Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa i vinterskrud!

Dato:
17.10.2021
Distanse:
5,2km

Kart    

Orkja i Jølster

Dato:
16.10.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,6km
Kart    

Halvgjerda i godt lag!

Dato:
12.10.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,9km

Kjekk tur etter jobb ilag med Inger og Kelly. Litt smelta nysnø igjen på toppen. Synd at skodda låg og at Inger ikkje fekk sett utsikta ifrå sin første tur på Halvgjerda.

Kart    

Storskavlen i ein av "kongsgardane" - Aurland S&F

Dato:
10.10.2021
Turlengde:
7:05t
Distanse:
23,8km

Ifølge yr låg det an til siste fottur før snøen var venta til kvelden og vidare fram på langtidsvarselet. Tok sjansen på at dette skulle stemme! Noko som det faktisk gjorde på timen omtrent. Så det vart ein ufattelig flott og vellykka tur i brytninga imellom ein sein haust og ein gryande kong vinter. Dette ilag med dei meldte kulingkasta mot toppen av Storskavlen. Hærleg frisk tur med mange fine element å nyte. https://kartverket.no/globalassets/geodataarbeid/standardisering/standarder/standarder-geografisk-informasjon/norges-offisielle-hoydesystemer-og-referansenivaer-2.1-standarder-geografisk-informasjon.pdf?fbclid=IwAR3Asl7fnUjFt2pMkTrlTDUnKghItfQQGtvu12nT3pGcLZUQO9Vi1t2Lkic https://no.wikipedia.org/wiki/Fastmerke

Kart    

Langevasseggi - Aurland

Dato:
09.10.2021
Turlengde:
2:14t
Distanse:
7,2km

Køyrde ifrå Jølster etter sein ein frukost! Og rakk ein fin tur før mørket kom sigande! Campa i området til neste morgons tur til Storskavlen. Etter vermeldingane låg det an til å gå akkurat til fots før vinteren banka på døra, det etter yr sine langtidsprognoser. Noko som faktisk skulle stemme på timen også etter foholda. Har erfart at yr kan stemme ganske så bra og samtidig er det ingen fellesnemner i det heile. Men, då har ein i allefall erfaringa i mente for planlegginga :)

Kart    

Kletten - Førde

Dato:
07.10.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
2,1km

Kart    

Isdronninga i Jølster! Blåfjellet, Egga & Nipa - N. Astrup

Dato:
06.10.2021
Turlengde:
2:45t
Distanse:
8,3km

Denne turen er fjella i Isdronninga til Nikolai Astrup! Kjenner ei stor lykke når eg tenker Jølster, Jostedalsbreen, fjella og ikkje minst til naturen & verdens kunstnaren midt opp i alt dette; Nikolai Astrup. Hadde han levd, så hadde han vore ein veldig nær nabo. Idag kan vi nyte fortsatt naturen! Og vidare berre elske det ein kjenner igjen som det han elska, å formidle stemningane & naturen her i Jølster. https://tv.nrk.no/program/KOID75003617 Strålane tur i vekslande ver! https://www.youtube.com/watch?v=T-x73IZ4dxE&t=768s

Kart    

Eggane- Hærleg, haustleg rufsetur i fantastiske omgivelser!

Dato:
04.10.2021
Turlengde:
2:23t
Distanse:
8,8km

Som overskrifta beskriver! :) Fantastisk fint å være på tur når det bøtter ned, vinden tek nesten pusten ifrå ein. Og ein er så heldig å stige inn i ei open bu ved Øykjeheivatnet 887 moh. Det i dei verste stormkasta! Botnafjellet 1572 moh har eg vore på før i 2012 ifrå Indre Kandal. Kjekt å gå turen idag, ifrå Ytre Kandalsstøylen. Dette var ein innertier av ein tur med nydelige haust kontraster i fantastisk vill & vakker natur. Turen er faktisk merka med god sti opp til bua og Øykjeheivatnet. Det ligg også i Landskapsvernområde ikkje minst :)

Orkja - Jølster

Dato:
01.10.2021
Distanse:
3,6km

Tur før kveldsvakt!

Kart    

Eikåsnipa & Aamodt

Dato:
29.09.2021
Distanse:
5,2km

Ferdig på jobb! Alltid fint å stikke ein tur oppom på Eikåsnipa. Ei fin avslutning på dagen var å lytte til foredrag med Kjetil A. Aamot

Kart