen av fjellet! Første tur vart på føremiddag med første lasset! Fin nyttårsmiddag med ungdommen, før neste runde til topps med telt og meir ved til vardebålet! Brit Siv hadde vore på tur i Naustdal og hatt sin nyttårsmiddag med fam og venner. >>>

Kart