Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vårtur på Eikåsnipa

Dato:
27.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det blir nesten å bære skia til støylen på ca 500 moh. Hærleg tid no med livleg fuglekvitring og sildrande bekkar. Kjem på diktet til Jakob Sande... Fjellbekken Villbratte høgfjell blånar, i stråledis, tind ved tind. Breane brest og brånar for vårsol og maivind. Det susar i stengde dalar, der trolltjønna, myrk og vill, mot audslege svadberg skvalar, i vårnatta, stor og still.

Kart    

Ymse feiringar....på Sandfjellet i Naustdal/Førde

Dato:
24.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
16,0km

Nydeleg dag, eg skulle ha vore turleiar på Kvannebakkbu i Jølster og Jostedalsbreen denne dagen. Men pga "dårlegare" meldingar og ei viss skredfare valgte vi å avlyse den turen. Eg var selfølgeleg glad for å farte på min egen tur ilag med gode venner. Eg plukka Brit Siv opp og vi susa til Sandfjellet og det var ikkje heilt tilfeldig...fordi det er då Brit Siv sitt fjell og ho skulle feire sin skitopp nr 100 denne dagen av sesongen. Eg skulle feire at eg var blitt eit år eldre...ikkje så stas!!! Men tur er tur og ein fest i livet kvar gong, i selskapet vårt hadde vi med Ingvald Kvåle og Eivind Tjønneland

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
20.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
19.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
17.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km
Kart    

Isvassnipa ei fjellperle i Jølster og årets flottast skitur!

Dato:
16.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:46t

Isvassnipa har eit forlokkande nydeleg navn og fjellet står for navnet sitt. Det er ein nydeleg fjelltopp midt i Jølster på sørsida av Jølstravatnet. Den ligg der nesten som ein hestesko med vakre Styggevassegga. Eg har lenge hatt lyst til å gå den på ski og vi hadde ein liten plan om denne fjellperla ved første og beste anledning. Planane var også denne helga større enn kva ein kan klare å rekke over...men det er då viktig med ambisjoner!! Valget falt ganske raskt på Isvassnipa og vi bestemte oss for å starte ifrå Åsen. Vi satte att ein bil ved Indre Sandal og ved bommen til skogsvegen der, sidan dagens mål var tenkt som ein fin rundtur på ski. Alle var vi einige om å utnytte dagen og godværet, vi hadde eit rimeleg bedageleg tur tempo. Einaste nokre tidsfristar på Ole >>>

Kart     1 kommentar

Blåfjellet, Jølster

Dato:
15.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:30t
Kart    

Blåfjellet 912

Dato:
11.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,1km

Fin kveldstur ilag med Brit Siv Fimland

Kvannebakknova og Bjørga ved Jostedalsbreen

Dato:
10.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
8:00t
Distanse:
23,2km

Skal være turleiar for denne rundturen søndag 24 April. Ei stund sidan eg har gått heile runda og tenkte at denne dagen måtte bli perfekt for å ta ein rekogniseringstur i forkant. Kjell Lyngstad hadde vore på ein aldri så liten rundtur dagen før på Bings gryte og ein liten svipptur innom Suppehellenipa. Han kunne då fortelle om tidenes silkeføre på breen, då eg var turklar i frå Stardalen slo Kjell følge. Dette er hans bakgård, eit treningsmekka og ei leikegrind i storslått urørt natur.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
09.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Kart