Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Austre Rauddalstinden & hauststemning!

Dato:
26.08.2025
Distanse:
23,2km

Roleg morgon inne ved Olavsbu og fint med frukost kaffien i stilla. Returen tilbake til Leirvassbu vart med ein forandring utifrå første plan. Som var tenkt over Austre Rauddalstinen og vidare via Store & Vestre Rauddalstindane. Ulike årsaker forkorta turen og dei tenkte planane! Turen vart likevel ein kjempefin dag i fjellet. Fin dag og tur i fjellet ilag med Inge

Kart    

Store & Midtre Rauddalseggje - Lom, Luster, Midt-Jotunheimen

Dato:
25.08.2025
Distanse:
14,6km

Dagen i forkant var ein innmarsj med tur ifrå Leivassbu over Skogadalsnosi og ryggen videre til Mjølkedalstinden og Olavsbunuten til Olavsbu! Olavsbu er eit fint utgangspunkt neste dag til Midtre & Store Rauddalseggje 2168 moh. Eg bruker alltid å ha med stegjern inn i desse toppane om brekryssinger. Denne gang var stegjern bytta ut med brodder! Det skulle halde hardt i blåisen og det gjekk noko meir tid med det over eit lite stykke bratt smelta bre! Ikkje verre, men nok til at ein tenker at neste gang følger ein med i timen igjen! Fin tur ilag med Inge

Kart    

Skogadalsnosi -Mjølkedalstinden - Olavsbunuten

Dato:
24.08.2025
Distanse:
23,9km

Takk for ein nydelig langtur ilag Sunset (Inge Værøy)

Kart    

Surtningstinden 1997 - Luster/Sognefjellet

Dato:
31.07.2025
Distanse:
14,9km

Ein fin inneklemt godversdag inne ved Leirvassbu gav ein fin tur til Surtningstinden og nesten like god som ein 2K topp :) Med svært gode minner til ein heftig fin tur ilag med Svein https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html

Kart    

Amleholten

Dato:
27.06.2025
Distanse:
3,9km
Kart    

Jostedalsbreen

Dato:
14.06.2025
Distanse:
31,0km
Kart    

Molden i Luster i strålande ver! :)

Dato:
20.05.2025
Distanse:
8,0km

Kjekt med ein tur til Sogndal før kveldsvakt i godværet! På Molden var det mange på tur! Ved steinhytta var det fint å sitte litt i sola og skue toppane før retur! Traff ei eldre dame og sannsynligvis datter. Dei var ifrå Solvorn. Det vart ein trivelig prat med dei om landbruk, ver og verdensbildets uroligheiter! Vi var einige om at det var gull å nyte eit sånt turøyeblikk i slike omgivelser! :)

Kart    

Høgalii - Vik

Dato:
06.05.2025
Distanse:
1,4km

På veg heimover etter konfirmasjon i Bergen, vart det ei overnatting i Myrkdalen i fritids leiligheta til systra mi. Det var kjempe fint å køyre Vikafjellet og Gaularfjellet heim igjen til Jølster. Stadig nye fjelltopper som blir oppdaga :)

Kart    

SOS -Jostedalsbreen nasjonalpark! Austdalsnuten, Rundeggi ++

Dato:
26.04.2025
Distanse:
41,0km

Landet med håp & drømmer! https://www.youtube.com/watch?v=sWvdFIU6hZg Det er ingen selfølge... Dette vart ein ekstra spesiell tur med fokus på natur stilla og det vakre, storslåtte i Jostedalsbreen nasjonalpark. Men, Gondolplanane i gamle Jølster kommune, no Sunnfjord kommune er nærmere ein realitet meir enn nokon gang i Kjøsnesfjorden opp til Tverrfjellet inntil & i randsona Jostedalsbreen nasjonalpark. Alt dette ligg som eit bakteppe til alt som har med Jostedalsbreen nasjonalpark å gjere for tida. Det er no ein virkelig må rope SOS og slå ring om Jostedalsbreen som nasjonalpark meir enn nokon gang. No for første gang sidan 2014 er eg redd for at det er for seint! Det er alt for få som forstår alvoret i snik utbygginga inntil & i nasjonalparkane våre. Vi suser avgårde til våre eigendefinerte mål og der stopper >>>

Kart    

Stølsfjellet vest & aust! Gulen - Flytta punkt!

Dato:
31.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,1km

Då vart det ei ny runde til Stølsfjellet i Gulen. Vi valgte å gå ei anna rute til topps denne gangen. Det var merka sti til stølen med mykje historie i bygningen og ei fabelaktig utsikt over Sognefjorden. Lengre opp mot fjell platået kom det ei overrasking til, med eit nydelig bygg av murer ifrå gammal tid. For ein plass med også fine oaser av små fjellvatn, med utsikt over Sognefjorden og vidare mot vest i havet mot Solund, Hyllestad og Askvoll. Alden og Lihesten er to markante bautaer i skuet inn til dette riket. Andre magiske utsikter er også inn mot vakre Stølsheimen ifrå dette fjellet! Heldigvis endå fri for vindturbiner. https://peakbook.org/tour/356209/Topp+med+nytt+og+rett+topp+punkt+-+B%C3%A5rdfjellet+-+Gulen.html

Kart