Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa i fint rufsever!

Dato:
28.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ein tur opp med første sekk ved til vardebål mot vindturbiner i Snøheia området - Sunnfjord og Høyanger kommune.

Kart    

No haster det i Sogn & Fjordane - Vardebål i fjella!

Dato:
24.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ein tur på Eikåsnipa søndag 22 januar i nydelig ver og denne gang for refleksjoner over natur klima, energi, miljø og politisk tankesett i vårt brått så trua nærområde! Firda har i ei rad artiklar skrive om at Eviny, Hydro og Zephyr ønsker å setje opp 50 250 meter høge vindturbinar i fjellområdet mellom Vadheim og Viksdalen. Det høgste fjellet i området heiter Snøheia, og området blir difor ofte omtala berre som Snøheia. 75 prosent av området ligg i Sunnfjord kommune, resten i Høyanger kommune. Dette er berre fortsettelsen for neste planer...Ille er det at utbyggerane går på enkeltvis av dei 25 grunneigarane som seier nei av dei 30. Guleslettene er også utbygd! https://peakbook.org/tour/305300/Fem+fjell+i+Bruheims+rike+%26+Botnane+i+Bremanger.html Vi har eit utvalgt styre som vil kjempe kampen om fjella i Sunnfjord og ytre Sogn. VI TRENG ALLE! ANORAKK MOT DRESS❤️❤️❤️ Måndag >>>

Eikåsnipa

Dato:
21.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ein tur før langvakt kl 11.30 Fint å kjenne sola varme og nydelig krystaller i snøen :)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
17.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Medan Gråveret hang over fjella her inne. Kunne foreldra mine ute på Færøy i Solund. Fortelle at der ute var det ein nydelig og nesten ein flammeaktig solnedgang ute i havgapet.

Kart    

Orkja i fint rufsete ver!

Dato:
05.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
6,5km

Kroppen kjenndest treg idag. Coronaen er framleis ikkje ute av kroppen. Hoste, men ikkje feber. Det kjennast betre eller litt lettare når ein har fått komme seg litt ut i frisk luft. Prøver å halde låg puls og ikkje overdrive aktivitetsnivået. Fin temperatur og ikkje for kaldt. Skal bli fint å komme seg på jobb igjen. Har vore ei langdryg influensa og mange sjuke her rundtomkring.

Kart    

Orkja og fleire på tur! :)

Dato:
03.01.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
6,4km

Fleire kjenningar på tur idag! Fint med spreke folk som trakker gode spor! Kroppen kjennast litt betre idag. Men, kjenner meg på ingen måte i noko kjempeslag. Greit å luffe åleine i eget tempo. Takk fine sambygdinger for gode spor idag og trivelig prat med corona avstand. :)

Kart    

Eikåsnipa - Jølster

Dato:
03.03.2022
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ein fin tur etter jobb og på veg ned til Miriam i Førde. Det skal bli godt med mamma og datter tid igjen!

Kart    

Orkja i fint ruskever!

Dato:
28.02.2022
Turtype:
Trugetur
Distanse:
6,4km

Det var meldt nytt ruskever og mildver. Yr meldte over 20 m/s i kasta på Orkja. Fint å ta turen opp for å kjenne på naturkreftene. :)

Kart    

Høgehesjane - Fjaler

Dato:
21.02.2022
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
5,8km
Kart    

Dyrhovden - Sogndal - Ein tur tilbake!

Dato:
29.12.2021
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
1:47t
Distanse:
6,5km

Har ein eller annen gang vore på Dyrhovden på fjellski. Men, sporlogg og bilder er vekke! Iallefall er det ikkje meir å bruke ressurser på, enn å ta ein tur tilbake. Passelig tur når kroppen kjennast slakk og det er lite snø. Flott russletur på truger og sola kom fram :) Fin tur ilag med Inge

Kart