Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

1 Juledag og skitur!!!

Dato:
25.12.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Ein temmeleg roleg julemorgen, med lang frukost og mange kaffekopper. Miram var komt i tv verden ilag med Supervention 1 Ute låg skodda no heilt nede på bøen og det regna bra. Tanken var å ta seg ein aldri så liten løpstur på Larstunstøylen for å lufte vettet! Men eg måtte då sjå ferdig Supervention. Det er berre fantastisk flott å sjå all den nydelege naturen med mennesker som dyrker skigleda i denne filmen http://www.movieream.com/watch-supervention-online-free-streaming-229693 Supervention 2 er like bra :) Ein blir rett og slett motivert etter å sjå noko så flott. Så eg valgte skia....Det regna til topp`s og vinden med ekstremværet Urd som er meldt som verst på kysten, var allerede begynt å ruske på toppen av Eikåsnipa. Det var ikkje heilt det store skiføret, men sidan eg elsker ruskevær så vart det ein god tur likevel, etter ein god >>>

Vesle Olahansfjellet

Dato:
02.12.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,7km

Friskt og fint er det på fjellet i ruskeværet, men det har og sin nydeligaste sjarm då....Eg har stor sans for Bård Løken sine naturbilder og hans tanker og meininger. Han er ein av Norges mest anerkjente naturfotografer. http://harvest.as/artikkel/vinteren.-raskapen-og-lyset Boka Jotunheimen Bill.mrk. 2469 er ein av favorittane mine :) Legger ved nokre gode sitat ifrå boka.

Vesle Olahansfjellet

Dato:
19.11.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,7km

Ein tur for å sjå skiforholda inn mot Grovabreen. Det var ganske så tynt lag og ikkje heilt det optimale skiføret! Men friskt og fint var det likevel! Kom ned til parkeringa, der møtte vi også ein sogning som var lysten på ein skitur.

Kart    

17 Mai feiring på Sandfjellet

Dato:
17.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:09t
Distanse:
10,3km

Stas er det å kunne feire ein sånn dag i fredfull og vakker natur! været var vekslande ifrå regn, tjukk skodde, snøbyger og tilslutt strålande sol. Fleire kom til på toppen medan vi var pynta i skjønn forening av festdrakter. Eg og Brit Siv hadde då Sunnmørs og Sunnfjordbunad. Dei andre bar drakter som Norrøna og Bergans. Eit vakkert skue med alt tilbehør av søljer og Gore-Tex

Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp Jølster og Stryn

Dato:
08.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:32t
Distanse:
13,8km

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det >>>

Kart    

Siste skitur på Eikåsnipa og blålilla ankel!!

Dato:
06.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Nydelege varme dagar og eg tippar dette blir siste skitur denne sesongen på Eikåsnipa. Kunne renne så vidt nedom støylen på nedtur i slush snø. Sidan eg absolutt skulle renne på siste mm snø så enda det med knall og fall og stålkantkutt med ein litt seinare noko blålilla ankel! Men det er då ikkje noko nytt!! Eg kjem ihug det far min som er lærar sa til meg ein gong..."Eg har hatt mange Europakart føre meg framover Janne....men du er det likaste og vil nok forbli det største" Ankelen er framleis fleirfarga :)

Kart    

982 ved Sandfjellet 1249 moh ifrå Naustdal

Dato:
05.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,8km

Fint med ein roleg dag etter første langøkt med joggetur etter operasjon. Litt vind og trått skiføre i dag, men heilt greit. Kjekt å sjå nye stader ilag med eit triveleg turfølge: Brit Siv Fimland, Per Gunnar Fimland, Magnus Fimland og Ole Eilev Fimland

Eikåsnipa

Dato:
03.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Kombinert fot og skitur...Skiføre ifrå støylshøgde på ca 500 moh

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
30.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Det vart ein kombinert ski og fottur idag til Eikåsnipa

Kart    

Nesfjellet i Haukedalen

Dato:
28.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,9km

Planen for ettermiddagen var å ta ein liten passeleg fellestur til Nesfjellet. Brit Siv hadde tenkt å sjå litt på alternative ruter til fjellet og vurdere den som ein skitopp til den nye turboka, Skitoppar i Sunnfjord som er i samarbeid med Fri Flyt og andre fjellglade mennesker i distriktet her. Med litt krøll på jobb for Brit Siv så vart ho og Ina litt forsinka så vi rakk vel aldri i kvarandre på turen. Supert å starte ifrå Nes og følge skogsvegen/Birkeland opp til Nesstølen. Vi kryssa elva ovanfor støylane ved kraftverket, og vidare den fine ryggen opp til toppen.

Kart