Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Slettind - Hemsedal/Lærdal

Dato:
13.02.2023
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
6,4km

Kveldstur på fjellski i eit heller ymse føre! Avblåst og is, skareføre! Har aldri kryssa så lange irriterande lengder på nedfart og til stor frustrasjon@@.... Men, samtidig er det fin øving på fjellskia igjen.

Kart    

Utsikten & Trivselsskogen på Sandane!

Dato:
12.02.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,9km

Ein hærleg fin tur ilag med Miriam. Ein fin luffetur innom Trivselsskogen på Sandane. Med eit besøk innom Dagsturhytta Draumekvila og litt lengre oppom utsikten. Det var mange glade to & firbeinte turvenner på tur i dette området. Forstår at dette er eit populært tilrettelagt område for mange.

Kart    

Morgentur på Eikåsnipa & siste innspurt for vardebrenning!

Dato:
11.02.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Då var dagen komt for siste innspurt til vardebrenning! Veret var ikkje av det aller beste slaget! Men, det skremmer ikkje engasjementet for det ein kjemper for. Nemmelig kampen for å bevare dyrbar natur og ikkje minst det lille mangfaldet som er att. Villmarksbegrepet eksisterer snart ikkje igjen i vårt land. https://snl.no/villmark Ein kjenner på nesten eit sinne, når dei melder i media at no er det rekord transportering av strøm ut av landet vårt. Og når vi går inn på samme tid og sjekker strømprisen vår! "Berre for å sjekke" Så er den ganske høg. Eg skal klare å skru av strømmen i dei romma eg ikkje er i for fellesskapet og det eg har tru på! Klare meg med mindre. Men, det handler ikkje om at vi har for lite kraft i dette landet. Hydro i Høyanger måtte innrømme at dei ikkje treng >>>

Kart    

Vardebrenning for Snøheia & naturen!

Dato:
11.02.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Denne gang kjende eg virkelig på å mobilisere kroppen til ein ny tur etter morgonens første tur i eit heftig ver! Gråkalt ver, vind og våt til skinnet. Forkjøla og trøtt etter jobb! Mange veker i fritida for å moblisere til eit opprop for Snøheia med vardebrenning. I alt og etter dette, kjenner eg eit varmt hjerte for alle dei positive flotte folka som var med utan å vurdere i lange tider! Eg blir med, dette kjemper eg for! Eg er litt usikker! Men, eg vil sette meg meir inn i kva dette handler om! Då snakker vi engasjement! Vardebål, bål og bålpanne. Rådhusa i Sunnfjord & Høyanger = Folkets hus var med + langt over 50 bål ifrå Svalbard i nord til Løvstakken i Sør. Mot slutten var ringverknadane så store at vi ikkje greide å melde inn til den 11.02.21 kl 18. Det seier >>>

Kart    

Rask tur i bakgården!

Dato:
08.02.2023
Turtype:
Fottur

For å klarne tankane og samle trådane i vardebrenning prosjektet! Det regna og bles!

Larstunsstøylen - Eikås

Dato:
06.02.2023
Turtype:
Fottur

Med ved til Vardebål på Hafstadfjellet

Dato:
05.02.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
9,1km

Kombinert fot og trugetur

Kart    

Synnevaskjer 1543 - Vinterlyset!

Dato:
03.02.2023
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
20,6km

Yr hadde meldt regn! Men, det vart eit gnistrande flott vinterland i strålande sol. Blå himmel og 11 blå med 40 cm sånn sirka med mjellsnø å trakke seg til topps!. Starten var mjuk i nypreppa løype ifrå Hodlekve. For så å trakke vidare all den hærlege djupe puddersnøen som låg nesten heilt topps! Inge trakka turen med randoski og eg luffa turen med fjellski. Tanken på tunge telemarks ski til denne turen var ikkje tema. Fjellski var perfekt i all den nydelige nysnøen. :)

Støylsnova i Jølster ved Grovabreen - Legendarisk nedrenn!

Dato:
02.02.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,0km

Hærleg tur etter ein trivelig dag på jobb! Medan tyngda av folk gjekk på Olahansfjellet på motsatt side av dalføret. Så var det nydelig å ha stilla for seg sjølv på den andre sida!

Kart    

Min bakgård i villreinriket ved Bjørndalsstøylen!

Dato:
31.01.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,8km

Mykje tankevirksomheit for tida, ved å jobbe med vern av natur på alle bauer! Omtrent eit steinkast til begge utbyggingsplaner på samme tid med planer for gondolbane i Kjøsnesfjorden/Jølster og til nokre av dei høgste vindturbinane som er laga på 250 meters høgde og ikkje mindre enn 50 stykker. Dette i høgfjellet på over 1000 meters høgde ved Snøheia 1141 i Gaular. Sunnfjord & Høyanger kommune. Det forteller noko om raseringa av fjellområdet Snøheia. Eg var lykkelig då eg høyrde om FNs naturavtale i media rett før jul i 2022. Den lykka var eit ilt oppvekkelse! Skal vi pløye meir fjellområder når FNs natur råd seier STOPP ifrå verdens ledere for å stoppe & reversere naturtapet! Investorer og staten norge seier kynisk ja til å tjene grovt på å legge under seg >>>