Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Søndagstur!

Dato:
14.09.2025
Distanse:
3,4km

Fin tur etter frukost. Lett yr og fin tur ilag med Miriam.

Kart    

Støylen og vask!

Dato:
13.09.2025

Eg og Lale har snakka om tur til støylen og etter middagslur var Lale klar til å plukke blåbær og vaske litt på støylen. Vi skulle ha med pølser på termos og litt sjokolade. Oppe på støylen, henta vi vatn i elva og plukka litt blåbær av det vesle som var igjen rundt støylen. Etter kvart fekk vi vaska inne i selet og etterpå smakte det himmelsk med wiener pølser og sjokolade. Vel nede i beitet måtte vi ha drikke pause i elva og det var noke Lale synest var spennande. Ho fekk vatn på drikkeflaska si, medan besta slurpa i seg rett ifrå elva. Det var stort for den lille som kunne fortelle mamma og pappa at vatnet ifrå elva smakte godt. Så stort at det vart gjenfortalt til pappa neste morgen :)

Djupviknipa - Førde

Dato:
13.09.2025
Distanse:
2,7km

Tur til Førde med litt små ærend! Mykje folk på tur og eit par dugnadsfolk som jobba med stien. Nokre små regndråper undervegs.

Kart    

Venevassegga

Dato:
12.09.2025
Distanse:
9,8km

Kart    

Sandegga ifrå Nyddalsstølen

Dato:
08.09.2025
Distanse:
6,9km

Nydelig ver med sommerfølelse og fint med tur før kveldsvakt. Ekstra kjekt med turfølge av Bodil, Berit og Luna. Godt merka sti til toppen ifrå Nyddalsstølen.Tilbake til Nyddalsstølen hadde eit bonde par, sanka ein henger full med sauer. Det vart ein liten stopp der for trivelig prat.

Kart    

Fremstekåpa,Hjellehyrna,Rygghyrna,Skipedalshyrna & Sætref

Dato:
06.09.2025
Distanse:
26,9km

https://www.youtube.com/watch?v=LROnjfhnZMo&list=RD1oHfnggzIaA&index=2 Det gode livet for meg er å balansere jobben min i 100% stilling i psykisk helse, familieliv med auke i å få lov til å være bestemor med eit stort hjerte. Kunne få lov til å sitte i styret til Sunnfjord naturvernforbund, vere eindel i styret i grendalaget der eg bur, ta vare på den finaste nødbu i Jostedalsbreen nasjonalpark og leve ut trening og fjell livet. Søvn snakker vi om i eit anna kapittel! :) Tenk dine tanker! Dette er mitt genuine engasjement som gir energi for den eg er og det eg vil! :) Midt opp i alt dette, er det min egen refleksjon over å få til nok ein fantastisk langtur i dei unike høgfjell i Jostedalsbreen nasjonalpark. Med godt turfølge og ikkje minst veret som ein av dei viktigaste lagspeler på ein sånn tur! Denne turen vart ein tur, der ein fekk bruke uthaldenheit >>>

Kart    

Orkja - Jølster

Dato:
02.09.2025
Distanse:
3,2km

Fin tur på føremiddag til Orkja ilag med Inge før regnver! Koselig med besøk av Lale på ettermiddag. Planen var å sette opp telt i hagen ilag med Lale. Men, med skikkelig regnver så vart det innekos og telt syssel på kjøkkenet. Det såg ut til at den lille var godt nøgd med leksjon i telt oppsetting. Dette lover bra :) Fin dag ilag med Lale og Inge

Kart    

Duå - Gjemnes

Dato:
01.09.2025
Distanse:
12,0km

Ein fin tur til Molde og retur heim over Trollstigen med lite trafikk!

Kart    

Laletur

Dato:
29.08.2025

Fin tur ilag med Lale som elsker å plukke blåbær. Men, det var lite å finne i bakgården. Til tross for det, var det akkurat nok blåbær til å smake og turen vart kjekk. :)

Høgvagltindane i trollsk skodde!

Dato:
28.08.2025
Distanse:
16,1km

Etter gårsdagens fine tur til Rauddalstindane hadde eg og Brit Siv ein dag igjen før arbeid kaller. Ikkje fullt så heldig med veret og utsikta denne dagen. Men, likevel nok til at ein fekk sjå området rundt, når skodda letta litt på sløret. Vi gjekk litt etter GPS og ura var særdeles glatt å gå i under dagens tur. På Høgvaglbreen var det ein heldig skuleklasse, som fekk prøve seg over breen. Vi traff på dei i skaret mellom Vestre og Midtre Høgvagltinden. Eine breføreren kunne fortelle at det var blitt mykje meir laust og meir steinsprang opp og ved Vestre Høgvagltinden spesielt dei siste åra. Takker for nok ein fin tur Brit Siv

Kart