Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Surtningstinden 1997 - Luster/Sognefjellet

Dato:
31.07.2025
Distanse:
14,9km

Ein fin inneklemt godversdag inne ved Leirvassbu gav ein fin tur til Surtningstinden og nesten like god som ein 2K topp :) Med svært gode minner til ein heftig fin tur ilag med Svein https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html

Kart    

Slogen ilag med Miriam

Dato:
22.07.2025
Distanse:
7,1km

Miriam hadde fri og ho hadde eit ynskje om tur på Slogen. Det var berre å hive seg rundt for veret var over snittet bra. Det var blikkstille og 30 grader pluss heilt til topp`s og det var nesten for varmt oppover bakkane. Men, virkelig ein innertier av ein tur ilag.

Kart    

Oppsynstur til Kvannebakkbu - Jostedalsbreen Nasjonalpark

Dato:
30.06.2025
Distanse:
6,8km

På tide med ein ny oppsyns tur til Kvannebakkbu /nødbu etter vinteren. Hadde ein dag til rådigheit imellom jobb økter & mykje ver! Ringer og melder Joar som alltid med jamne mellomrom, for også kontakt blant anna til nødbua, sidan ansvaret er overført vidare! Veldig kjekt og ei ære å kunne få følge videre opp denne nødbua. Dette er også eit arbeid vidare, for å prøve å oppretthalde ånda til det som mellom anna Joar & Kjetil har og hadde som sine tanker & idealisme til nødbua. Eg gløymer ikkje henvendelsen ifrå Kjetil. Som spør om eg kan tenke meg å vidareføre engasjementet med sjel å passe på og sjå til at nødbua har det bra. Eg kjenner ein følelse av ære å få ein sånn henvendelse som eg tek med meg vidare. (Det er ikkje for å skryte, men dette tar >>>

Kart    

Regntur til Veslvassfjellet - Vågå på heimveg!

Dato:
23.06.2025
Distanse:
3,2km

Det bøtta ned med regn denne dagen og det var denne gang lite motivasjon å hente! Men, valget å finne ein liten beinstrekk som avveksling på fleire timer i bil, var for stor! Når ein først er på gang, så er alt greit! :) Og ingen ting er betre enn løpsturer i regn, seier det i mitt hode! Sjølv om dette ikkje var noko løpstur i våt & sleip motbakke. Traff ei dame på tur i regnponcho som kom over høgda mot toppen, men i motsatt retning. Ho såg veldig fornøgd ut der ho gjekk! :) Fekk undervegs nokre meldinger ifrå NRK Vestland om funnet mitt av eit GoPro kamera på Kjenndalskruna for litt sidan. Eg fekk raskt gode tips og eigaren av GoPro kameraet vart funnet. Valgte å droppe intervju, er ikkje god på sånne muntlige nyhetsaker! Sjølv om det virkelig var ei utruleg positiv >>>

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
08.06.2025
Distanse:
5,2km

Pausetrim på Eikåsnipa.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
07.06.2025
Distanse:
5,2km

Ein tur før langvakt! Mykje kjente folk på tur til fjelltrimpostane :)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
06.06.2025
Distanse:
5,2km

Tur før kveldsvakt! Fjellet for meg sjølv :)

Kart    

Uførefjellet - Flora

Dato:
01.06.2025
Distanse:
5,2km
Kart    

Klauva - Jølster - Fjelltrimpost

Dato:
30.05.2025
Distanse:
7,0km

Fjelltrimpost til Klauva og tur i lag med Miriam. Kaldt, regn og skodde på toppen! Det vart ein våt bursdagstur for Miriam i dag. På dei fleste bursdager til Miriam på denne datoen i 29 år. Så har det stort sett alltid våre sommer og sol. Nymerka sti i høve fjellpost trimmen. Vi tok ein eigenvariant på returen over myrane! Tur til Klauva er veldig fin via skogsvegen ifrå Strand ved Jølstravatnet. https://peakbook.org/tour/520943/Klauva+-+J%C3%B8lster.html

Kart    

Midtmorgonshornet & Varden - Fjord

Dato:
27.05.2025
Distanse:
9,4km

På heimtur vart det rundtur til Midtmorgonshornet og Varden før regnet kom sigande! Heldig med veret på tur i Sunnmørs og Romsdalsfjell. Heime i Jølster var det ikkje det beste veret denne perioden! Godt trakka sti ifrå/ved Omnane opp til Varden 842 og ryggen ut via Vikahornet og ned til Vikastølen. Traff ein lokal kar som forklarte at det fantest eit svakt trakk ifrå Dyrkornstølen opp mot ryggen til Midtmorgonshornet. Trakket forsvant ganske så raskt opp forbi støylane. Men, det var ein fin rygg å gå.

Kart