Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ifrå vindturbiner! Tilbake til kampen mot gondol i Jølster..

Dato:
26.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Kjenner nesten ei avmakt!! Verdensavtalen som nylig vart signert er ikkje verdt noko som helst! Vern av naturen og verdensavtalen eksisterer ikkje i politikken vår. Eller dei har ikkje teke innover seg virkligheita! Forbruk må ned. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/verdens-land-samlet-om-en-naturavtale/id2952178/ Gondolbane i Jølster er eit godt eksempel på dette! Etter å ha jobba aktivt i arbeidsgruppa "Anorakk mot dress" mot vindturbiner på Snøheia i Sunnfjordfjella & Høyangerfjella. Avslutta eg vervet mitt der med eit opprop med vardebrenning som vart nasjonalt ilag med veldig mange andre. Så utruleg mange unike og engasjerte folk rundt om i vårt rike som er engasjerte! Avslutta eit verv som virkelig kunne fortsette! Den kampen er ikkje over! Men, gondolbana i Jølster var plutselig på bane igjen i den nye Sunnfjord kommunen. Gondolbane prosjektet >>>

Hallenuten - Hemsedal

Dato:
16.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Parkerte ved bomveg ved brua. Eindel snø å trakke seg oppover i. Tur ilag med Sunset (Inge Værøy)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
15.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Eikåsnipa - Velkommen heim! Dagen idag!

Dato:
13.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Velkommen heim til Eikås du kjære lille barnebarn. Dagen idag!

Kart    

Hærleg løpstur til Ulvegreina & Dumbetinden - Solund

Dato:
08.05.2023
Turtype:
Løpetur
Distanse:
9,6km

Dette er mitt barndoms rike! Eg hugser vi skulle springe til toppen av Ulvegreina på ungdoms skulen. Dei tankane og følelsane ifrå den gang kom fram på turen min denne gang. Dumbetinden har eg vore på ein gong før i vaksen tid. Det var ein nydelig følelse å småspringe i dette terrenget igjen. Fjella og knausane her ute, er av fjellarten konglomerat. Nydelig følelse igjen å være i dette terrenget ilag med salt havluft. :)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
06.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Kletten & besta

Dato:
05.05.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Lammanuten - Tysvær! Ein fin kombotur & ein 500 pf

Dato:
30.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,9km

Fint med nye fjell og hærleg å trakke avgårde med joggeskoa! Stor parkering til denne fjelltoppen med 50 kr i vipps! Eindel folk å treffe på tur til denne fjelltoppen. Det er ein godt tilrettelagt sti til toppen med grusveg i starten. Det vart ein fin kombinasjonstur med ei treningsøkt på retur! Etter ein fin føremiddagstur til Bynuten & Grytefjellet vart det ein særdeles roleg start opp grusvegen til Lammanuten! Turfølget hadde trøbbel med haglunds hæl. Så ifrå toppen jogga eg ned i mitt tempo! Vått og nysnø ifrå 500 moh

Kart    

Bynuten & Grytefjellet - 500 pf

Dato:
30.04.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
11,6km

Ein populær fjelltopp er både Bynuten og Grytefjellet. Ein heil hærskare av folk var det å møte på returen ifrå Grytefjellet. Liten og stor på blå turbo rev merka fjelltopp. :)

Helgefjell -Rogaland/ Jæren & eit fint fjellområde!

Dato:
29.04.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,2km

Eit flott fjellområde og det vart dagens første tur! Starta ifrå turmerka parkering med eit vekslande ver! Kom opp i skikkelig rufsete vinterver med kraftige vindråser og eindel nysnø på toppen! Det låg også eindel snø igjen i fonner etter seinvinteren. Men, hærleg friskt og ein tur eg synest var flott! Eit fint fjellområde! Var litt usikker på returen fordi det hadde vore fint med rundtur! Men, valgte etterkvart i kulda og vinden å retunere i samme spor!

Kart