Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Bystien i Førde

Dato:
13.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,7km

Kveldstur

Kart    

Forandring fryder...

Dato:
12.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Roleg tur på Eikåsnipa etter Storehesten og Heilevangmassivet. Mot toppen møtte eg to fine kaniner :) Måtte oppom å skrive meg i boka og litt tid må eg alltid ha til å nyte den fine utsikta der oppe. Registrerte raskt at det noko feilplaserte skiltet var komt litt betre til rettes, av ein eller anna grunn ;) :) Kjekt å russle ned att ilag :)

Storehesten og Heilevangmassivet

Dato:
11.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:20t
Distanse:
23,6km

Hadde lenge tenkt at eg skulle ta turen til fots og denne gang som ein løpstur via Kvamshesten til Blægja tur/retur. Den er også fin som ein skitur, meldingane for dagen var lettskya og sol. Køyrde mot Bygstad søndags morgen og på veg utover fekk eg melding ifrå Brit Siv, ho var på veg til Blægja frå Rørvika. Eg er på veg ifrå den andre kanten...kanskje vi treffast på toppen av Blægja då!! Parkerte ved bommen på Kårstad og som for øvrig kostar kr 50 Eg sparte dei pengane og starta løpstur på grusveg derifrå, det er asfalt opp til bommen. At eg hadde 6 kg i sekken mot 2.5 som eg har brukt på løp, kjende eg oppover men synest eg hadde fin driv og kroppen var lett. Traff ein eldre kar på toppen av Kvamshesten og fleire var på veg oppover, det er ein populær topp og >>>

Rundtur Eikåsnipa

Dato:
10.10.2015
Distanse:
8,9km

Hadde tenkt løpstur...men sidan det var så nydelege haustfargar, mange fine foto motiv, venner og kjente på tur idag....så vart det med ei stykkevis og delt løps økt. Varm og fin temperatur i sola så lenge ein er i bevegelse, men kjenner den skarpe haustlufta etterkvart.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
09.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Kart    

Skjorta frå Førde

Dato:
08.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
12,2km

Eigentleg var planen idag å få avspasere dei to siste timane ifrå jobb, for å ta ein tenkt løpstur til Storehesten 1209 moh og Blægja 1304 moh. Det meste skjer på jobb når ein har sånne tankar og det var også meldt noko meir regn i ytre. Så då vart det med plan B å gå ifrå Førde, ei ny rute frå den alternative som eg brukar ved å starte frå E-39 via Helgheim og Vasskaret. Nydelege haustfargar mellom bratte fjell og fint turver, sjølv om det såg litt truandes ut med regn. Følgde delvis kraftvegen og sti i raset opp ved den tørrlagde Nydalselva. Bratt oppstigning men heilt supert å få raske høgdemeter. Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!

Kart    

Larstunsstøylen og Holten

Dato:
07.10.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,1km
Kart    

Med Lærestudent og Salutogenese på Litlehesten

Dato:
06.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
11,0km

Ekstra kjekt er det når vi får engasjerte studentar med på jobb. Max er sjukepleierstudent, 25 år og over snittet interessert i friluftsliv. Dei har nett lært om Salutogenese...Teorien om den fysisk og psykiske læra og kva som fremmar god helse, mestring og velvære for det enkelte individ. Kva er då betre enn å bruke naturen som terapirom og mestrings arena :) Superfin dag med topp mål, mestring og mål oppnåelse for både den eine og den andre....;) :)

Kart    

Blånipa i Florø

Dato:
05.10.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:04t
Distanse:
13,3km

Fin tur etter jobb og vi rakk akkurat å få med ein nydeleg solnedgang frå toppen. Turfølge Brit Siv

Kart    

Ulriken

Dato:
03.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,3km

Sidan Miriam kunne tenke seg å gå på Ulriken og ingen hadde vore der før, vart det ein passeleg fin tur til alt anna som skal nåast når ein først er i Bergen. Fint å sleppe bilkøyring så vi tok buss nr 12 frå festplassen i sentrum og opp til Montana ved Haukeland. Godt skilt merking frå buss stopp til bil parkering og startutgangspunktet for Ulriken. Mykje folk på tur ein lørdag, nesten kø på veg ned att :) Miriam og Jarle var turfølge

Kart