Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Kabusen og Høgefjellet i frå Haukedalen

Dato:
29.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
13,1km

Møttast på Moskog etter jobb og starta frå Haukedal skule og gjekk ca 400 m på vegen innover dalen, kunne ha parkert på grusplassen ved skilting og stistart. Fin sti å følge opp til Kabusen, og utruleg flott eit skue å sjå utover frodige Haukedalen. Ellers fint å følge vidare delvis sti og sauetrakk over ryggane mot Høgefjellet, som ligg så utruleg vilt og flott til med syn rett inn til Grovabreen. Hadde vi hatt betre tid kunne eg tenkt meg å gå vidare til Høgefjellet 1438 moh Det får bli i eit seinare høve og ifrå Jølster sida. Flott retur tilbake med hodelykt frå toppen med ein stjerneklar himmel, regnet kom på bilruta ved Moskog kl 21.30..fin timing :) Fin tur ilag med Brit Siv

Kart    

Fin tur på Eikåsnipa

Dato:
24.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Ekstra kjekt er det når ungdommen har kjempelyst å være med på tur og fint då å gje seg litt ekstra tid til å fotografere og reflektere ilag. Litt vind og nokre få regndråpar oppe ved toppvarden. Kosetur ilag med Miriam

Kart    

Siste nye på Eikåsnipa

Dato:
23.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Superfint er det med merking av stier og fjell...men sidan det står tydeleg på varden og poskassa med fjellet`s navn høgde og bok så kan det vel kanskje bli for mykje!!

Kletten

Dato:
17.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
0,8km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
15.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Snoadvarden i styrke Storm

Dato:
14.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,4km

Hadde fortalt mykje om kor fint det var på Snoavarden og Kvannebakkbu, den fredelige plassen oppe ved Jostedalsbreen. Det var det mest naturlege for meg og den første plassen eg kom på når eg ville vise til Jølster natur på sitt mektigaste! Veret denne dagen var meldt litt ymse, på Skjorta var det meldt ein vindstyrke på 4-5 m/s og Snoavarden 22-25 m/s Det er ikkje så lange avstanden mellom desse geografisk. Eg stussa litt, tenkte at det sikkert ville bli ein mellomting i vindstyrken og då skulle det gå å komme seg opp om enn ein litt frisk tur. Turfølget mitt tenkte eg var herda og vant med ymse, så det var ikkje så mykje meir å lure på. Vart det for ille, så var det jo berre å snu.... Det bles bra i låglandet og når vi nærma oss Strupen frå Befringsdalen, høyrde vi >>>

Kart    

Tindefjellet

Dato:
11.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,2km

Rask tur etter jobb og eit godt utgangspunkt for å sleppe bilkøyring. Sol og fin temperatur....

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
10.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Traff Irene på jobb og inviterte med på Eikåsnipa, turen ho skulle ha vore med på gjekk i vasken!! Så det var ein ekstra bonus for meg med koseleg turfelleskap :) Nydeleg ver og mange på toppen i dag :)

Kart    

Rundtur Tindefjellet

Dato:
09.09.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
11,2km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
08.09.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Fin dag på jobb og Dagsentertur på Eikåsnipa med blåbærplukking!!

Kart