Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Brossviksåta

Dato:
02.10.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
11,1km

På veg til Bergen for å besøke studenten Miriam, og som bestilt vart det opplett ved turstart :) Jarle med på turen

Kart    

Rundtur på Nosafjellet

Dato:
21.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
11,0km

|

Kart    

Årdal: Skorsfjellet og Bøttejuv på veg til Slettmarkpiggen +

Dato:
21.08.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,2km

Gode meldingar for helga og fine forhold på stortoppane! Lise skulle til Aurlandsdalen og eg skulle treffe Geir Arne på Gjendesheim for å nå nokre fleire fine 2000 moh toppar i samlinga. Då passa det jo fint å ta ein felles fjelltopp ilag, mellom all trøyttande bilkøyring.

Kart    

Ein av dei store naturopplevelsane Vest for Bjørnabreen

Dato:
20.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
18,2km

Ein nydeleg varm sommardag av dei få denne sommaren! Starta frå Esebotnen i turmerka sti ganske så bratt oppover. Stien går like ved toppen med det forlokkande navnet Gulleplet, her var det eit utruleg fint utkiks punkt utover Esebotnen, fjorden og Balestrand senter. Ein del snøfonner att oppover mot toppen, men så pass mjuke, fine å gå. På toppen av Vest for Bjørnabreen er det berre ei vanvittig nydelig utsikt, den svara til forventingane også etter å ha lese rapporten til Arnt arntfla (Arnt Flatmo) Ein tur bortom Keipen høyrer til, dette området har stått høgt på lista lenge og kan anbefalast. Ein godt utnytta dag i vill natur med store kontrastar :)

Tjugatoten i Balestrand

Dato:
19.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
9,0km

Ein utruleg fin og lettgått topp med formidabel utsikt.

Kart    

Fanaråken opp 2015

Dato:
08.08.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
16,8km

Start kl 11.00 frå Turtagrø, regn og yr på morgonen men ellers berre skodde. Flott nok ein gong med ny løyperekord av Johan Bugge på 56.46 og beste Dame, Jølstrajenta Eli Anne Dvergsdal på tid 1.09.31 Løyperekorden Damer har Anita Håkenstad Evertsen endå på tida 1.08.26 (2012)

Kart    

Ein kjekk tur på Molden

Dato:
01.08.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
14,0km

På vegen inn til Lom og eit par dagar med 2000-meters topp samling, så må eg berre stoppe og ta turen innom Molden. Dette er ein av mine favoritt toppar, ryggen opp frå Marifjøra er flott med furuskog og ikkje minst den fine utsikta over den grønne Lustrafjorden inn mot Skjolden. Undervegs møtte eg 5-7 terreng syklistar på veg nedover. Den eine av dei hadde vore så uheldig å miste kameraet sitt på veg nedover og trudde det måtte ligge nesten oppe ved toppen. Eg lova å kike etter det undervegs....då eg nesten trudde at håpet var ute for kameraet, så låg det der plutselig ved sida av stien! det vart ein glad eigar :) Sliten etter å ha pressa meg litt ekstra mot slutten av toppen....merkar eg at det kjem raskt opp bak meg ein kar med særdeles lette steg. Han virka ikkje litt >>>

Kart    

Sågneskollen

Dato:
28.06.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,6km

Fint å parkere oppe ved sti start, godt skilta og merka sti og ein utruleg fin utkiks topp!

Kart    

Storeknolten i Solund

Dato:
27.06.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,3km

Medan far sjølv henta familiebesøk på Hersvik og sett meg av i Mattevika på Huvøyna først, så hadde eg ein 1/2 t til å stikke oppom Storeknolten før dei henta meg att på heimturen. Nydelege sommerdager her ute i havgapet....

Kart    

Klettåsen i Hyllestad og flått terreng nr 1

Dato:
26.06.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
1,2km

Ferdig på jobb, helg, sommerdag og på veg heim til Sula ein tur. Hadde plutseleg god tid til ferga, for alle stoppa i vegprosjekt E-39 ved Sande og utover til Lavik gjekk radigare enn forventa. Fint å få nokre avbrekk i lang bilkøyring og nyte ei sjeldan varm sommersol. Tok av frå Rv og følgde vegen oppover ifrå skiltet Handalen 2 km ved Leirvik senter. Parkert ved fjøset som stod Løvås på og fortsette grusvegen opp til eit koseleg lite hus med sommergjester i. Dei kunne då fortelle at eg ikkje var den første som hadde eit "ærend" ute etter denne toppen :) Lite sti å finne til denne...forventa ein del flått her.....og ganske riktig!! 5-7 stk var på tur på meg... men dei fekk rett og slett ikkje muligheit til å vurdere noko alternativ i det heile. Det var berre >>>

Kart     1 kommentar