Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Øvre Salen - Lærdal - Nydelig dag! :)

Dato:
27.02.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:04t
Distanse:
11,0km

Etter ein litt knotete tur opp på Søre Knipen med heller lite sikt og kraftig vind. Var det vidare superfint med planlagt kveld og natt i bilen til neste tur Øvre Salen. Kvelden vart nytta til å mimre filmen Fjolls til fjells. Eg trur det måtte komme som ein etterfølge av fallet i vindgryta på veg ned ifrå Søre Knipen :) Digger berre den filmen som var påskefilm nr 1 og med den legendariske hærlege Leif Juster i hovedrollen som hotellbestyrer Poppe. :) https://www.youtube.com/watch?v=v0dGJ3R7f_M Yr hadde lova litt meir sikt og sol med påfølgande kuling på toppane denne dagen. Heilt greit, vind kan være fin musikk og nytelse å skue for øyre og syn. Gleda meg stort til å få nyte dagen med skue til gromtoppane i horisonten.

Kart    

Søre- Knipen - Årdal /Sør-vest Jotunheimen

Dato:
26.02.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:49t
Distanse:
8,9km

Det vart ein tur med skjerpa sanser! Null sikt, vind og gps styring for å komme på toppen. Planen var begge toppane, men det var ikkje aktuelt i dette veret og føret! Eg har faktisk ganske så stor sans for desse turane også. På nedrennet tenkte eg at spora var kjekke å følge, men eg lyg ikkje når dei heldt meir enn ca halvmeteren undervegs! Fallet i ein vindskavl på nedrennet var nesten komisk! Eg var eigentlig obs på faren i forkant i samme spor som opp! Men, brått var den der med 2 meter ned. Med heldigvis ei mjuk snølanding :) Det vart med Søre Knipen og Graveskarnosi 1532 moh blir til fots i forbifarten ved neste høve :) Fin tur ilag med Inge

Kart    

Sanddalsfjellet i Jølster - Kortreist! :)

Dato:
25.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:25t
Distanse:
7,6km

Nydelig tur til Sanddalsfjellet og legendarisk skiføre! Snakke meg om lykkefølelse i sånne omgivelser, stemning og lys. Ikkje minst silkeføre i nedrennet på heimtur :)

Kart    

Høgehesjane - Fjaler

Dato:
21.02.2022
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
5,8km
Kart    

Gulldag før kveldsvakt - Olahansfjellet i Jølster

Dato:
18.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,3km

Fin start på morningen med gull for Johannes T. Bø før tur til Olahansfjellet. Tur skulle gå akkurat før kveldsvakt halv tre. Nydelige skiforhold med nytt hærleg påfyll av laussnø! Alle spor var viska ut på Olahansfjellet. Kom heim igjen ifrå nydelig tur, så var det jammen også gull å få igjen sola på Rabben i Sanddalen. Det går mot lysare tider :)

Kart    

Kletten - Førde

Dato:
17.02.2022
Turtype:
Fottur

Tur x 3

Kart    

Lykke på Eikåsnipa

Dato:
11.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Før ekstravakt måtte eg berre nyte dei nydelige forholda som er på Eikåsnipa no. Holdt på å bli forsein på jobb! Det var så mange kjente på tur med samme tanke. Bård, Håvard og Elias var superheldige som fekk sola i tilegg under sin tur. Kjekt å diskutere fjell og skiforholda rundt om. Alle var også skjønt einige om at det var godt at Frudalstunnelen var stengt. Så me sunnfjordingar kunne ha pudderfjella for oss sjølve ei lita stund :) På veg ned ifrå toppen var det ingen tvil på lang lei, kven som aksllererte rimelig kjapt oppover bakkane. Det var selfølgelig Mikael som hadde tenkt seg ei treningsøkt x 3 til toppen før jobb. Nede på støylen rakk eg å måke av taket, før det nye snøfallet med mildver var på veg. Utruleg kjekt med så mange på tur :)

Kart    

Hærleg kveldstur til Eikåsnipa med polarekspedisjonserie

Dato:
08.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Etter ein tur til Sandane og på Bolberg på føremiddag. Var det supre forhold på Eikåsnipa til kvelden. Sidan var det interessant å sjå serien om verdens største polarekspedisjon, omhandla klimaforskning. Kan anbefalast på det varmaste å sjå :) https://tv.nrk.no/serie/verdas-stoerste-polarekspedisjon/sesong/1/episode/1/avspiller 2. episode https://tv.nrk.no/serie/verdas-stoerste-polarekspedisjon/sesong/1/episode/2

Kart    

Bolberg - Gloppen

Dato:
08.02.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:40t
Distanse:
3,0km

Kart    

Storåsen & Lilleåsen - Flora

Dato:
07.02.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,8km

Eit lite opphald i bygeveret og stormane... https://no.wikipedia.org/wiki/Guleslettene_vindkraftverk

Kart