Eldedalsbreen til fots - Jostedalsbreen - Luster (20.07.2025)
| Bestigninger | Eldedalsbreen (1673moh) | 20.07.2025 12:22 |
|---|
Hadde grubla litt på ulike ruter til fots opp til Eldedalsbreen 1673 moh Lite informasjon å finne om denne toppen & breen.
Det å finne låg som dette på Wikipedia
"Eldedalsbreen er en isbre i Luster kommune i Vestland som ligger like ovenfor bygda Veitastrond. Den ligger like øst for Svardalsbreen og mellom Svardalen i nord og Eldedalen i sør. Toppen, som ikke lenger er dekket av permanent is, ligger 1 673 meter over havet."
Wikipedia
Litt tidlegare var eg inn til Veitastrond for å studerte ulike oppganger i dette terrenget.
Det kunne sjå ut til at det gjekk å trakke seg opp ved Bjørnskreda ifrå anleggs vegen som går til Svardalen og Svardalsnovi.
Ryggen på Bjørnskreda og vidare via Svardalsnovi såg spennande ut!
Ein varm dag i juli vart Inge med og det såg ut til å være ein lovande dag for tur til Eldedalsbreen.
På veg innover mot Veitastrond kom det brått ein kar på moped utifrå ein gard, på motsatt side av Bjørnskreda og elva.
Eg valgte å stoppe denne karen for spørre han litt ut, om det fantast noko rute opp til Eldedalsbreen.
Han kunne kvittere med, at det var ingen han kjente som hadde gått opp i det området ved Bjørnskreda.
Han visste eigentlig ikkje om nokon rute til denne toppen.
Det einaste kunne være ein kamerat som hadde gått opp ein rygg mot Blånov ved Eldedalen. Han kjente heller ikkje til at han hadde gått lengre!
Det vart heilsnu på planane opp Bjørnskreda, og det gjekk mot ein reserve plan om å prøve ut å gå inn heile Eldedalen opp slukta ved Kvitladalen.
Turen gjekk fint heilt inn til støylane ved Kvitladalen med eit utruleg flott naturområde.
Derifrå var det eit kronglete terreng med krattskog, elveleier og mykje ur. Det var vanskelig å finne eit fornuftig trakk.
Etter eindel bushing i krattskog, laga det seg eit fantastisk terreng vidare opp mot Kvitlabreen og ryggen vidare opp til Eldedalsbreen.










Kommentarer