Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Kletten i Førde

Dato:
25.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
0,8km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
24.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Ein av dei store naturopplevelsane Vest for Bjørnabreen

Dato:
20.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
18,2km

Ein nydeleg varm sommardag av dei få denne sommaren! Starta frå Esebotnen i turmerka sti ganske så bratt oppover. Stien går like ved toppen med det forlokkande navnet Gulleplet, her var det eit utruleg fint utkiks punkt utover Esebotnen, fjorden og Balestrand senter. Ein del snøfonner att oppover mot toppen, men så pass mjuke, fine å gå. På toppen av Vest for Bjørnabreen er det berre ei vanvittig nydelig utsikt, den svara til forventingane også etter å ha lese rapporten til Arnt arntfla (Arnt Flatmo) Ein tur bortom Keipen høyrer til, dette området har stått høgt på lista lenge og kan anbefalast. Ein godt utnytta dag i vill natur med store kontrastar :)

Tjugatoten i Balestrand

Dato:
19.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
9,0km

Ein utruleg fin og lettgått topp med formidabel utsikt.

Kart    

Endeleg fagre Sollinova i Jølster

Dato:
17.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
8,9km

Første tur mot denne toppen var under ein fjelltrimpost for ca 7 år sidan ilag med Irene, Miriam og Jarle. På grunn av ganske sterk vind og litt utsatt siste del av toppen, ville ikkje Miriam på 12 år til topps. Vi fant ut at me kunne vente på Jarle, som tok siste 100 meterane opp. Sidan har den stått der og venta år etter år på å få sin bestigning :) No var endeleg dagen der og Brit Siv vart med etter jobb. Vi følgde vegen og vidare stien nesten inn til Bakkestøylen. For å sleppe litt vanskeleg kryssing av flaumstor elv som eg hugsar tilbake til lengre oppe i Sollibotnen. Valgte vi å gå opp på austsida av elva og vidare inn på ryggen til Sollinova som er merka sti til. Ein nydeleg fin ettermiddag og kveldstur vart det i urørt og vill Jølster natur. Turfølge Brit Siv

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
14.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Snoadvarden og mini dugnad på Kvannebakkbu

Dato:
13.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
17,2km

Det er noko merkeleg med Snoavarden og Kvannebakkbu....Ein spesiell stad som ein rett og slett berre finn fred og ro! Sommaren har gått så fort og med mykje snø i fjella...så har eg drøya med å ta turen opp til fot`s. Snakka med Joar om han visste noko om snøforholda, heldigvis nevnde han på å ta med stegjern. Dei fekk eg bruk for over snøfonna, den er ikkje så høg men den lille biten var hard og isete. Stille og fredeleg var det her, ingen spor å sjå etter folk og dyr på breen. Sterk og kald vind gjorde beisøkta kortvarig, så eg kosa meg med utsikt, stilla og dugeleg niste, før eg russla ned att til bygda!

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
10.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Galdhøpiggen frå Juvasshytta

Dato:
09.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,8km

Etter løpet Fanaråken opp dagen før, var planen å gå Galdhøpiggen frå Juvasshytta. Vi har alle tre gått den frå Spiterstulen tidlegare og det er alltid kjekt å gå ei ny rute, denne gang via breen. Formiddagen starta med kraftig vind, som roa seg ut på dagen. Solgløtt hadde vi og passeleg fin tur temperatur, men tjukk skodde på toppen. Fint er det då at vi har vore heldige med utsikta og veret på Galdhøpiggen tidlegare :) Ein kosedag på Galdhøpiggen ilag med Miriam og Jarle

Kart    

Juvasshøe

Dato:
06.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
0,8km

Kart