Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa

Dato:
27.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,3km
Kart    

Kveldstur Eikåsnipa

Dato:
26.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,3km
Kart    

Aurlandsdalen på jobb!

Dato:
25.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
10:00t
Distanse:
18,0km

Sidan vi har fokus på fysisk aktivitet som ein del av behandling. Gjekk hovud turen i år til Aurlandsdalen (Norges svar på Grand Canyon) Det er ekstra kjekt å gjennomføre ein så vellykka turdag i nydeleg ver og omgivelsar, der alle greide turmålet :) Har høyrt mykje om Aurlandsdalen av unge, eldre og andre kjente som har brukt dalen aktivt som treningsarena. Når ein reiser langs vegane så er det mange flotte side dalar, men denne er ei spesiell naturperle med eit mangfald som eg ikkje har sett maken til før! Anbefaler på det sterkaste :) Denne har eg verkeleg lyst å gjere om att, men då som ein treningstur frå Vassbygdi via Bjørnestigen og opp til Østerbø.

Blåskavlen 1809 moh

Dato:
24.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
13,8km

Fin kveldstur og fritid for meg sjølv etter at alle var vel innlosjert på Østerbø og klar for Aurlandsdalen neste dag (jobbtur) Hadde lese nokre tur rapportar, deriblandt Olepetter sin rapport. Valgte då å gå via Prest og punkt 1478 moh og angrar ikkje på det. Nydeleg utsikt utover fjorden, cruise trafikken og Aurland sentrum :) Ikkje vanskeleg å finne stien her! Starta frå parkering ved Høgåsen 822 moh nokre km etter Utkikken Stegastein over Aurland og den gamle fjellvegen mot Lærdal. Skilta parkering og turløype. Litt snøfonner att mellom Blåskavl toppane men ellers ganske fint å gå til fots. Flott å sjå Hurrungane i Jotunheimen frå denne kanten:) Gjekk same ruta tilbake i nydeleg solnedgang :) Solo på tur

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
22.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
5,3km
Kart    

Hafstadfjellet

Dato:
21.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
8,8km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
19.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
14,9km
Kart    

Morgentrim til Årheimsfjellet

Dato:
17.06.2014
Turtype:
Fottur
Distanse:
16,1km

Det vart ei overnatting på Stryn skisenter etter ein noko seig retur heimover med kolonnekøyring og venting på at tunnelvasken i Strynefjell tunnelane skulle ta ende.... Kl var blitt 02.30 Gjeeesp!!! Stille og fredeleg var det på Stryn skisenter! kan anbefalast ;) :) For å våkne skikkeleg til siste etappe heim før jobb, tenkte eg det var greit med ein liten morgentrim. Lenge tenkt å ta turen oppom Årheimsfjellet og denne gongen passa det fint. Ein kan og gå frå Stryn sentrum, ein litt kortare tur skal det være sagt!! Køyrde til Oppheim, godt skilta til Årheimsfjellet. Her er det no full drift med skogrydding med hogstmaskiner til det nye veganlegget opp til fjellet Hoven. Der skal det komme eit nytt bygg/restaurant ved Via Ferrata med gondolbane, fekk eg fortalt av grunneigar >>>

Kart    

Ranastøngji og Storebottegge

Dato:
16.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:35t
Distanse:
20,3km

Nok ein nydeleg dag i fjellet :) Køyrde frå Hemsedal og inn Grøndalen. Fortsatte vidare opp Hydalsvegen og til endest av Vavatn, eit spesiellt og fint område! Her er det god sti å følgje opp langs med elva, kryssa den ca ein km lengre oppe og fortsatt vidare i godt varda sti og rute til toppen av Ranastøngji. Nydeleg ver og nesten vindstille på toppen og med eit storslått syn til Jotunheimens topper, då er det berre å ta livet med ro og nyte nistepakken og skuet :) Fortsatte vidare i lettgått stein terreng til toppen av Storebottegge 1829 moh. Retunerte litt tilbake og følgde så ryggen fint ned att ved Lysebotn og inn på stien til utgangspunktet.

Kart    

Skogshorn 1728 moh

Dato:
15.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
10,0km

Kveldstur og start ved Skogshorn parkering, 40 kr i bom avgift. Ein ekstremt godt trakka sti og ein fin, lettgått topp med fantastisk utsikt! Heldig med veret :) Turfølge Johan S

Kart