Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Rotterace for å rekke båten

Dato:
23.08.2015
Kart    

Slettmarkhøe

Dato:
22.08.2015
Kart    

Årdal: Skorsfjellet og Bøttejuv på veg til Slettmarkpiggen +

Dato:
21.08.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,2km

Gode meldingar for helga og fine forhold på stortoppane! Lise skulle til Aurlandsdalen og eg skulle treffe Geir Arne på Gjendesheim for å nå nokre fleire fine 2000 moh toppar i samlinga. Då passa det jo fint å ta ein felles fjelltopp ilag, mellom all trøyttande bilkøyring.

Kart    

Ein av dei store naturopplevelsane Vest for Bjørnabreen

Dato:
20.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
18,2km

Ein nydeleg varm sommardag av dei få denne sommaren! Starta frå Esebotnen i turmerka sti ganske så bratt oppover. Stien går like ved toppen med det forlokkande navnet Gulleplet, her var det eit utruleg fint utkiks punkt utover Esebotnen, fjorden og Balestrand senter. Ein del snøfonner att oppover mot toppen, men så pass mjuke, fine å gå. På toppen av Vest for Bjørnabreen er det berre ei vanvittig nydelig utsikt, den svara til forventingane også etter å ha lese rapporten til Arnt arntfla (Arnt Flatmo) Ein tur bortom Keipen høyrer til, dette området har stått høgt på lista lenge og kan anbefalast. Ein godt utnytta dag i vill natur med store kontrastar :)

Tjugatoten i Balestrand

Dato:
19.08.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
9,0km

Ein utruleg fin og lettgått topp med formidabel utsikt.

Kart    

Fjelltrim i Jølster og Pissaren!

Dato:
18.08.2015
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,0km

Har høyrt mykje om den, men aldri blitt tur der iløpet av alle åra eg har budd i Jølster. Derfor er det ein god ting med fjelltrimpostar i Kommunane og den dugnaden som blir lagt ned her i Jølster er berre super på det. Men den rekk stort sett berre litt av lokalbefolkninga i dette tiltaket. Kommunen vår er dårleg på å merke, tilrettelegge på lågterskelnivå og til dels gjere kjent kva som finnast av naturperler for lokalbefolkning og turistar. I det vi kan kalle ein fjellkommune der vi også er eindel av storslåtte Jostedalsbreen Nasjonalpark i ein vill og nesten urørt natur, som etterkvart er ei svært ettertrakta vare. Jølster ligg også som eit knytepunkt med E-39 gjennom det heile. Denne turen og området er spesiell og ei utruleg flott naturperle!

Endeleg fagre Sollinova i Jølster

Dato:
17.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
8,9km

Første tur mot denne toppen var under ein fjelltrimpost for ca 7 år sidan ilag med Irene Irva (Irene Vassdal) Miriam og Jarle. På grunn av ganske sterk vind og litt utsatt siste del av toppen, ville ikkje Miriam på 12 år til topps. Vi fant ut at me kunne vente på Jarle, som tok siste 100 meterane opp. Sidan har den stått der og venta år etter år på å få sin bestigning :) No var endeleg dagen der og Brit Siv vart med etter jobb. Vi følgde vegen og vidare stien nesten inn til Bakkestøylen. For å sleppe litt vanskeleg kryssing av flaumstor elv som eg hugsar tilbake til lengre oppe i Sollibotnen. Valgte vi å gå opp på austsida av elva og vidare inn på ryggen til Sollinova som er merka sti til. Ein nydeleg fin ettermiddag og kveldstur vart det i urørt og vill Jølster natur. Turfølge Brit Siv

Kart    

Holten og Larstunsstøylen

Dato:
16.08.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,1km
Kart    

"Festløpet" Skåla Opp

Dato:
15.08.2015
Turtype:
Løpetur
Distanse:
16,6km

Køyrde frå Jølster lørdags morgen kl 07.00...Nydeleg ver og flott morgenstemning. Over 1700 mennesker deltok på tur til topps, det må eg seie er folkehelse på topp :) Fint ver, varm temperatur allerede på morgen og sterk vind...og ein rekna ikkje med nye perser denne dagen. Fornøgd var eg sjølv med løpet ettersom eg i år har slitt med allergi, forkjølingar og pust. Kjekt var det å ta norsk tredjeplass i klasse til tross for at Antonella Wyatt var utilnærmeleg i tid og 2 plass gjekk til Timea Meryni. Manglar høgaste topp punktet på Skåla...så vi måtte ein gjeng ( fleire peakbookerar) bortom høgaste topp punktet Stryneskåla etter løpet, i godværet :)

Eikåsnipa

Dato:
14.08.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km
Kart