Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Dato:
20.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:11t
Distanse:
24,8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Kart    

Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen

Dato:
19.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:24t
Distanse:
32,2km

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet >>>

Hestbreapiggane bortsett frå ein....

Dato:
01.05.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:00t
Distanse:
39,0km

Veldig klar på godver og mulige skiturar på 2000 m toppar :) Det gode er.... at heldigvis er det ein del som manglar dei toppane endå :) Køyrde frå Jølst kvelden før, fine meldingar men og meldt enkelte snøbyger og kaldare til 1 Mai Langhelg! Sognefjellet har endå nattestengt, og på sommardekk vart det litt utfordring på veg inn..Dagen starta suupert og det dreiv litt skodde i fjella, men tenkte kanskje det ville lette!! veret var supert fram til seint ettermiddag og vi var framme ved Låven 2012 moh. Det tjukkna alvorleg til med skodde og drev, hadde vel eit par meters sikt... og måtte gå etter GPS Vi hadde att siste hovedtoppen, Store Hestbreapiggen med ekstra utfordringar.. valget vart då å gi seg på den, sjølv om den sat laangt inne...Men med ei fattig trøyst! "ingen >>>

Kart    

Ein av dei store turopplevelsane :)

Dato:
27.03.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:00t
Distanse:
44,3km

Nok ein nydeleg dag, tindrande klart, stille og faktisk utruleg god temperatur! Etter å ha nytt ein laaang frukost og eigentleg seint igang for dagens turplan...., klokka var allerede 11.30 Tok av opp mot Kvitingen, ikkje så langt frå krysset til der ein tek av mot Sota Sæter. Ca 1,5 km og kr 50 i bomavgift til Kvitingen og vinterparkering der. Fortsette vidare med ski opp skogsbilveg ca 2,7 km til Skjellom, eit idyllisk støylsområde. Herifrå og opp lia mot Tverrfjellet 1952 moh, fekk eg føling av ekstremt laange seige vidder og ein assosiasjon til Jostedalsbreen :) Med eit nydeleg turver og nye områder å sjå så går seige mellomdistanser som ein leik...!! :) Vidare på turen er det eit utruleg nydeleg og storslått naturskue å sjå, frå 2000 moh toppen Hestalshøgde og endå betre >>>

Kart