Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Bondehaug og Storehaug - Luster

Dato:
12.04.2017
Turtype:
Trugetur
Distanse:
3,6km

Kart    

Kongshaug ++ Vangsnes/Vik

Dato:
01.04.2017
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
4:01t
Distanse:
15,4km

Etter å ha studert yr og funnet ut at det såg litt betre ut i indre strøk. Vart det ein rein impulstur til Vangsnes og eit besøk med overnatting hos systra mi i Balestrand. Det skulle vise seg å være veldig lurt :) Slapp unna regnet, fekk ein solid trimtur på truger og god kvelds. Eg kunne nok med god fordel teke med fjellskia, for snøgrensa låg omtrent på samme høgde som i Jølster.

Kart    

Årets siste topp Eikåsnipa

Dato:
31.12.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Så mildt det har vore og med store nedbørsmengder med regn i forkant av nyttårsaften. Var det fint å spenne på trugene å luffe til toppen med ein flott stjernehimmel! Fint å sjå nyttårsrakettane ved midnatt og på heimtur.

Kart    

Temmelig fuktig trugetur på Eikåsnipa...

Dato:
30.12.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km
Kart    

Selstadheia

Dato:
28.03.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
7,1km

Kart    

Gausnestoppen med noko ubehag!!

Dato:
01.03.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
2,7km

Skogsveg og anleggsveg til Gausnestoppen, ein grei veg å luffe oppover og vidare forbi Gausnesgarden. Topp punktet var ikkje vanskeleg å legge merke til...Likar meg dårleg under sånne linjer og denne gangen var heller ingen unntak! Ekstrem spenning og knitring mellom linjene som var til å føle og kjenne på...merka eit fysisk ubehag og pulsen rasa!! Ellers er det jo alltid kjekt og spennande å finne nye topper og områder!

Kart    

Eikåsnipa og hærleg ruskevær!

Dato:
19.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Meldt storm på kysten og sterk vind i fjellet! Ferdig på jobb og såg det ruska litt på toppane allerede...men det er berre hærleg med vær og vind så lenge ein er kledd og føler seg trygg! Såg fleire på tur nedover idag, som storkosa seg under fine forhold i puddersnø og med skogskøyring på ski ifrå Eikåsnipa.

Eikåsnipa

Dato:
18.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ferdig med dagens turliv på jobb, fint då å komme seg på eigen tur åleine. Komt litt nysnø men skarete endå opp til 500 moh. Derifrå var det fine skiforhold, litt avblåst enkelte stader etter gårsdagens vind. Traff på to jenter på randonee ski og aldri så lite misunnelig på dei...det kribler litt etterkvart å få gå på ski igjen :)

Kart    

Lærerik Observasjonstur på Eikåsnipa

Dato:
13.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
9,8km

Nok ein fin dag med blå himmel, sol og 10 blå også i Førde og 12 i Jølster. Finn Olav Myhren som er rovviltkontakt i Jølster kommune v/Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane ville ta ein tur å sjå på spora utifrå bilda og min observasjon. Finn Olav er over snittet interessert i natur og rovvilt, og derfor vart det ein utruleg positiv og lærerik tur/observasjon ilag. Sidan dette var over tregrensa, kaldt og puddersnø...så hadde ikkje spora utvida seg. Finn Olav seier det kan av og til være vanskeleg å sjå forskjell på ein stor rev og ulv...ein må gjerne følge spora ganske langt for å avsløre. Han såg dette ganske raskt idag utifrå steglengde og det skulle kanskje ha vore eit djupare trykk, men dette er også relativt fordi det kjem ann på kor mykje skaren held kiloen. >>>

Eikåsnipa og kanskje ulvespor!!

Dato:
12.02.2016
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Fin tur på truger, kaldt og vindstille...ovanfor Uppstunstøylen la eg merke til spor over tregrensa, som også var på grensa til at eg lurer på om det kan være ulv som har traska seg ein svipptur forbi...bilder og info har eg gitt til rov viltforvaltar i kommunen. Som selfølgeleg hadde lyst på ein tur til Eikåsnipa i godværet for å sjekke spor imorgon ;) Utifrå bilda kan det være begge deler som ein stor rev eller ulv....Blir spennande å høyre kva han tenker :)