Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ekstra beinstrekk i Bakgården...

Dato:
09.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,6km

Praktisk dag i heimen! Med mykje sortering og rydding ifrå alle flyttekasser! Blir litt rastlaus etter eit par timar med frustrasjon over alt som eigentlig er kjekt å ha...Der eg meiner det fortsatt er for gale å hive! Har om ikkje anna klart å komprimere ting i eit fint & nytt system :) Meldt litt solgløtt mellom byger på ettermiddag og fint å ta ein beinstrekk ifrå tunet då opp til Bjørndalsstøylen.

Hærleg nedrenn & flott skue ifrå Litlebottsegga -Jølster/Nau

Dato:
06.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:11t
Distanse:
12,9km

Planen idag var Skåhammarsegga. Men, mykje folk oppover i det området gjorde til at vi valgte Litlebottsegga. Ganske så stille natur og fjellet for seg sjølv denne dagen. Sola varma himmelsk :) For ein hærleg fin dag i ca 15 blå med sol som varmar.

Kart    

Sanddalsfjellet/Steinegga også kalla Nonsnipa på d moderne..

Dato:
05.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
9,5km

Nonsnipa eller Nonsen er eit kallenavnet på det moderne folkemunnet, det er å høyre mest på denne fjelltoppen! Det nærmaste eg kjem på kartet med noko som liknar Nonsnipa er; Nonsnipestøylen. Så med respekt for kartverket velger eg fortsatt å kalle det Sanddalsfjellet 1193 med tilleggsnavnet Steinegga som står på kartet. Eit navn som eg godt kan forstå! :) Litt mangel på snø har me fortsatt i Jølster. Der er nok mange riper i skia denne sesongen fram til no. Sjølv om der er nydelige vinterlige forhold rundt omkring. Litt vind på toppen gjorde dei 16 minus til ein bitande kald opplevelse. Himmelsk å ha fyr i ovnen og eit badekar like ved etter turen :) Ekstra kjekt at Ingvald og Svein tok seg tid etter sin kveldstur i bakgården her til kaffe på tunet. Fin tur ilag med Inge

Kart    

Legendarisk i Lustrafjell!!

Dato:
01.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:09t
Distanse:
13,6km

To netter i 20 blå med skiturer i krystallsnø eller kall det pudder i Luster er berre lekkert! Primusen var tung å dra igang til morgenkaffe! Men det er det verdt :) https://www.youtube.com/watch?v=BdGeSIHgCb8

Kart    

Vågsberget - Luster

Dato:
31.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:09t
Distanse:
12,9km
Kart    

Vorfjellet 1210 - Luster

Dato:
30.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:28t
Distanse:
8,3km
Kart    

Blåfjellet & Isdronninga til Astrup i Jølster med fullmåne!

Dato:
28.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:46t
Distanse:
8,6km

https://tv.nrk.no/program/KOID75003617 Må legge ved filmen om ein av dei største målerne Nikolai Astrup ifrå den naturvakre bygda Jølster. Med breen, fjella, vatnet og menneska. Det er staselig å bu som den nesten nærmaste nabo til Astruptunet. Utruleg fint å kunne skue i lyset alle naturstemningane og årstidene. For så å kjenne det igjen i bilda til N. Astrup. https://snl.no/Nikolai_Astrup_-_maler

Måneskintur til Blåfjellet i Jølster/ Svidalen

Dato:
27.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:07t
Distanse:
5,6km

Ein lang dag med plikter! Ferdig på jobb og vidare ned til Førde på datakurs med innsida Sunnfjord Kommune. Ferdig litt over kl 19.00 vidare innom jobb Vassenden for å avslutte arbeidsdag. Då var det endelig himmelsk fint å kunne få spenne på seg skia i Svidalen. Berre lekkert å få nyte den klare vinterkvelden med ein nesten fullmåne og klar stjernehimmel.

Kart    

Bjørndalen for seg sjølv

Dato:
11.01.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark

Komt eindel nysnø ca 20 cm. Fin tur ifrå trappa og opp i eventyr riket i Bjørndalen med masse hærleg nysnø. Det mangler fortsatt endå litt, for at skia skal ha eit bra liv. Nydelig er det å få ha den freden og stilla for seg sjølv. Medan alle suser på enkelte populære nabotopper!

Gottopphesten /Balestrand & Trigonometrisk historie!

Dato:
27.06.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:07t
Distanse:
13,2km

Strålande ver og framleis lekkert vårskiføre må utnyttast til det siste! Det ligg endå mykje snø i høgfjellet. Då er faktisk Gaularfjellet fortsatt optimalt til å spenne på skia og det ifrå bilen ved turistpunktet ved Utsikten 717 moh. Etter ein morgentur på Eikåsnipa med diverse heimearbeid! Vart det vidare å pakke bilen med skiutstyr for ei strålande helg ilag med kjekt turselskap! Det vart ein trivelig fredagskveld og natt på Gaularfjellet i forkant av lørdagens turmål i godt lag! Takker for strålande turdag ilag Brit Siv & Mariann :) https://www.kartverket.no/kunnskap/Historie/Landkartlegging-gjennom-tidene/?fbclid=IwAR1fhGQd1IRAZE3n4CSzKUyNKS3fBemcg-Fujk9l950aATpmasQxKsKWZOA

Kart