Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Husefjellet i Solund

Dato:
15.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
1,3km

Ein tur heimom til Solund i godveret må til :) Medan eg venta på att skyssbåten skulle gå ifrå Hersvikbygda, hadde eg tid til ein liten beinstrekk på Husefjellet. Hærleg å nyte utsikta over øyane og havet igjen. Ganske så høg krattskog er det også her i enkelte parti! Eg fekk ein aldri så liten tanke tilbake, på ein heller så minnerik tur eg tidlegare hadde på Krakksnova i Nord Solund :) Forskjellen her, var ein liten sti mellom buskene! Det var det ikkje på Krakksnova...Solund har mykje variert og spennande terreng som ein ikkje bør ta for gitt! https://peakbook.org/tour/157714/Krakksnova+i+Solund+og+%22Urskogturen%22.html

Kart    

Løpstur Eikåsnipa

Dato:
12.09.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
8,0km
Kart    

Høgefjellet i Naustdal som ein fin fjell/treningsrunde!

Dato:
10.09.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
15,0km

Fint å lage sine eigne rundturer i fjella! Ikkje det aller beste veret, men likevel var dette ein topp treningstur og rundtur i nytt terreng :) Fin søndag og fjella for meg sjølv !

Kart    

Svartdalshornet-Eid

Dato:
09.09.2017
Turtype:
Fottur

Fin tur på Svartdalshornet, med flotte haustfargar. Stakk oppom Lotsingane på heimtur for ein liten inspeksjon på den ny restaurerte støylen deira. Fint var det blitt :)

Kart    

Eikåsnipa +

Dato:
08.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Sykkeltur ifrå Førde til Vassenden og ein tur oppom Eikåsnipa på returen. Bilen min måtte ha nye bremseklosser...Klar for nye langturer no :) Må berre legge ved ei nydelig Bon Jovi låt som eg fekk av ein god kamerat :) God Fjellhelg! https://www.youtube.com/watch?v=-nlDy6h-v9c

Kart    

Ein kjekke jobb!

Dato:
05.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
13,0km

På mange vis... Det er alltid kjekt når ein kan få til ein overnattingstur ilag, ein kjem litt tettare på kvarandre, ein får betre tid til å pratast og meir ro over aktivitetane. Det er kjekt å kunne nytte nærmiljøet vårt på ein sånn måte! Og for vår del med start ifrå Årdalsdalen i Jølster. Fantastisk natur og mange muligheiter av friluftslivsaktiviteter for liten og stor. Vi var litt spente på å sjå det nye tilbygget på DNT hytta og fint var det blitt :) Medan vinden ruska ute, hadde vi det rett så trivelig med god varme og fyr i ovnen. Ekstra kjekt var det å bli betre kjent med det trivelige paret som var komt før oss. Ho tidlegare Bioingenør og han psykiater og forfatter av mange fine barne/ungdomsbøker og teaterstykker. Fine variasjoner i samtale emna vart det den >>>

Kart    

Kvannebakknova/Jostedalsbreen- Solnedgang og nesten fullmåne

Dato:
04.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
17,3km

Når veret er som det er... kanskje heller av den ustabile sorten! Då må ein berre nytte seg av øyeblikket der og då. Naturen oppe ved Snoavarden ved Jostedalsbreen er for meg ein stad der naturen er hersker! Her oppe er det hardført, vakkert, til tider gjestmildt, men urørt og vilt er det! Eg føler meg heldig som kan komme meg opp til dette fantastiske natureventyret, på ei rimelig kort tid og innan 2 timar. Noko som gjere til at eg ofte søker freden i sånne omgivelser. Det er heller ingen problem å ta morgenøkta ifrå breen på veg ned og til jobb kl 08.00 Frisk og opplagt blir ein i alle fall til ein ny arbeidsdag :) Denne gangen var det liv og røre oppe ved støylane med sauesanking. Liten og stor var i full driv, sånn skal det være :) Flott var det også å sjå samspelet >>>

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
03.09.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
8,0km

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
31.08.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Tango for to - Austanbotntindtraversen

Dato:
27.08.2017
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
9:48t
Distanse:
10,7km

Strålande vermeldinger ved Sognefjellet denne helga. Det kribler etter å komme seg opp i toppane, klatre og traversere fine tinderygger. Ein kjenner det i blodet og savner så vanvittig den følelsen når det gått ei stund sia sist. Ein er berre rastlaus og får ikkje ro i sinn og kroppen før ein er der og får nyte spenninga og det vakre av det vakraste! Austanbotntintraversen har eg tenkt på lenge. Svein har eg vore på mange fine turar ilag med som t.d Aconcagua, Smørstabbtindtraversen https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html og mange andre fine fellesturar :) Eg sender ei melding...kor er du i helga ? Turtagrø på hytta ilag med Knut. Denne fjellrunda sto på lista til oss begge, Knut hadde klatra den traversen ein gong for lang tid sidan og kanskje fleire! Men var villig å være med oss på ei runde til :) Takk for ein >>>