Fossengarden i Erdalen! Sunnfjords svar på Fuglesteg (05.01.2016)
Startsted | Erdalen |
---|---|
Sluttsted | Erdalen |
Turtype | Fottur |
Min arbeidskollega Hilmar har vore oppe på denne fjellgarden tidlegare med barnas turlag og sine born. Han har snakka om denne garden lenge og endeleg laga det seg eit høve til å ta med Dagsenteret på tur her. Det finnast ingen sti merkingar til denne garden, så ein må nesten vite kor det startar og at den finnast der. Det beste utgangspunktet er å køyre inn vegen langs Erdøla og inn til det siste bustadhuset og parkere på den store grusbana. Så starte i stien ved løypestrengen som går opp til Kleivagarden. Gløymde Gps denne gangen så det får bli i eit neste høve....Både på Fossengarden og Kleivagarden har det vore busetnad så langt fram som til 70-80 talet, noko som er imponerande. Å vandre rundt mellom desse gamle bygningane med dei eineståande murane, var fantastisk! Det skulle vore artig å treffe på den som hadde gjort dette meister arbeidet!
User comments