Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Flistrahornet & Vaulehornet- Ein likandes tur!

Dato:
02.02.2019
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
3:52t
Distanse:
8,6km

Rastlaus og lysten på nye inntrykk igjen! Fine fjell ute ved havet, er ikkje så aller verst å trakte etter på vinteren. Lyset og ver skiftingane ytterst der ute, har noko eige ved seg. Men eg hadde ikkje forventa at det var komt så mykje snø. Så eg stussa eit lite øyeblikk, etter ca 200 hm. Ifrå fot og truger, var eg komt til tidenes vinterland! I over ein halvmeter med laus snø av finaste sort også kalla finaste pudder! Eg ser føre meg pudder utrykket i pudderstøvskya eg brukte i ungdommelige dager på 80 tallet. Pudder var der i rikt monn på begge stader! Så eg sto der ei stund og lot meg irritere over valget mitt av truger. Men det gjekk seg til undervegs :) Det vart til tider nokre små bratte parti mot siste toppen og ein tur som krevde bittelitt ekstra meir energi. Noko >>>

Kart    

Åsebønakken- Eid

Dato:
21.12.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:46t
Distanse:
2,8km

Broddetur og noko gjennomslagsføre på snø.

Kart    

Naustdalskammen

Dato:
14.12.2018
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,9km
Kart    

Eidshornet/Selje

Dato:
14.01.2018
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
1:12t
Distanse:
3,5km

Sterk vind, opp imot kanskje sterk kuling i kasta. Planen var å ta turen innom Berstadhornet 578 moh. Men den lyt vere tilgode i eit seiare høve!

Kart    

Sjåstadvarden/Geitahornet/Selje- Storm ved Stadtlandet

Dato:
13.01.2018
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
2:51t
Distanse:
8,4km

Hoddevika og fjella ved Stadtlandet er ein av dei plassane som for meg betyr mykje. Storhavet, naturkreftene og den nakne barske naturen tiltaler stort. Her ute er det fint å suse rundt på toppane og heile tida ha vidsynet ut mot storhavet. Kanskje det betyr mykje, fordi eg har vakse opp i karrige omgivelsar der vest. Ein finn i alle fall fred her ute til havdønningane og vinden som herskar! Var lysten til å prøve surfebrettet, men ein rekk ikkje over alt på eit døgn...Så det lyt bli til ei helg i februar når vinden leikar litt ekstra. (Bli gjerne med fleire...eg har lova den yngre garde ei helg i februar i Hoddevika) Fin tid å surfe på denne tida, når vinterstormane regjerer! Fine dagar der ute ved storhavet :) https://www.youtube.com/watch?v=Jn5Iv3vVMnw

Kjerringa/Selje

Dato:
13.01.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:22t
Distanse:
2,4km
Kart    

Svartdalshornet-Eid

Dato:
09.09.2017
Turtype:
Fottur

Fin tur på Svartdalshornet, med flotte haustfargar. Stakk oppom Lotsingane på heimtur for ein liten inspeksjon på den ny restaurerte støylen deira. Fint var det blitt :)

Kart    

Fjell og surf - Hoddevika/Stadlandet

Dato:
29.01.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:47t
Distanse:
10,1km
Kart    

Fjell og surf - Hoddevika/Stadlandet

Dato:
28.01.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:31t
Distanse:
7,9km

Kombinasjon hav og fjell er ein stor del av vårt land. Eg har vakse opp ved det vestligaste punktet i noreg og med nordsjøen som nærmaste nabo. Eg har ei stor dragning til havet og bølgene. Men har også lært å sette like stor pris på fjella som utgjere den store kontrasten som vi har i dette landet. Derfor vart lørdagettermiddag og søndag eit fantastisk døgn med opplevelser!

Kart    

Tua-Eid/volda

Dato:
08.10.2016
Turlengde:
2:58t
Distanse:
14,8km

Kart