Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Fjell og surf - Hoddevika/Stadlandet

Dato:
28.01.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:31t
Distanse:
7,9km

Kombinasjon hav og fjell er ein stor del av vårt land. Eg har vakse opp ved det vestligaste punktet i noreg og med nordsjøen som nærmaste nabo. Eg har ei stor dragning til havet og bølgene. Men har også lært å sette like stor pris på fjella som utgjere den store kontrasten som vi har i dette landet. Derfor vart lørdagettermiddag og søndag eit fantastisk døgn med opplevelser!

Kart    

Branden

Dato:
28.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
5,8km

Fin føremiddagstur ilag med Lise og Vinjar

Kart    

Rauma: Kalskråtinden og Mongegjura

Dato:
01.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:07t
Distanse:
18,1km

Denne toppen hadde eg og Lise tenkt ei stund at vi skulle gå ilag. Været hadde vore litt ustabilt og det var ikkje dei beste meldingane framover, men denne dagen var vi heldige. Traff Ove, Lise og Vinjar ved parkering, ikkje så langt ifrå der stien startar lengre nede. Den er litt vanskeleg å få auge på, der den begynner rett ifrå hovedveg og i noko tett skog. Ove og Vinjar ville bruke dagen vidare på Rånåkollen. Det vart ein fantastisk fin dag i fjellet og ein nydeleg fin topp er Kalskråtinden. Den vestre toppen lyt bli i eit seinare høve ifrå Venjesdalen. Takker for ein hærleg fjelldag ilag Lise

Treningstur til Kvannebakkbu

Dato:
20.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
17,3km

Har vore litt dårleg vær i det siste og ein soldag er reine skjære vitaminsprøyta! Ei stund sia eg har vore oppom Kvannebakkbu, og lysta var no tilbake for å prøve å springe opp. Kroppen kjennast endelig restituert etter operasjonen tidlegare i år. Ferdig på jobb kl 14.00 så eg hadde framleis ein lang turdag føre meg i godværet. Starta ifrå Befring Kraftstasjon og ved parkeringa lengre oppe, sto det mange bilar. Ferietider, strålande vær og så er det jo ein indrefilet av eit naturområde i Jølster. Eg mumla noko om at det var litt varmt oppe i bakkane, då eg passerte ein turgåar! I forbifarta var han rask å svare at vi kan ikkje klage!! Nei, nei og atter nei og selfølgelig ikkje.... høyrde eg meg sjølv preike på vidare oppover! Skulle berre ønske eg hadde ein liter >>>

Kart    

Gjendealper

Dato:
09.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,2km

Det er alltid kjekt å være fleire på tur! Geir Arne Garm (Gal Krokfot) manglar fortsatt ein del 2000 m toppar som ikkje eg har vore på. Denne helga passa perfekt, men været var noko uryddig for helga. Lenge sidan eg har vore innom 2000 m toppar og eg kjenner alltid ein lengsel etter dei turane. Geir Arne hadde denne gangen planen over ruta og toppane og visste kva eg mangla. Vi tok første båt ifrå Gjendesheim kl 07.45. På båten fekk eg endeleg helse på Jørn Atomsilda (Jørn Håvard Ask) og Odd Arne Madsstuen som begge har samla 2000 moh toppane. Kjekt at dei ville være med på turen. Dei skulle være med over Svartdalspigger, Langedalstind, Mesmogtind og tilslutt Kvitskardtinden. Derifrå var planen til meg og Geir Arne å fortsette til Leirungstind via Svartdalsbandet så til Leirungskampen, vidare ut Kalvehøgda og til Heimdalsmunnen. >>>

Kart    

Larstunstøylen og løpstur

Dato:
21.03.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,5km

Hafstadfjellet

Dato:
05.01.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,4km
Kart    

Atløy rundt og 4 småtoppar

Dato:
15.11.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:41t
Distanse:
2,8km

Hadde sett vekkerklokka på tidleg søndagsmorgon...men var litt usikker på heile turen mot Askvoll pga. dei store nedbørsmengdene. Tenkte litt på den rasutsatte strekninga på vegen utover, men meldingane for dagen var fine ute på kysten. Lysta var stor for å sleppe unna det slapsete føret inne i fjella. Rakk ferja som gjekk 10.05 frå Askvoll sentrum, der det tar ca 15 min over til Gjervik kai på Atløy. Fin parkering til Hovden og god sti som eigentleg såg meir ut som eit lita grov. Traff på ei litt eldre friskare innfødt dame på min tur nedover...ho hadde nok valgt det beste fottøyet idag! støvlar med grove soler. Misunte ho dei der eg kom skliande i såpeglatte tursko som skulle ha vore bra på terreng!! Du må kle på deg "jente" var ordlyden då ho skvatt til... >>>

Kart    

Vassdalsnipa-Vatnaskredfjellet og Tuftanovi

Dato:
18.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:04t
Distanse:
20,5km

Kart    

Nesfjellet og Svartefjellet

Dato:
16.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:45t
Distanse:
12,5km

Ferdig på jobb og vi susa avgårde mot Haukedalen og Hårkollan. Følgde god sti langs Hårklauelva indre og opp Litlebotnen. Superfin haustdag og T-skjorte temperatur i eit nydeleg område. Observerte 3 sauer på turen for bonden som vi parkerte hos, dei var henta heim kunne han fortelle....men hadde stukke til fjells att!! Forstår det godt i godværet og med det prima beitet i høgda :) Turfølge Lise

Kart