Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Aconcagua samling og Tur til Store Ringstinden

Dato:
18.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
8:00t
Distanse:
22,7km

Etter stor turen vår til Aconcagua i februar 2012 har vi lenge snakka om å få til ei samling og fjellhelg. Som alltid passa det ikkje for alle, men vi vart nokre stykker som fekk ei strålande helg på Turtagrø. Svein som var med på turen ifrå Jølster, har bygt seg hytte i området så vi hadde det perfekte utgangspunktet frå Storehaug, ca 1 km frå Turtagrø og like ved Tindefjellsvegen. Etter ein solid og triveleg frukost lørdags morgen, var vi klar for Store Ringstinden. Perfekt ver og føre var det og sikkert 50 stk på toppen denne dagen :)

Kart    

Molden stopp på veg til Turtagrø og Aconcagua helg!

Dato:
17.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
8,0km

Nydeleg ver meldt i lange tider framover! Som bestilt til det planlagte fjell helg treffet vårt :) Etter jobb var det berre å komme seg avgårde... Ganske fint faktisk å sitte i bilen ei lita stund til tross for god veret! Fint er det å skue toppane og naturen som eksploderar i flotte sterke fargar no i vårvarmen.

Kart    

Store og Vetle Haugmelen

Dato:
23.10.2014
Turlengde:
2:23t
Distanse:
17,0km

Ferdig på jobb og det stri regnar I Jølster...Litt lettare ver i Sogndal og Kaupanger. Det er ikkje så mykje å lure på då :) To hoved toppar hadde eg tenkt å ha med denne dagen også Storehaugfjellet på den andre sida ved flyplassen, som ser ut til å ha lik høgde. Irene hadde fri og visste også at veret var lettare her, og var allereie i området. Eg fekk nokre gode tips på vegbeskrivelsar og start utgangspunkt, ei god hjelp :) Tok av frå Kaupanger sentrum mot Dalåker. Køyrde til endast og til bom, parkerte der. Følgde hoved skogsvegen oppover forbi Goro og til Vassløysa. Vegen er først merka med blått, sidan raudmerking og etterkvart skilta til Store Haugmelen. (Ypperlege sykkelområder) Frå støylar ved Vassløysa er det merka med skilt og god sti til S. Haugmelen som >>>

Fanaråken og Steindalsnosi

Dato:
09.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
21,3km

Hadde så stort tenkt meg til å springe Fanaråken også i år. Synest det er eit fint løp og har tidlegare kombinert med å gå nokre 2000 m toppar. Denne gangen tenkte eg skulle plukke med Steindalsnosi på retur etter løp. Fine meldingar og ikkje for varmt så eigentleg heilt ypperlege forhold. Reiste innover mot Turtagrø fredag ettermiddag med plan om overnatting i telt, eit fint liv :) På veg innover kjende eg på litt murring i kroppen, følte at dette lovar ikkje bra!!! Kom til Skjolden, så var fjelltoppane der oppe innehylla i svarte skyer og eit skikkeleg torever og med lyn nok til eit heilt scene show:) Kom opp til Turtagrø og litt i villrede om å tore sette opp teltet og heller sove i bilen. Har no høyrt at det skal vere det tryggaste... :) Snakka med eit par kara som nett >>>

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Dato:
20.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:11t
Distanse:
24,8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Kart    

Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen

Dato:
19.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:24t
Distanse:
32,2km

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet >>>

Nipa i Luster

Dato:
24.05.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
6,2km

Sidan skodda låg tjukk på Sognefjellet, og Smørstabbtindtraversen måtte vente ein dag! var dette eit flott alternativ. Luster er eit heilt spesiellt nydeleg område, og etter ein tur på Molden var denne passeleg å avslutte dagen med. Hadde tenkt å gå opp frå Marifjøra der eg hadde parkert, men pga voksterleg gras og bø. Droppa eg det, for å ikkje trakke det ned!! Så eg valgte å køyre opp til Joranger ved kyrkja og parkere der. Stien til Nipa starta like ved og bak eit nytt bustadhus med eit påbygt tårn..lett å kjenne att. Fint terreng, god sti og nok ein populær sykkel topp. Her kjem ein opp til eit flott støylsområde med bok å skrive seg inn. Nydeleg utsikt frå Nipa inn mot Jostedalen, Engjadalen og Molden. Solo på tur

Kart    

Molden frå Marifjøra

Dato:
24.05.2014
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
14,0km

Start frå Marifjøra og kaia ved Tørvis hotell Solotur

Kart    

Storebjørn og Smørstabbtindane

Dato:
18.05.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
23,6km

Turfølge Svein og Mona deler av turen

Kart    

Molden på heimtur !

Dato:
02.05.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,2km

På veg heim frå tur i Jotunheimen, i eit strålande ver. Bestemte eg meg for å stikke ein tur oppom mot Molden att. Tok med skia for å være på den sikre side...! Det vart nokre høgdemeter med ski på sekken. I snøhøgde så viste det seg, at eg denne gangen kunne ha gått til toppen på skare føre til fots. Men sidan eg hadde drege med skia, så skulle dei iallefall gåast på til toppen!! Mykje folk på Molden idag :)

Kart