Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Kongsvollen & Blåtind

Dato:
05.03.2024
Distanse:
9,2km

Nydelig ver og nydelige topper med hav og tindeutsikt! Kontrastane er fine med vår i liane og snø på toppane. Gløymde broddane og fekk litt utfordring med ganske isete skare øverst i stien opp til skaret imellom Kongsvollen og Blåtind. Litt knoting og ommgåing på barmark der. Såg at det kanskje kunne by på litt problem med å komme seg opp på Blåtind. Valgte å gå på Kongsvollen først. Den var nesten fri for snø i solhellinga. Nede i skaret igjen, bestemte eg meg for å prøve å komme meg opp på Blåtind. Brukte ein skarp stein for å hogge nokre spor der det var som hardast å komme seg opp. Det funka som berre det! :) Nydelig å sitte ved varden og skue Sunnmørsalper og kjenne sola varme.

Lidaveten

Dato:
04.03.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Litt trøbbel med kartet

Kart    

Hafstadfjellet - Førde

Dato:
02.03.2024
Distanse:
8,8km

Miriam skulle i bursdags selskap og eg skulle hente ho til kvelden. Mildt og fint med 7 pluss og det vart ein tur til toppen av Hafstadfjellet i påvente av henting. Møtte to personer på veg nedover. Snøsti opp og vind på toppen.

Kart    

Amleholten - Sogndal

Dato:
02.03.2024
Distanse:
4,0km

Fridag og fint med ein tur til Sogndal. Håpte på at det vart barmarkstur opp til toppen av Amleholten. Det var delvis bart og snø/is i stien. Koselig å treffe på Irene og Joar på veg oppover!

Kart