Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Sju søstre og ein åttande

Dato:
03.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
26,2km

Dei beste turane blir dei som ikkje er planlagt :) Hadde ikkje tenkt meg nord over på fjelltur i år!! Men slik vart det, og det vart ein skikkeleg flott fellestur og fine kveldar ilag med andre fjellgnuar :) Otto hadde gått toppane før, så han og Inger Lise valgte eit annna fjellprosjekt denne dagen. Det vart ei ekstra gode for oss andre som skulle gå heile fjellrekkja. Dei flytta bilen frå Søvik/Alstahaug der vi starta og til Botn ved Sandnessjøen, start utgangspunktet for Botnkrona 1072 moh Vi følgde Riksveg 17 frå Sandnessjøen og ca 18 km sørover til Søvikskaret der Breitinden er første turmål over fjellrekkja. Dette sparte oss for ein seig retur på asfalt tilbake til utgangspunket til kveldinga. Ei ekstra glede då vi kom ned til bilen, var å sjå den innbydande heilnøtt >>>