Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Larstunsstøylen

Dato:
09.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,6km

Eikåsnipa

Dato:
08.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart    

Fanaråken opp

Dato:
06.08.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
16,8km

Etter ei heftig regn natt i telt, var det berre lett yr og skodde som dreiv ved konkurransestart kl 11.00. Løpsværet var ikkje så aller verst! Raskaste dame vart Annie Bersagel 1.09.34 og for menn Joel Dyrhovden på 1.00.50 http://www.kondis.no/annie-bersagel-og-joel-dyrhovden-vann-fanaraaken-opp.5896077-127693.html

Kart    

Skagastølsdalen

Dato:
05.08.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,7km

Reiste til Turtagrø etter jobb, ved rask bestemmelse på å springe Fannaråken opp. Eg burde jo ha eit løp denne sesongen før Skåla, som skulle gå helga etterpå. Meldingane for helga var ikkje noko særleg og motivasjonen var sånn passeleg. Sjølv om eg endeleg var restituert etter operasjonen i vinter. Kom inn til Turtagrø og det var mykje igjen av kvelden, bestemte meg for å ta ein lett joggetur inn Skagastølsdalen. Litt folk var det å treffe på tur, men få telt og ganske roleg! Fint å sitte ei stund inne ved Skagadalshytta og nyte stilla før retur til telt.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
04.08.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
7,9km
Kart    

Kveldstur på Eikåsnipa

Dato:
03.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Fin kveldstur ilag med Miriam

Kart    

Treningstur til Trollebottsegga 1245 Jølster/Naustdal

Dato:
03.08.2016
Turlengde:
3:08t
Distanse:
13,6km

Har lenge tenkt på å få med Trollebottsegga 1245 moh og det vart ein rein impulstur idag. Ei god treningsøkt på føremiddag vart det, med eit strålande vær og mange på tur i dette området som ligg i Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde. Mange valgte å snu oppe ved snøfonnene ved Stigsvatnet og var fornøgd med det. Medan andre benytta seg av båt og fiskemuligheitene her oppe. Dette er eit spesielt, vilt og vakkert område. Hadde det ikkje vore for dei bra snøfonnene som ligg att framleis i høgda, eit noko slitt skotøy og ikkje minst middags lovnaden til Miriam etter jobb! Så ville eg fortsette turen bortom til Grønlifjellet 1385 moh. Men er glad for dagens treningstur åleine mot toppen og ellers ilag med så mange blide og fornøgde turmennesker i alle aldrer!

Kart    

Leirvågfjellet/Sula

Dato:
02.08.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,0km

Kart    

Rauma: Kalskråtinden og Mongegjura

Dato:
01.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:07t
Distanse:
18,1km

Denne toppen hadde eg og Lise tenkt ei stund at vi skulle gå ilag. Været hadde vore litt ustabilt og det var ikkje dei beste meldingane framover, men denne dagen var vi heldige. Traff Ove, Lise og Vinjar ved parkering, ikkje så langt ifrå der stien startar lengre nede. Den er litt vanskeleg å få auge på, der den begynner rett ifrå hovedveg og i noko tett skog. Ove og Vinjar ville bruke dagen vidare på Rånåkollen. Det vart ein fantastisk fin dag i fjellet og ein nydeleg fin topp er Kalskråtinden. Den vestre toppen lyt bli i eit seinare høve ifrå Venjesdalen. Takker for ein hærleg fjelldag ilag Lise