Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa

Dato:
10.05.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,8km

Dagsentertur Larstunstøylen 4,6 km - 280 hm

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
09.05.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,8km
Kart    

Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp Jølster og Stryn

Dato:
08.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:32t
Distanse:
13,8km

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det >>>

Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
07.05.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
9,2km

Kart    

Siste skitur på Eikåsnipa og blålilla ankel!!

Dato:
06.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Nydelege varme dagar og eg tippar dette blir siste skitur denne sesongen på Eikåsnipa. Kunne renne så vidt nedom støylen på nedtur i slush snø. Sidan eg absolutt skulle renne på siste mm snø så enda det med knall og fall og stålkantkutt med ein litt seinare noko blålilla ankel! Men det er då ikkje noko nytt!! Eg kjem ihug det far min som er lærar sa til meg ein gong..."Eg har hatt mange Europakart føre meg framover Janne....men du er det likaste og vil nok forbli det største" Ankelen er framleis fleirfarga :)

Kart    

Roleg langtur

Dato:
04.05.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
17,9km

Rett og slett berre ein optimal,roleg og hærleg løpstur!

Eikåsnipa

Dato:
03.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Kombinert fot og skitur...Skiføre ifrå støylshøgde på ca 500 moh

Kart    

Larstunstøylen og Holten

Dato:
01.05.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,5km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
30.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det vart ein kombinert ski og fottur idag til Eikåsnipa

Kart    

Nesfjellet i Haukedalen

Dato:
28.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,9km

Planen for ettermiddagen var å ta ein liten passeleg fellestur til Nesfjellet. Brit Siv hadde tenkt å sjå litt på alternative ruter til fjellet og vurdere den som ein skitopp til den nye turboka, Skitoppar i Sunnfjord som er i samarbeid med Fri Flyt og andre fjellglade mennesker i distriktet her. Med litt krøll på jobb for Brit Siv så vart ho og Ina litt forsinka så vi rakk vel aldri i kvarandre på turen. Supert å starte ifrå Nes og følge skogsvegen/Birkeland opp til Nesstølen. Vi kryssa elva ovanfor støylane ved kraftverket, og vidare den fine ryggen opp til toppen.

Kart