Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Tverrfjellet og Snøhetta utsiktspunkt

Dato:
29.07.2014
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:42t
Distanse:
4,0km
Kart    

Dyringshøi 1814 moh

Dato:
21.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
15,8km

Passeleg topp å ta turen innom på veg heim :) Faktisk ein utruleg fin topp, med ein langdryg stein rygg. Flott utsikt til stortoppane i Breheimen og ikkje minst det flotte blågrønne Raudalsvatnet. Får å nå toppen tar ein av ved Storbråta eit stykke før ein kjem inn til Sota Sæter. Fin Skogsbilveg å køyre opp Bråtååsen og til parkeringsmuligheiter oppe ved Raudalsvatnet.

Kart    

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Dato:
20.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:11t
Distanse:
24,8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Kart    

Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen

Dato:
19.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:24t
Distanse:
32,2km

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet >>>

Ranastøngji og Storebottegge

Dato:
16.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:35t
Distanse:
20,3km

Nok ein nydeleg dag i fjellet :) Køyrde frå Hemsedal og inn Grøndalen. Fortsatte vidare opp Hydalsvegen og til endest av Vavatn, eit spesiellt og fint område! Her er det god sti å følgje opp langs med elva, kryssa den ca ein km lengre oppe og fortsatt vidare i godt varda sti og rute til toppen av Ranastøngji. Nydeleg ver og nesten vindstille på toppen og med eit storslått syn til Jotunheimens topper, då er det berre å ta livet med ro og nyte nistepakken og skuet :) Fortsatte vidare i lettgått stein terreng til toppen av Storebottegge 1829 moh. Retunerte litt tilbake og følgde så ryggen fint ned att ved Lysebotn og inn på stien til utgangspunktet.

Kart    

Søre og Nordre Svartkampen

Dato:
14.06.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
9,3km

Køyrde traktorvegen opp til Sveasætri, litt dårleg på siste del av veg!! Ein litt høgare bil er nok grei å ha :) Hærleg dag og ein lettgått fin tur Turfølge Johan S Frå Nordre Svartkampen 1358 moh mot Søre Svartkampen 1369 moh Lunt, delikat og eit nydeleg arbeid :)

Kart    

Store og Vestre Kvitingskjølen

Dato:
13.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
19,5km

Reiste frå jobb kl 14 frå Jølster, tenkte Strynefjellet var raskast å køyre. Nydeleg flotte meldingar vidare til helga, så berre å komme seg på tur :) Tok av litt før Lomsegga og opp ein bomveg som kosta 50 kr Køyrde ganske langt oppover i Meadalen. Tok av i kryss mot Soleggen og køyrde opp til Sålell, parkerte ved Sållelselvi ved ei bru og eit einsleg støylshus. Der traff eg på ein familie frå Lesja, familiefaren var militærmann på sin hals og kona var tysk. Fekk kaffi før eg kom meg avgårde, kl var allerede 19.00 men det var lyst og triveleg, gjekk opp via p 1220 og kryssa Kvitingsgjelet ved Kjølsteinen. Gjekk ryggen opp og innom 1818, her gjekk ein ganske så stor Reindyrsflokk med småkalvar, eit flott syn :) Gjekk fint til fots, berre nokre småfonner att! Ein fjellvåk >>>

Kart    

Ein Heftig og nydeleg Smørstabbtindtravers!

Dato:
25.05.2014
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
15:00t
Distanse:
20,3km

Eit eventyrleg år så langt med finversdagar i fleng, uvant kost for ein vestlending :) Etter ei runde rundt Smørstabbrean forrige helg, var det fristande å ta med resten av toppane denne helga. Svein, Stian og Mona var komt på hytta, eg reiste seint inn fredags kveld etter jobb. Rask avgjerd! Det var meldt litt regn på morgon, men så skulle det bli strålande ver igjen!! Lørdagsmorgen låg skodda temmeleg tjukk rundt teltet mitt, tenkte at det ville bli betre ut på dag. Her var det berre å få i seg havregryna, og få med alt som måtte til for ein lang dag! Denne turen såg eg virkeleg fram til med ei litt skrekkblanda fryd :) Visste det ville bli litt ekstra utfordring med ski over ryggen og med ekstra tung sekk og klatre utstyr. Men det er lyst lenge no og det handler om å gje >>>

Storebjørn og Smørstabbtindane

Dato:
18.05.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
23,6km

Turfølge Svein og Mona deler av turen

Kart    

Hestbreapiggane bortsett frå ein....

Dato:
01.05.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:00t
Distanse:
39,0km

Veldig klar på godver og mulige skiturar på 2000 m toppar :) Det gode er.... at heldigvis er det ein del som manglar dei toppane endå :) Køyrde frå Jølst kvelden før, fine meldingar men og meldt enkelte snøbyger og kaldare til 1 Mai Langhelg! Sognefjellet har endå nattestengt, og på sommardekk vart det litt utfordring på veg inn..Dagen starta suupert og det dreiv litt skodde i fjella, men tenkte kanskje det ville lette!! veret var supert fram til seint ettermiddag og vi var framme ved Låven 2012 moh. Det tjukkna alvorleg til med skodde og drev, hadde vel eit par meters sikt... og måtte gå etter GPS Vi hadde att siste hovedtoppen, Store Hestbreapiggen med ekstra utfordringar.. valget vart då å gi seg på den, sjølv om den sat laangt inne...Men med ei fattig trøyst! "ingen >>>

Kart