Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Høgåsen - Volda

Dato:
12.03.2022
Turlengde:
0:19t
Distanse:
1,6km

Tur oppom Høgåsen etter tur til Skarphornet & Hornet på heimtur til Jølster.

Kart    

Vardehornet + & ymse føre! Volda/Vanylven

Dato:
11.03.2022
Turlengde:
5:29t
Distanse:
16,3km

Ruskete ver heime i jølstrafjella. Litt dårlig er det då med den optimale skifølelsen med mildver høgt oppe, langvarig og ruskete vindforhold. Då er det kjekt med to fridager! Eit vervindu som seier reis! Opplev kontrastane med telt ute ved kysten og til nye topper i sunnmørsfjella. Forholda var eigentlig ganske så likt som heime oppe i toppane. Turen gjekk stort sett unna til fots på is og skare. Truger var ei lettvint bør der vi traska til fots og ikkje feil på siste føret lengre nede i lia.

Kart    

Kombinert tur til Orkja ifrå tunet!

Dato:
07.03.2022
Distanse:
22,6km

Sykkeltur opp til skytterhuset i Myklebustdalen. Snøføre i vegen, sette ein stopper for min sykkel. Derifrå lett jogg, før vidare truger til toppen av Orkja. Samme i retur!

Kart    

Blåfjellet - Leikanger/Sogndal

Dato:
06.03.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:36t
Distanse:
9,6km

Kart    

Bolsetnipa i Jølster

Dato:
04.03.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:16t
Distanse:
12,6km

Lenge sidan tur til Bolsetnipa og då må den ha eit besøk. Skare snø oppom støylane og vidare silkesnø og solvarme! Fin tur ilag med Inge. Einaste uro var to litt rare propellfly som flaug rett over oss og nordover! Har ikkje sett sånne fly tidlegare.

Kart    

Eikåsnipa - Jølster

Dato:
03.03.2022
Turtype:
Trugetur
Distanse:
5,2km

Ein fin tur etter jobb og på veg ned til Miriam i Førde. Det skal bli godt med mamma og datter tid igjen!

Kart    

Orkja i fint ruskever!

Dato:
28.02.2022
Turtype:
Trugetur
Distanse:
6,4km

Det var meldt nytt ruskever og mildver. Yr meldte over 20 m/s i kasta på Orkja. Fint å ta turen opp for å kjenne på naturkreftene. :)

Kart    

Øvre Salen - Lærdal - Nydelig dag! :)

Dato:
27.02.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:04t
Distanse:
11,0km

Etter ein litt knotete tur opp på Søre Knipen med heller lite sikt og kraftig vind. Var det vidare superfint med planlagt kveld og natt i bilen til neste tur Øvre Salen. Kvelden vart nytta til å mimre filmen Fjolls til fjells. Eg trur det måtte komme som ein etterfølge av fallet i vindgryta på veg ned ifrå Søre Knipen :) Digger berre den filmen som var påskefilm nr 1 og med den legendariske hærlege Leif Juster i hovedrollen som hotellbestyrer Poppe. :) https://www.youtube.com/watch?v=v0dGJ3R7f_M Yr hadde lova litt meir sikt og sol med påfølgande kuling på toppane denne dagen. Heilt greit, vind kan være fin musikk og nytelse å skue for øyre og syn. Gleda meg stort til å få nyte dagen med skue til gromtoppane i horisonten.

Kart    

Søre- Knipen - Årdal /Sør-vest Jotunheimen

Dato:
26.02.2022
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:49t
Distanse:
8,9km

Det vart ein tur med skjerpa sanser! Null sikt, vind og gps styring for å komme på toppen. Planen var begge toppane, men det var ikkje aktuelt i dette veret og føret! Eg har faktisk ganske så stor sans for desse turane også. På nedrennet tenkte eg at spora var kjekke å følge, men eg lyg ikkje når dei heldt meir enn ca halvmeteren undervegs! Fallet i ein vindskavl på nedrennet var nesten komisk! Eg var eigentlig obs på faren i forkant i samme spor som opp! Men, brått var den der med 2 meter ned. Med heldigvis ei mjuk snølanding :) Det vart med Søre Knipen og Graveskarnosi 1532 moh blir til fots i forbifarten ved neste høve :) Fin tur ilag med Inge

Kart    

Sanddalsfjellet i Jølster - Kortreist! :)

Dato:
25.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:25t
Distanse:
7,6km

Nydelig tur til Sanddalsfjellet og legendarisk skiføre! Snakke meg om lykkefølelse i sånne omgivelser, stemning og lys. Ikkje minst silkeføre i nedrennet på heimtur :)

Kart