Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ein oppfriskar på Tindefjellet....

Dato:
24.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:17t
Distanse:
8,5km

Snø eventyret ser ut til berre å ville fortsette og flott nysnø er dagleg ferskvare!! For å variere litt på dei kort reiste toppane er Tindefjellet eit supert alternativ. Starta etter jobb i 17.00 tida frå Berg i Svidalen. Ingen ski spor i dag, nydeleg julekortstemning i skogen oppover mot ryggen til Gygraklovet. Nokre skaplege Vestabyger med snø, fekk vi undervegs. Hadde droppa Gps i dag, tenkte at ruta kan vi i blinde om litt dårleg sikt. Dårleg sikt vart det til gangs, vidare frå toppen Gygraklovet...men vi hadde litt referanser i enkelte steiner oppover på ryggen så det gjekk greit. Oppe ved varden på Tindefjellet var det rett og slett rufsete ver, litt vind, tett snøkave og skumringstime. Vi venta litt på toppen til det mørkna heilt, ofte litt betre å sjå konturar då >>>

Eikåsnipa og vintertelting

Dato:
22.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,2km

Sidan overnattinga vi hadde planlagt frå den 13-14 vart spolert av eit vanvittig lyn og torever! Bestemte vi oss for å ta det att i eit betre høve, friluftsår kan vi jo feire/markere på eit vis kvar dag... :) Sidan det var midt i veka, og dei fleste skulle på jobb. Vart Eikåsnipa eit fint og passeleg turmål for alle og med kort køyring. Eg tok ein tur rett etter jobb opp på Uppstunsstøylen med telt og diverse, det er godt alt som er ordna i dagslys. Kl 21.30 luffa vi til fjells med tungt utstyr, kamera og diverse andre nødvendigheiter...for tidenes vintertelting ;) :) Eikåsnipa nådde vi til kl 23.00 litt seint men pytt!! Brit Siv og Marion hadde fotografering på timeplanen og teste lukkertid på kamera. Dette varte og rakk fordi eg hadde jo ikkje det store tolmodet til å stå >>>

Nydeleg kveld på Sandfjellet 1249 moh

Dato:
21.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:00t
Distanse:
9,0km

Ferdig på jobb og heimom ein snartur for å hente ski sekk.....nydelege dagar og vett til å bruke ledig tid til nydelege vinteropplevelsar i godt selskap :) Parkerte ved Indrebø gard, og følgde Tverrelve-botnen opp eit stykke. Kryssa elva og gjekk aust ryggen bratt opp langs ved "Pegilgjelet" Gode forhold denne dagen, men kan vere eit ras utsett område mot Sandfjellet. Vi hadde bestemt oss for å bruke ettermiddag/kveld for å nyte natur og fotografering. På toppen kl 18.00 uten hodelykt, fantastisk stjernehimmel og nordlys. Britt Siv og Ina skulle rekke eit møte i kajakk klubben, så me brukte ikkje lengre tid på toppen før vi starta heimturen i eit fantastisk nedrenn, silkeføre og puddersnø :) Takk for ein minnerik turopplevelse Brit Siv og Ina Bruland

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
20.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:48t
Distanse:
5,2km
Kart    

Steinegga

Dato:
19.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
8,4km

Fin kveldstur med klar stjernehimmel, 6 blå og nesten vindstille på toppen. Nydeleg nedrenn i masse hærleg snø... Turfølge Brit Siv Fimland og Marion Lexau Nødset

Kart    

Tindefjellet

Dato:
11.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
8,5km

Fin søndagstur litt ut på dag...overraskande fint føre etter det som skulle ha vore eit svært vindfyllt døgn...heldigvis vart det ikkje så gale her i dette området, som det var meldt med Nina "Storm og orkan" Litt dårleg sikt på toppen og avblese...men faktisk utruleg stabil snø austsida i nedkøyringa, der den ligg godt skjerma for vind av Sør ryggen. Fleire på tur i dag, traff to på Gygraklovet :) Turfølge Brit Siv Fimland, Marion Nødset Lexau og Ingvald Kvåle

Kart    

Stjerneklart og hærleg topptur på Tindefjellet

Dato:
09.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t
Distanse:
8,5km

Dårlege meldingar framover dei neste dagane. Mykje fin nysnø og gode forhold, då prioriterer eg virkeleg ledige stunder til sånne fine naturopplevelsar. Det vart ein fantastisk tur litt seint etter jobb, men så pass at vi fekk med den rosa og blålilla timen innover Jølsterfjella og breen. Nydeleg stjerneklar himmel til topp`s Såg bål på toppen av Sandalsfjellet, og fleire med hodelykter rundt om i fjellsidene. Stabilt og nydeleg skiføre ned att til bil, hadde ein hare framom meg i lange stunder nede i skogsområdet, trur han var litt stressa stakkar...tilslutt forsto han at det gjekk å ta eit høgrehopp!! Det var igrunn eit fornøyeleg og eit litt komisk syn :) Kjempefin tur ilag med Brit Siv Fimland og Marion Lexau Nødset

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
07.01.2015
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:42t
Distanse:
5,2km
Kart    

Nyttårsafta 14- Eikåsnipa og Hafstadfjellet

Dato:
31.12.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
14,0km

Fint å avslutte årets Nyttårsaften med det ein gjekk inn i året 2014 med, ein tur på Eikåsnipa er då eit sjølvsagt turmål :) Det har vore eit utruleg flott tur og trenings år ilag med mange trivelege mennesker :) Samandrag i år: 446 turar - 382.136 Høgdemeter ( 1046 høgdemeter snitt pr dag ) - 4127 km. Gleder meg stort til neste tur år med vidare nye muligheiter, ikkje minst eit spesiellt nytt år...Friluftslivets år 2015 Godt Nyttår alle TURFANTAR :)

Kart    

Olahansfjellet

Dato:
30.12.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:30t
Distanse:
8,7km

Kart