Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Fin vårtur på Hatlesetnipa

Dato:
28.02.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
5,1km

Kart    

Viafjellet/Førde

Dato:
27.02.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,3km

Fin ettermiddagstur ilag med Brit Siv. Lite å sjå ifrå toppen idag, då det begynte å lave ned med snø på ca 500 moh.

Kart    

Kleivafjellet/Jølster og Vikastøylen

Dato:
26.02.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,1km

Planen idag var å fotografere Vikastøylen. Det gjekk fint å gå til fots opp på støylen. Vidare i vårleg slush snø til toppen av Kleivafjellet. Eit nydelig fint utkiksfjell til store deler av jølstrabygda. Ganske så vårleg temperatur 7-10 grader pluss. Trivelig turfølge med Knut Skurtveit. Min tangopartner på dei fine topper :)

Kart    

Kyrnosa & Nipa - Vågsøy/Vanylven

Dato:
24.02.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
7,2km
Kart    

Storm ved Stadlandet - Berstadhornet ++

Dato:
23.02.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:29t
Distanse:
10,5km

Hoddevika og fjella ved Stadtlandet er ein av dei plassane som for meg betyr mykje. Storhavet, naturkreftene og den nakne barske naturen tiltaler stort. Her ute er det fint å suse rundt på toppane og heile tida ha vidsynet ut mot storhavet. Kanskje det betyr mykje, fordi eg har vakse opp i karrige omgivelsar der vest. Ein finn i alle fall fred her ute til havdønningane og vinden som herskar! Var lysten til å prøve surfebrettet igjen, det er ei fin tid å surfe på denne tida når vinterstormane regjerer! Kjekt var det også å avslutte dagen med ei fin fjellrunde til ein nydelig solnedgang. Kveldsmaten var havdønningar, betasuppe, kvitvin og stjernehimmelen ilag med konturane av fjella som stig beint opp ifrå havet!

Kart    

Erviknobba - Eid

Dato:
22.02.2019
Turlengde:
1:08t
Distanse:
4,8km
Kart    

Grønstadliheia - Fjaler

Dato:
21.02.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:52t
Distanse:
4,8km
Kart    

Arsteinheia/Fjaler

Dato:
21.02.2019
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:40t
Distanse:
4,4km

Etter å ha testa nabo toppen Vardeheia, som ligg berre eit steinkast unna litt tidlegare i vinter. Då på telemarkski, gjennom ei heftig granskog løype! Og på jakt etter pudder i ytre strøk! Kanskje var eg førstemann med det utstyret til den toppen i akkurat den løypa!! Lønn for strevet fekk eg i djupsnø i ca 15 minutt og 100 høgdemeter over skoggrensa i ein halvmeter sukkersnø. Og tilslutt ein temmelig avblåst topp. Trur all snø hadde samla seg i eit belte rundt toppen. Eg fant ut at det vart litt ekstra tidkrevande prosjekt å komme seg bort til den andre toppen Arsteinheia 446 moh. Desse to toppane er nok mest naturleg å gå på i samme runde :) Men tanken var tenkt for lenge sidan at det skal bli kjekt å gå Arsteinheia ifrå den andre sida/Indre Åsnes og då med joggesko. >>>

Ramsgrønova & Flateheia- Hyllestad/Fjaler

Dato:
20.02.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
10,5km

Når skiforholda skrantar her inne i Jølstrafjella, er det fint å vite at det er meir barmark og joggeskoføre ikkje så langt ifrå der ute! Fin og roleg rundtur i vårsola :) Nydelig å sjå snøklokkene blomstre der ute, men det gjere dei for så vidt på Eikås i Jølster også...

Kart    

Kletten x 3 & Amundsen

Dato:
19.02.2019
Turtype:
Løpetur
Distanse:
2,4km

Nokre av dagens fine øyeblikk :)

Kart